God mat og godt selskap venta oss på Makrellen.Verre var det med betjeninga, eller det heite vel servitør på ein restaurant. Etter middagen satte vi oss ut i den flotte sumarkvelden som var, for å nyte livet og kaffi + + , Ja altso, eg drikke forsatt ikkje kaffi so eg bestilte ikkje det, sllapp av! MEN søren smette meg altso! Men så fekk eg det endeleg fått det bekrefta, ja det er svarte djevelensverk i ein kobinasjon med ein svensk servitrise er ikkje heldig.
I ein VEL klønete serverings situasjon enda 1 stk glovarm kopp med kaffi på mine kvitesko, sokka og kvitebukse. "TAKK!" var det eg fekk trykt ut av stemma, før eg reiv av meg sokka og sko, og fekk løfta i buksekanten. Servitrisa stod der med skjegge fult av postkasse og visste ikkje kva ho skulle gjere.
Etter om og men og fram og tilbake merka eg at det sveid ganske godt nede på ankelen og servitrusa, nei servitrisa, kom omsider med ein pose med is. Ho visste knapt ka fot ho skulle stå på, visste ikkje si armeråd.

Eg sjølv var mest irritert og redd for at skoa mine var ødelagde.
Men med ein vask og flekkfjernar kan det vel ordnast?
To be continued.....
1 kommentar:
haha.. ser det så for meg, ei svensk servitruse med et skjegg fullt av postkasser! haha :D ein god latter forlengjer livet sa brura! haha
Legg inn en kommentar