04.12.2010

Allereie desember, sa du....?

Laber oppdateringsfrekvens hos dei nesten vaksne damene for tida. Eg for min del kan ikkje anna enn skulde på mange ubetalte jobbar og stort pensum. Og lite kreativitet. 

For å bøte på skadene postar eg årets vakraste julelåt, med den nydelege og karakteristiske Coldplay-sounden. (Eg har prøvd å finne eit godt norsk synonym for sound, men enno ikkje funne det. Hjelp meg om du kan.)



Ikkje julete nok, meiner du? Vel, den er julete nok for meg. Lenge leve Coldplay! Og la det kome eit album snart, ver so snill. 


25.10.2010

Manda' morra blues

Du veit du har gjort ein god start når du fyrst klarer å kløyve auga knappe tre timar etter at klokka ringde, du et sjokolade til frukost, og du allereie av erfaring veit at springing i dunjakke for å nå eit møte er ein dårleg ide. 

Heretter kan veka berre gå éin veg.



21.10.2010

Hjalmar gikk på skolen i fjerde...

Eg likar ikkje reklame. Difor ser eg heller ikkje mykje reklame på fjernsyn. Som oftast nyttar eg denne tida til å skifte kanal, gå på do, hente meir mat, lese ei avis, og så bortetter. 

Men ofte blir reklama ståande på i bakgrunnen når eg ordnar alle mine gjeremål. Og i lengre tid har eg høyrt på songen nytta i ei Lindex-reklame, og tenkt: "Det var då ein grådig pussig tekst....?" Men kunstnarleg fridom skal jo alle få lov å nytte seg av, så dersom nokon vil lage pussige refreng, skal ikkje eg legge meg opp i det. 

Det var ikkje før i førre veka, når ein blid kar i P3 sa namnet på låta, eg skjønte at dama syng "I'm not a robot...." og ikkje " I'm not a road- block...."


11.10.2010

Haust

Så var hausten komt. Ungane blir fulle av ull igjen.

Bergen

Best med eller uten guide?


04.10.2010

Miljøbevisst?

Bilde lånt herifrå 


Sjølv om det er lenge sidan eg sist var i nokonlunde aktivitet her inne, vel eg å starte med ein aldri so liten brannfakkel, og satse på at eg ikkje skremer vekk nokon likevel.

Paul McCartney er ein av mange som frontar kampanjen "Kjøttfri mandag". Ideen går ut på at dersom ein person går over til å ete ein vegetarrett i veka, vil han eller ho redusere sitt CO2-utslepp med utrulege 170 kilo i året! Dersom alle nordmenn gjer dette, vil det tilsvare utsleppa til 360.000 bilar. Og for meg som er litt over gjennomsnittet glad i kildesortering og andre enkle miljøtiltak, er dette som musikk i øyra. 

No er dette kanskje enklare for meg å gjennomføre enn for andre. Dersom eg tenkjer tilbake på middagane i min barndom og ungdom, hugsar eg berre annakvar dag med hjortekjøt og fårikål, avbrote av nokre klubbemiddagar innimellom. (Dette er ikkje din feil, mor!) Men med ein pappa som går litt meir på jakt enn dei fleste, og i tillegg tek med seg mat som nesten er utgått på dato heim frå Gilde-jobben sin nesten kvar einaste dag, so seier det seg sjølv at eg sette pris på dei fiskemåltida vi hadde.

Dette har ført til at eg som vaksen (?), aleineboande og sjølvbestemmande kan telje antal kjøtmiddagar tilbredt på hybel på éi hand. Her i huset går det i kylling og fisk. Fyrst og fremst ikkje av miljøhensyn, men to fluger seier vi jo ikkje nei til!

Nettsida Kjøttfri mandag gjev deg gode og enkle oppskrifter på vegetarmat. Du kan til og med få oppskrifter på mail. Vegetarmat er ikkje kjipt, det er godt! 

Verdt eit forsøk? 

30.08.2010

Askeskya er historie

Askeskya er vel historie no, så eg skal om to veke prøve på nytt !

Gleda meg enromt :janne! :)

29.08.2010

Eg e' fuggl eg!

O store Bergen har jo fått ny O store Bybane. Høyrd om den? Vogner som kræsjar både med kvarandre, sporvekslar og bilar allereie før den er komen i drift, og passasjerar som klikkar i vinkel både på kvarandre og på sjåførar fordi vognene er for få og stoppetida er for kort, betalingssystetmet er vanskeleg og dei kjem like mykje for seint til jobben som dei gjorde når dei tok bussen.

Alle til lags kan ingjen gjera. I alle fall ikkje når det kjem til bergenserar. 

