23.12.2009

God jul kjære lesar!

No senka snart julefreden seg over oss.
Måtte den bli den finaste nokon sinne.

Hjå oss blir det kvit jul. Det er lenge sidan det!


15.12.2009

Horoskop veke 51

Horoskop i BT for denne veka:

Ting går som på skinner for deg denne uken, du er i toppform og  lykkes i det meste av det du prøver på. (Red. anm: eg tolkar det då dithen at på eksamen i morgon kjem eg kun til å bli spurd om ting eg kan. Difor er det heller ikkje noko poeng i å lese meir. Eg vel difor å setje Bugge på øyret, tenne eit partre stearinlys, ta ein dusj og køye passeleg seint.) Ditt sosiale program er også tettpakket. Husk likevel at du ikke er nødt til å være med på absolutt alt som skjer, du trenger å slappe av innimellom. (Red. anm: so sant, so sant. Siste veka har eg kanskje hatt 8 lesetimar, og minst 60 sosiale timar. Difor takka eg idag nei til eit kafébesøk. Eg har jo trass alt hatt eller vore på besøk dei siste 6 dagane. Inkludert idag. Men med tanke på det fyrste som sto i horoskopet, var det kanskje ikkje nødvendig å droppe kafe i dag likevel...? ) Økonomien vil også ha godt av dempet aktivitet en stund. (Red. anm: det er slike ting som gjer at eg trur på horoskop. Gudane skal vite at min økonomi har hatt godt av å vere i laber aktivitet siste tida. I dag kom stipendet. Takk høgare makter for det. Det er ein grunn til at eg reiser heim torsdag for så å starte rett på jobb fredag.)

Med andre ord, Bergens Tidende meiner stjernene skal vere med meg denne veka. Heldig at det er denne veka eg skal ha eksamen då.  I tillegg har eg fått sjokolade med M i kveld, Ø har plumboa vasken på badet og eg har nysteikte brød på kjøkenet. Og om 19 timar har eg juleferie. 

Kvardagslukke.



11.12.2009

Kakemannja i Bergen og


Det er ikkje berre :bente som kan bake. Vi kan bake i Bergen og! Ikkje eg då. Men eg har gode vener som er i besitting av både evna til å lage kakemanndeig, i tillegg til kjevler og former og førkle og det som er.


Ein heil kveld, med både middag, barne-tv, utkjevling og mykje humor fører til mångt. Og trufaste som vi er til faget i vårt hjerte, førte det til at vi i år laga heile kollegiet på nordisk ved UiB i kakemann. Mellom anna. Forklaring følgjer under kvar fotografisk dokumentasjon.




Delar av nordisk-kollegiet. Bakre rekke f.v: ein pingvin, den kjekke litteraturførelesaren, her kalla " Peder", medbakarmeistervennine I, og vår tyske, feministiske litteraturprofessor.
Framme f.v: medbakarmeistervennine M, ein annan, ikkje fullt so kjekk litteraturførelesar, medstudent "Soledes", og førelesar i syntaks og morfologi.



F.v: ein sur mann, Ben frå A1, ein gris med svineinfluensa, sauen Shaun, ein Björn Borg-boxer, ein julegris med sløyfe og ein litt vanskapt kakemann.




Bakre rekkje f.v: ein husnisse, kakedame i bunad og ein chippendale. Framme f.v: raud flugesopp, reinsdyr med slede, emo-malin oppe i sleden og ei truse.



Pingvin påkledd med skjerf og truse, ein tjukkelest og eit epletre.




Jonas i magen på kvalen.


Dei "tradisjonelle" formene (også kjend som "dei kjedelege") vart også nytta, men dei gadd vi ikkje ta bilde av.


Elles må eg bere beklage ein laber oppdateringsfrekvens. Det heile skuldast eit tidlegare omtala datakrasj, i tillegg til ein føreståande eksamen som opptek det meste av tida eg ikkje brukar på å sove.

Men eg har no iallfall fått baka til jul!

08.12.2009

«Den som går i andres fotspor, kommer aldri først»

04.12.2009

Julemannja frå Tverrgata

I går kveld kom julemannjane frå Tverrgata seg
ned i den nostalgiske juleboksen min!
Oppskrifta kom frå ho mor,
og boksen har eg frå mormor.
Eg fekk god bakehjelp av mine to små,
men etter sengetid starta eg kampen aleine.
Eg MÅTTE stoppe produksjonen, av medlidenhet, når julemannjane
kom ut av ovnen i stabilt sideleie.
God 4. desember alle sammen!

03.12.2009

Takk kjære nabo!


Tusen takk kjære nabo.
Takk for deilige nybaka Lussekatta! :)
Gjere noko med humøret ein torsdags ettermiddag.

02.12.2009

Laurdag fortalt på ein onsdag


Laurdag var det igjen tid for årets største og flottaste juleselskap. Bebuerane i Playboy Mansion åpna dørene for nokre heldige utvalde, og dei heldige utvalde kunne kose seg i hyggeleg samvære i sjelfullt pynta omgivnadar, med fantastisk mat og høgtideleg stemning. Englane var inviterte i år, og det kunne merkast både på stemning og inventar. Dette er ei oppleving av dei sjeldne, som ikkje kan beskrivast, den må berre opplevast. Difor let eg bileta tale for seg sjølve, og håpar dei kan vise rettferd for den fantastiske kvelden. Takk, Playboy Mansion! 


Vi leikar ikkje pynting i år heller.


Vert H stilte i spesialsydd kjole i år, sydd av vert E.


Årets peparkakekreasjon forestilte Ulriken, med peparkakefallskjerm- hoppande seigmenn, og den karakteristiske kvite toppen.


Mistenkjeleg mykje twist-papir hamna på min tallerken...



Tradisjonen tru (det vil seie i år som i fjor), stal eg med meg ein del av pynten heim. Med velsigning av vertane.