Men kva gjer ein for å gjere forståinga for dette nye o store bybanesystemet lettare? Jo, ein tek to gamle avdanka heltar, ein frå barne-tv og ein som skulle ha vore i barne-tv, og let dei gjennom bilder og lyd forklare alt slik at sjølv molletne kanarifuglar forstår det. Møt dei nye bestekompisane Herman og Gullars. 

26.08.2010

August

Etter ein heller lang bloggepause, også kalla sommar, er denne halvdelen av NestenVaksen tilbake til den same by, og kvardagen har så smått starta å innhente meg. 

Eg hadde eigentleg tenkt å lage eit langt og billedrikt innlegg der eg oppsummerte mine 8 veker i Nordfjord med flotte illustrasjonar, artige kommentarar og løgne anekdoter, slik at gud og kvarmann kunne bli oppdaterte på kva eg har styrt med denne sommaren. Dette var før eg såg at fotografiapparatet mitt inneheld tre bilder tekne etter 23. juni (heimreisedato); to av ei ripsbusk og eitt av fotskammelen på ein lenestol, teke litt på skrå og tydelegvis i fart. Ingen av dei er tekne av meg. 


Derfor vel eg å oppsummere sommaren 2010 på denne måten:

  • 8 veker ferie
  • 7 veker jobbing
  • 5 dagar sol


I gjennom desse 7 vekene med regnver og jobbing, er det gamle podcastar av RadioResepsjonen som har heldt humøret mitt oppe. Eg vart mildt sagt både skuffa og vonbroten då dei la inn radioårane, men ser med spenning fram til dei kjem over på eit nytt medie (NRK3) 27.oktober. Og det lovar godt, i alle fall om ein skal døme etter denne videosnutten som er henta frå denne sida.

 

20.08.2010

Reise tips til :janne











:janne: Du får kjøpt ein slik og mange andre lure effekta til bussturen på denne sida.

19.08.2010

Vanilla cupcakes















150 g smør
2 dl sukker
3 egg
4 dl mel
1 ss vaniljesukker
2 ts bakepulver
2 ss vaniljekesam
2-4 dl fløte eller h-melk

 

Bland sukker og smør til en luftig smørkrem. Ha i ett og ett egg, pisk godt mellom hvert egg. Bland mel, vaniljesukker og bakepulver. Rør inn dette samtidigs som du sper inn med følte. Ha i kesam. Mix godt.

Sett ovnen på 170 grader varmluft...ca 13 min... .

Vanilje Frosting

150 g smør
5 dl melis
2 ts vaniljesukker
3 ss melk/fløte

Mix smør og vaniljesukker til det blir en luftig krem. Ha i melis og melk. For å få smak i vaniljefrostingen kan man bruke forskjellige essenser.

17.08.2010

"Mitt o store sommardessert"-tips!

Biletet og oppskrifta er henta frå www.melk.no                             




















Ingredienser

  • Paibunn: 
  • 3 dl hvetemel
  • 100 g smør
  • 1 dl sukker
  • 3 ss vann
  • Fyll: 
  • ½ l ferdig vaniljekrem
  • 1 pk bringebær
  • Bringebær, rips og blåbær

 

Fremgangsmåte

I stekeovn i 200 °C i 25 - 30 minutter.

Kjør alle ingrediensene til paibunnen i en kjøkkenmaskin eller smuldre det sammen med fingrene. Ta av litt av deigen til å lage gitter på toppen. Trykk ut resten av deigen i en smurt paiform eller en springform 24 cm i diameter. Prikk bunnen med en gaffel for å unngå luftbobler. Forstek paiskallet i 10 minutter. Avkjøl litt før vaniljekremen fordeles på paibunnen. Dryss over bringebær, rips og blåbær. Kjevl ut remser av den overflødige deigen og legg dette i et gitter over paien. Stek videre i 15 - 20 minutter. Avkjøles. Pyntes med litt friske jordbær og et lett melisdryss før servering.

Havrebrød

5 dl vatn
5 dl mjølk
200 g havregryn
100 g havrekli
8 dl kveitemjøl
1 pk gjær
1 ts salt
1 ts sukker
4 ss rapsolje

Deiga hevast 45 min, etterhevast 30 min.
Steikast på 200 grader i 45-60 min.
Test: Bank på brødet. Hol lyd? FERDIG :D

Her vil eg og sitte på!

Uheldig bilist?














Kaurde bak tømmerbil i lengre tid i dag tidlig. Etter kvart nådde vi igjen ein anna tømmerbil. Stakkars bilist  i midten! Håpa han har hjarte i behald.

Soria Moria













Magisk kveld i Øvrebø!

28.07.2010

The summer of 2010!

Vi hadde tre fine veke heime. Mykje regn og kjedelig veir, men vi hadde det bra sjølv om. Mange kjende og kjære å bruke tida ilag med og vi fekk til og med vore turista i eige distrikt! Plutselig ser ein kor enorm fjorden og fjella er i lag, ein legge merke til den merkelige grønfargen i fjorden, får magasug av å sjå utover Stadt og  forstår at der må vere VILT når det er storm. Vi har plukka blåbær i ein kopp, og jonas har forstått meninga med livet og blei ståande i ei tue. Vi har bada i nordeuropas djupaste innsjø når det regna og  det var nok ikkje meir enn 14 grader i vatnet når Julie dykka opp til fleire gonga.

Vi har opplevd sommarstorm og hjelpt mamma og pappa å lage terrasse. Vi har feira 2 årsdagen til Jonas ilag med Kasper som blei 5, har vore på fleire hytter og vi har blitt vettskremt av kvigene i beite. Vi har vore på Malakoff rockfestival og sommarquiz på den lokale puben.

Må få takke Janne for alle dei gode og fine stundene vi hadde ilag heime.
Sist men ikkje minst, Janne, takk for at du drog meg på Gildra!

18.06.2010

Ein stor dag :)

Dette er ein merkjedag. :) eg har for aller fyrste gong IKKJE vist legitimasjon på polet! Halllleluja!

16.06.2010

Tirsdag og kvitbukse

Tirsdag med store forventinga. Ferda gjekk til KrsBY for å ha sommaravsluttning med jobb.Kvelden starta litt merkeleg. På turen nedover var det nokre nonner som trudde dei hadde verdens beste og kjappaste minibuss, så dei SNEIK seg over veien akkurat i det vi kom i mot..... Ikkje så veldig lurt! Få meter i å treffe dei, men takk (gud?) for at vi ikkje kjørte på dei. Fekk ein skikkelig støkk i oss etter å nesten ha kjørt på dei og egentlig i tillegg til å ha SETT dei. Søren ikkje ofte ein ser kviterussiskenonner! (eller nonne generelt)


God mat og godt selskap venta oss på Makrellen.Verre var det med betjeninga, eller det heite vel servitør på ein restaurant.  Etter middagen satte vi oss ut i den flotte sumarkvelden som var, for å nyte livet og kaffi + + , Ja altso, eg drikke forsatt ikkje kaffi so eg bestilte ikkje det, sllapp av! MEN søren smette meg altso! Men så fekk eg det endeleg fått det bekrefta, ja det er svarte djevelensverk i ein kobinasjon med ein svensk servitrise er ikkje  heldig.
I ein VEL klønete serverings situasjon enda 1 stk glovarm kopp med kaffi på mine kvitesko, sokka og kvitebukse. "TAKK!" var det eg fekk trykt ut av stemma, før eg reiv av meg sokka og sko, og fekk løfta i buksekanten. Servitrisa stod der med skjegge fult av postkasse og visste ikkje kva ho skulle gjere.


Etter om og men og fram og tilbake merka eg at det sveid ganske godt nede på ankelen og servitrusa, nei servitrisa, kom omsider med ein pose med is. Ho visste knapt ka fot ho skulle stå på, visste ikkje si armeråd.

















Eg sjølv var mest irritert og redd for at skoa mine var ødelagde.
Men med ein vask og flekkfjernar kan det vel ordnast?

To be continued.....

15.06.2010

Forventninga












Kva er vel ikkje flottare enn Panoramavegen.
Fjell og fjord i skjønn forening. O' Vestland vestland!






 

Gode gamle og snille og vene og vakre Nordfjordeid. Kan kjenne eg GLEDA meg til å sjå deg igjen! Kan til og med kjenne eg savna Totlandskaia, og ja kjære lesarar, DÅ e det lenge sia eg har vore heime.












Vi må vel vere litt turistar når vi fyrst kjem heim. Ungane skal få oppleve den voldsomme natur!
Kjenne allereide at ungane kjem til å SLIIIIIIIITE seg opp bakkane til Briksdalsbreen.










Bade og ha late daga på fine kvite strender som gjer deg sydenfølelsen.





Hygge med familie og gode vener.



















OG kanskje kanskje om vi er riktig heldige, får vi rocka litt!














Eg vil herved ønske 
sumaren 2010 
VELKOMEN! 




Ørna har landa

Og der var det sommarferie. Omsider. Landinga var ikkje prega av eleganse, meir av eit brak, men eg er iallfall nede. 

Formen er sann passeleg, det kjennest ut som nokon har prøvd å ete meg og spytta meg ut att. Eg har minst 40 timar med søvn å ta igjen, noko eg aktar å gjere snarast mogleg. I tillegg har eg bunkar med skjønlitteratur eg skal lese av eigen fri vilje, og som ingen skal spørje meg ut om etter at eg er ferdig. Dette aktar eg å gå laus på i næraste park, snarast.

I tillegg har eg fått beskjed om å kaste dei dyre optikartilpassa brillene mine og kjøpe nye på Rema eller Narvesen. Det er fantastisk at det gong på gong blir bevist at det enklaste er det beste.

Og dersom gud vil og veiret blir bra (for å sitere ein om ikkje kjær, så i alle fall gamal fransklærar), ser det ut til at det kan bli ferie på meg i år, noko som ikkje er kvartårskost i denne familien. Så for himmelens skuld, gje vektarane det dei vil ha i løn! Eg lovar å spytte i når eg får feriepengar.


04.06.2010

Raudlaupar, glitter og glam!

MOR ha vore ute! Mor ha gått på raudlaupar med kjole og høgehæla. Mor kjente suget og dragninga mot NY og Abu Dhabi. Flotte og  utallige antrekk om dagen. Champagne og tjenera! 


































Nei mor har ikkje tørna galen, eg har berre vore på ekslusivpremiere på ein streikande kino med 395 andre jenter og 5 guta. Har blitt enda meir veninnde med Carrie, Samantha, Miranda og Charlotte.

Må i tillegg gratulere Karianne med kysset og parfymen. Dette fortjente du!



02.06.2010

Morgonstund er tull i grunn


Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje kallar meg sjølv ein morgonfugl. I alle fall ikkje ein blid ein. Mi morgonrytme og vekkjarklokke er avpassa etter kva tid mine sambuarar forlet heimen. Men våren kan føre med seg endra søvnmønster, også for oss som tykkjer morgonsol er ei dårleg oppfinning.

Her ein dag vakna eg altfor tidleg (etter mitt syn), halv åtte på morgonen, og fekk ikkje sove att. Etter lenge å ha prøvd forgjeves å lokke sømnen tilbake, gav eg opp og starta dagen. Før ni. Dette medførte eit så krafitg jet-lag at klokka 11 på føremiddagen såg eg meg nøydd til å sove middag, i gode ein og ein halv time, for i det heile teke å klare å fungere nokonlunde normalt. Men etter dette starta dagen på ordentleg. Og takk for det.  

Ellers prøver eg for tida så godt eg kan å sjonglere alt for mange viktige ballar i lufta på ein gong. Eg håpar eg klarar å ta imot alle når dei kjem ned. 



18.05.2010

Dagen derpå- klokskap

I dag skal eg skrive ein lapp og legge ned i bunadsskoa mine. På den skal det stå: "NEI, vi PASSAR IKKJE! Du huskar rett, det er slik at du TRENG NYE SKO!"

Samtidig skal eg skrive ein anna lapp, og feste den på bunadsbeltet mitt. På den skal det stå: "NEI, du flytta IKKJE spennene på dette beltet når du sydde ut bunaden! Dette beltet er like TRANGT som når bunaden var ny! FLYTT DESSE SPENNENE!"

So skal eg krysse fingrane for at eg neste år finn desse lappane før 16. mai om kvelden.

Med unntak av dette, var nasjonaldagen veldig fin, med opplett veir, prosisjon, fane, is og pølser. I tillegg til trange sko og belter, sjølvsagt. Sjølv om eg ikkje slo fjorårets rekord for antal bunadstimar.



I løpet av heile presisjonen, overhøyrde vi éin person som visste kva onomastikk var. En av 100 000 er jo ikkje so verst...




Slik pyntar vi i Skuteviken! Eller, ikkje vi. Men nokon andre. 


I morgon startar eg på eksamenskjøret. Det vil seie at dagen idag, i tillegg til å vere dagen derpå, også er dagen før dagen. Ikkje rart det var hardt å stå opp i dag tidleg... 


13.05.2010

Himmelsprett-status

Visdom er bra. Visdom er fint å ha. Visdomstenner derimot, kan eg klare meg utan. Og no klarer eg meg faktisk 3/4 utan. 

Diverre er 600mg- konsentrasjonar av smertestillande grunna denne nyerverva mangelen på visdomstenner, kombinert med ei heller lang leseliste og heller kort tid, ein særs dårleg kombinasjon. 

Og når ein endeleg kjem seg ut av pillerusen og er i stand til å gjere ein dags respektabelt arbeid, sler verda ein i fjeset med døra, ved å smekke opp med 15 grader og strålande solskin. Ute. Eg er inne. 

Eg satsar på å slenge mi dør i fjeset på verda om ein månads tid, der eg set med ein (forhåpentlegvis) bestått litteratur-eksamen, og ler stolt av at eg hadde vett nok til å halde meg innandørs i fineveiret og pugge litterære teoriar og svenske mellomkrigsromanar. Sannsynligvis kjem eg til å hovere over dette i regnveir.  

Heilt til slutt, berre ein PS om noko heilt anna: det er store moglegheiter for at NestenVaksen kjem til å vere representert med 50% i årets bergenske 17.mai- prosesjon! Føl med for oppdateringar!

06.05.2010

Alle desse mytene

Døtra mi er eit god eksempel på at ein ikkje berre får firkanta auge,
men firkanta HAUD av å sjå for mykje på tv!

04.05.2010

Kom mai, du skjønne, milde...


Eg trur eg kan telje på ei hand dei gongane eg har forlete Bergen i stygt veir. 

Det kan vere so mykje storm og snø, kuling og sidevegs regn det berre vil, den dagen eg har bestemt meg for å vende nasa heimover ein tur, kan du setje alle pengane dine på at sola skin, og Bergen viser seg frå si beste side. 

I dag er ikkje noko unntak. Eg håpar at det gode veret føl meg på ferda, og at det varer ut veka der eg skal vere. Eg overlet bloggeansvaret til :bente inntil vidare, og satsar på å kome frisk og utkvild tilbake att i slutten av veka, klar for tidenes eksamensinnspurt. 


01.05.2010

Akkurat no ...

... er eg: morgentrøtt, kaffitørst og overraskande avslappa innstillt til alt eg har å gjere

...har eg: ei etterlengta og deilig frukoststund i senga

...gjer eg: semesteroppgåve i KuVi 202, semesteroppgåve i PraktInf og kollokviearbeid i NoLi 209

...les eg: knapt ingenting, og i alle fall ikkje det eg burde ha lest

...høyrer eg på: Misjonen og iTunes > Månadens > April

...vil eg: ha balkong og hage, solbriller og utepils

...likar eg: at vårens vakraste eventyr nærmar seg! 

...likar eg ikkje: at verdas beste praksis er over 

...lurer eg på: om eg kjem i mål i år og, kvar eg skal tilbringe sommar"ferien" min, kva eg skal finne på til hausten og kva dag Bigbang skal spele på under Malakoff- festivalen

...fun fact: eg har ei pappkasse til nattbord

27.04.2010

Våren

Endelig er våren her :) Vi har alle kasta både boblebuksa og -jakka. Vi kjenne sola varme i solveggen. Trampolina er oppe, far har beisa terrassane og laga "innegjering" til minste mann. Vi har testa grillen og vi har sykla på tur! :)

O' glade vår!
Bliiiii hjå meg no.

Små gleder :)




24.04.2010

Sundag


Lange dagar fører til lite blogginspirasjon. Ei overhengande sky over hovudet slepp stadig ut dråpar av påminning om alt eg burde gjere, men ikkje rekk.

Når våren i tillegg knakkar på døra, men ser ut til stadig å bli avvist av ein atthengande vinter og veksande oskeskyer, må solbriller og tynne plagg framleis vike for vann- og vindtette favorittar. 

Månadens utvalde er prega av draumen om å kunne sitte på ein benk, mysande bak store solbriller og med ein flau bris som leikar med paraplyen i drinken din, samstundes som han bles grillmatlukta i di retning. 

Hald ut. Den kjem. 


Summer Breeze - The Isley Brothers

Wild Bird - Bigbang

This Aint a Love Song - Scouting for Girls

Fool - Team Me

You and I, Both - Jason Mraz

Under the Sheets - Ellie Goulding

After You, Sir - moi

Ballad of a Hypnotizing Man - Notorius Bluegrass

A Thousand Times Over - Bigbang

Idyll - Dum Dum Boys

17.04.2010

Still going strong

Jada, eg lever. 

Sidan sist har eg:

  • hatt ein fin påskeferie
  • vore ein tur på austlandet
  • blitt så glad i praksisplassen min at eg har starta å kalle den "jobben" (noko som er frykteleg forvirrande for alle andre enn meg sjølv)
  • endå ikkje meldt meg av mine siste 15 stp, noko som er ny rekord!
  • blitt råka av oskeflykrisa (indirekte)
  • ført Dave Rawlings Machine til toppen av mest spelt- lista mi i iTunes
  • ødelagt ein paraply
  • rota vekk Bergansbuksa mi

Etter rett skulle eigentleg :bente vore her i vestlandets hovudstad denne helga, men sidan Island gjer det beste dei kan for å prøve å køyre verda av hengslene, må vi prøve igjen neste helg. Eg nyttar helga til å jobbe med nokre av mine alt for mange studiepoeng, sidan eg mest sannsynleg kjem til å bli svart dersom eg går ut i regnet. 

Og  heilt til slutt: ei lita fanfare i anledning dagen! 


23.03.2010

Jentene på hyttetur

Jentene har vore på hyttetur på Hovden.
Fredag til søndag.
Fantastisk selskap. Fantastisk afteski.
Fantastisk biff og fløtegratinertepoteter etter afterskien... !
Ideelt sett skulle den vore eten FØR afterski
- som alle veit blir det alltid vått innhald på afterski.
Men maten smakte kanskje like so godt etterpå.

Takk for turen jenter!
Latteren sitte forsatt laust når eg tenke på Tjostolfmila, Paradise og sykkelfantomet.

20.03.2010

Laurdag


Fordi eg er totalt blotta for bloggeinspirasjon for tida, er det knapt med innlegg frå vestlandet i disse dagar. Sørlandet har heldigvis ein høgare statestikk, dersom det ikkje hadde vore for :bente hadde bloggen sett dau ut for lenge sidan.

Men sidan eg ikkje klarer å skrive noko som liknar på noko løje, sender eg dykk i staden vidare til ein kar som klarer det. Les Are Kalvø sine inste tankar i staden for å irritere deg over mine. 

Og ha ei fin helg, forresten.

18.03.2010


Ja so no kjære Bergen! Gje meg vår og rom for UTE-pils! :)

12.03.2010

Tingenes tilstand

Eg har tidlegare blogga om kor mykje drit eg har i veskene mine. (Det viser seg at andre har same problemet!) Etter å ha blitt lei av å gå å drasse rundt på all denne driten, har eg renska veskene mine, slik at eg ikkje lenger slit meg ut kvar dag på å bære unødvendig vekt og gamalt bos.

Men når eit problem er løyst, melder eit anna seg. Kvar skal eg gjere av all driten som eg no ikkje lenger har i veska? For sjølv om det er drit, er det drit som er for god til å kaste. Dette gjer at det no hopar seg opp i haugar overalt, ting som eg sjeldan brukar, men ikkje klarer å kaste. 

Ute av syne, ute av sinn er stikk i mot Feng Shui-reglane, men det hjelper. For ei stund. Driten blit stappa i boksar og korger, putta i skåp (eg har ikkje skuffer) eller plassert i vinduskarmar.

Kvifor kan eg ikkje berre kaste det? Tru meg, eg har lyst. Men eg klarer ikkje å hive fullt brukbare ting, sjølv om det går lenge mellom kvar gong eg får bruk for det. No høyres det kanskje ut som om leilegheita mi fløymer over, og at Hilde Hummelvoll dundrar på døra mi og tigg om å få kome inn. Slik er situasjonen heldigvis ikkje. Endå. Men vær so snill og sei at du kjenner deg igjen?

Ei løysing hadde kanskje vore å gjett det vekk. Nokon som treng ein bagasjelapp? Eit par billedrammer? Gamle mobilladarar eller ein handsfree-mikrofon? 15 refleksar og nesten heilt nye boblekonvoluttar? Ledningssurrarar? Samankrølla, ubrukte ark? Eller eit par blå merketusjar? Du får det du vil! 

Men veskene er i alle fall mykje lettare då. Takk for det. 

08.03.2010

Påskestemning på heia :)



Produkt(feil)plassering

I serien "Fullstendig unyttige produkt" er vi i dag komen til Colgate sitt bidrag: Tannkost med lukt av mint. 

I utgongspunktet kunne jo dette høyres ut som ein god idé. Det hadde det jo og vore, dersom mintlukta hadde vore tilsett den delen av tannkosten ein har inne i munnen. Det er den ikkje. Den er plassert på skaftet. 

Det du held i handa når du pussar tenner er med andre ord den delen av tannkosten Colgate har vald å duftsette. Det er berre det at det luktar ikkje mint. Det luktar slik som gummipipedyr beireikna for hundar luktar (og sikkert smakar). Eg måtte fiske emballasjen opp frå boset for å finne ut kva som var gale med min nye tannkost, og kvifor det plutseleg lukta dyrebutikk rundt hovudet mitt. 

Det kan hende (hønse)hjerna bak prosjektet har tenkt at det hadde vore fresht om hendene våre luktar omtrent som munnen vår etter ein tannpuss. Joda. Men då foreslår eg enten a) tilsett ei mintlukt som faktisk luktar mint, eller b) smør hendene dine inn med tannkrem dersom du har dette sterke ønsket om å ein mintduftande kropp. Resultatet er i alle fall eit produkt eg spår kjem til å forsvinne raskare enn vaniljecola eller Smil med banansmak.

Lat oss konkludere: Jordan vet hvordan, Colgate har ikkje peiling. 


PS: Eg understrekar at denne testen er gjort ufriviljug, tilfeldig og subjektivt, og må ikkje oppfattast som reklame for Jordan eller dissing av Colgate sine øvrige produkt. (Er eg ute av saksøkfareområdet no...?)

25.02.2010

I dag var kjøleskapet so tomt at ekkoet, som runga inn i mellom brunosten og fetaosten, ba meg vaske hyllene og handle litt meir mat.

No er eg ein lillalapp fattigare, men forhåpentligvis litt meir lykkelig i magen i morgon!

Livsteikn

Ja, :bente, det er liv i meg. 

Eg har berre frykteleg mykje å gjere, og får gjort endå mindre på grunn av eit hektisk tv-program utover kveldane. Det er jo trass alt berre OL kvart 4. år, og mesterskapsjunkie som eg er, er det enkelt å forskyve andre gjeremål til dagen etter. Og dagen etter der igjen. Og dagen etter der igjen...

Men no har eg funne redninga! Kjære gode Windows 7, du gjer livet enklare. Med den genialt enkle løysinga i form av digital post-it-lapp som legg seg på skjermen, kjem eg no (i samarbeid med min høgst elska filofax, sjølvsagt) ikkje lenger til å gløyme noko av det eg skal gjere. Eg følte meg som ein av fragglene på besøk hos Skraphaugen når eg fann denne funksjonen. O' digital lukke!

I tillegg skal eg av gårde og stikke fingeren i jorda ei vekes tid. Og vi veit jo alle kva innverknad det har på oppdateringsfrekvensen. Ikkje at den er noko å skryte av no for tida uansett.

Men no kan eg jo lage ei huskelapp på det. Husk: blogg oftare! Alle monner drar. 

23.02.2010

Eg fann, eg fann!

Ein stor glede spreidde seg i heime i går kveld. Julie kom heim i frå bursdagsselskap,
var i fyr og flamme. Både fordi bursdagen var på BurgerKing og det var veldig spennande,
men og fordi JT sin fordufta hanske var observert.

Ein vakker dag då JT skulle ut med bilen,blei det i eit eller anna augeblikk lagt eit par hanska på taket, og ja, historia seie at der blei dei liggande. Den eine blei observert og funne flagrande rundt i nabolaget, den andre var fordufta. Ja, fordufa heilt til Julie oppdaga den i går kveld.
Ja, så måtte vi ut på hanske-jakt. For dette var ein siger i seg sjølv!
Den bortkomne hansken, som var so sårt sakna, har meldt sin ankomst igjen!
(Eg må få lov å presisere at det er eit par gode snowboardhanska, ikkje nokre til kr 20 på Rema)

Eg hadde litt vanskelig for å tru det kunne stemme, men når vi nærma oss brøytestikka ho hadde observert den på, steig stemninga i bilen og Julie holdt på å ramle ut vinduet.
"HANSKEN TIL PAPPA!!!"
og jaggu! Der hang den og dingla. Kalde og våte!
"Nå må jeg hjem å fortelle pappa at hanskene skal enten i bilen eller i huset! Ikke på taket! "

22.02.2010

Mandag igjen

Sukk!
- mandag igjen. Har vore til Arendal - og på jobb.
Hardt med mandag.

:janne? Liv i deg?

17.02.2010

15.02.2010

mandag [måndag] m1 (norr mánadagr, etter lat. dies lunae 'månens dag') første dag i uka blåm- / de kommer (på) m- / m- morgen, ettermiddag / hele m-en satt vi på toget / sist m- / forrige, neste m- / m-er, om m-ene går jeg på kurs / m- etter jul / det er møte (annen)hver m- / m- 4. august / 1 mai faller på en m-


13.02.2010

Meininga med livet

Å balansere ein agurk på nasa får livet i vater igjen. 


Det er ikkje mykje Fragglene ikkje kan hjelpe deg med. 

12.02.2010

Det beste i livet er gratis

Eg trur at når Sparebank1 Vest bestemmer seg for å ha nedetid i nettbanken frå fredag kl 17.30 til søndag kveld, har dei som bestemmer over nettbanken for lite sosialt liv. Dette kjem til å bli ei billig helg...

Takk høgare makter for at OL har begynt. To veker pur lukke. Ja takk. 

03.02.2010

Å gjere noko godt

"Gjør ikke noe vesen av en utført god gjerning, men gå videre til neste." sier Markus Aurelius.

Er ikkje dette litt kjedelig? Ikkje gjere nåke vesen av å ha gjort noko godt?

Eg ve iallefall skryte av alle som tenke på andre. Om det er frivillighetsarbeid, miljøarbeid, kampen for menneskerettighetane, barnasrettighet, rettferdighet for alle på jord. Ja eg vil til og med skryte av dei små tinga vi gjere. Sortere, tenke miljøvennlig, gje vekk ting og klede som andre kan ha behov for, besøke eldre som ikkje har so mange. Ja eg kunne holdt på!

TAKK alle som tenkjer og gjere noko for andre! :) "

02.02.2010

Tid for fornying?

Gamalt og grått heime hos deg? Lei av veggpryd, tapet eller falma feriebilder frå Lanzarote 2001?

Nettsida Vintage Printable reddar dagen din. Minner meg om plansjane vi hadde på barneskulen. Herlig nostalgisk, og alle mulige motiv du kan tenkje deg. Og det beste? Trykk på Print, so har du dei snart klar for å putte i glas og råme.

Vær så god. Du kan takke i feltet under.

FANTASTISKE NYHENDE!!!!!

SJÅ KVA SOM ER TILBAKE!!!


:janne, FB fungera til noko iallefall!

Treng du å uttrykke dine kjensler?

I staden for vald, fyllevas og catfight,
prøv dette?

Foto: Brodert av Linda Porsmyr Rønningen

Om du ynskjer å følge ditt kall:

Geriljabroderistenes ni bud:

1. Du skal brodere sannheten om deg og dine venner.

2. Du skal overskjære broderiets hang til nusselighetens og religionens klamme røtter.

3. Man kan aldri brodere en sinnstilstand nedrig nok.

4. Du skal aldri såre din neste med mindre en fem sting.

5. Du skal elske og forakte broderitradisjonen, og hate og beundre den huslige fliden.

6. Du skal aldri kopiere andres broderier, eller brodere prefabrikkerte kitt.

7. Unngå aldri å utbrodere skandaler.

8. Du skal aldri angre.

9. Du skal sorgløst kunne brenne ditt broderi, men gladelig ta vare på rammen.

01.02.2010

Tre dagars oppsummering

Laurdagar kan by på særs lite anna aktivitet enn sosialt samvære med herrene kleenex, ibux og otrivin.

Søndagar kan by på overraskingar om roomiar og deira evne til å smekke saman terningkast 6-frukostar.

Måndagar kan by på heilt nye pc'ar og lovnadar til ein sjølv om å betre bloggeprosenten med fleire hundre prosent.



Eg undrast på kva morgondagen kan by på.

Valg av yrke!

Måtte han bli rørleggar!

God morgen :Norge

Ein slik morgon er nydeleg.
GOD MORGEN NORGE!
- 20 grader, blå himmel og fin soloppgang.


29.01.2010

God helg!

og veloverstått :SnorkFrøken.

Hipp hipp!

27.01.2010

Oppklaring

Rekk opp handa alle som ikkje veit kven Jon Fosse er.

Eg vurderar å trekke hovudet ut av bokene og skaffe meg fleire interesser.

26.01.2010

Tenk over dette folkens!

Oi..... denne var trist og gripande og ja... veldig til ettertanke.

25.01.2010

Jeg møtte en kjendis!

.

I dag gjekk eg forbi Jon Fosse på veg heim frå skulen.


Det var eigentleg ikkje so stort.

24.01.2010

Fint skal det vere...

... sa jenta og melde seg opp i 45 studiepoeng. Igjen.

Godt år, igjen. Det er på nytt pinleg lenge sidan siste oppdatering frå mi side. :bente er flink. Eg er vel heller på minussida. Eg skuldar på mykje å gjere og mangel på maskin, sjølv om eg ikkje har gjort so lite på lenge som eg har gjort denne veka, i tillegg til at eg har rappa roomie T si maskin for ein kortare periode. Men nytt år, nye moglegheiter. Det kan jo hende eg blir flinkare i år.

Men eit nytt år betyr jo at ein gløymer sine eigne svakheiter og begrensningar. Eg har i år (igjen) meldt meg opp i alt for mykje studiepoeng i den tru at dette kjem til å gå fint. Vi veit jo alle at det ikkje kjem til å gå fint. Men for å sitere ein middels godt kjent norsk dramatikar (Ibsen): "Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme." Og det er jo trass alt betre å vere lukkeleg enn realistisk.

Elles er studieprofilen dreia en smule vekk frå litteraturen og litt meir mot kulturen, lånekassa hatar meg som alltid og rekningane hopar seg opp. Men når folk spør korleis det går, kan eg iallfall med heva hovud seie at joda, eg tek eitt fag meir enn eg treng og ventar på at ein større pengesum skal rase inn på konto. Det viktigaste er jo kva inntrykk du gjev.

For å sitere ein annan kjend norsk forfattar (Sigurd Hoel): Skal vi gå til hel...., så skal vi iallfall gå på brolagt vei!

06.01.2010

NrkSuper har tatt livet av ettermiddagskosen

"Pakka pakka pakka!" Jonas springe villt rundt i stua. "PAKKA!"
Men stakkars Jonas forstår ikkje at Makka Pakka og venene hans er tatt av sendeskjemaet til NrkSuper. Mor irriterar seg over dette. Irriterar seg over at den koslege halvtimen med verdens enklaste barne-tv er vekk. Irriterar seg, halvtimen gav ofte inspeksjon av innsida av augelåka. Ikkje heile halvtimen, men 2-3 min no og då!
Ja ja, ei mager trøst er at NrkSuper velge å møte responsen med å sende det kl 10.30 på føremiddagen istadenfor. Kanskje PVR bli realitet snart?

01.01.2010

Godt år!



Godt år til gamle lesarar, nye lesarar, trufaste lesarar, "stikk-innom-når-eg-hugsar-det-lesarar, familielesarar, vennelesarar, kollega-og-medstudent-lesarar, kjende lesarar, ukjende lesarar og alle andre lesarar.



Og til :bente. Sjølvsagt.