18.05.2010

Dagen derpå- klokskap

I dag skal eg skrive ein lapp og legge ned i bunadsskoa mine. På den skal det stå: "NEI, vi PASSAR IKKJE! Du huskar rett, det er slik at du TRENG NYE SKO!"

Samtidig skal eg skrive ein anna lapp, og feste den på bunadsbeltet mitt. På den skal det stå: "NEI, du flytta IKKJE spennene på dette beltet når du sydde ut bunaden! Dette beltet er like TRANGT som når bunaden var ny! FLYTT DESSE SPENNENE!"

So skal eg krysse fingrane for at eg neste år finn desse lappane før 16. mai om kvelden.

Med unntak av dette, var nasjonaldagen veldig fin, med opplett veir, prosisjon, fane, is og pølser. I tillegg til trange sko og belter, sjølvsagt. Sjølv om eg ikkje slo fjorårets rekord for antal bunadstimar.



I løpet av heile presisjonen, overhøyrde vi éin person som visste kva onomastikk var. En av 100 000 er jo ikkje so verst...




Slik pyntar vi i Skuteviken! Eller, ikkje vi. Men nokon andre. 


I morgon startar eg på eksamenskjøret. Det vil seie at dagen idag, i tillegg til å vere dagen derpå, også er dagen før dagen. Ikkje rart det var hardt å stå opp i dag tidleg... 


13.05.2010

Himmelsprett-status

Visdom er bra. Visdom er fint å ha. Visdomstenner derimot, kan eg klare meg utan. Og no klarer eg meg faktisk 3/4 utan. 

Diverre er 600mg- konsentrasjonar av smertestillande grunna denne nyerverva mangelen på visdomstenner, kombinert med ei heller lang leseliste og heller kort tid, ein særs dårleg kombinasjon. 

Og når ein endeleg kjem seg ut av pillerusen og er i stand til å gjere ein dags respektabelt arbeid, sler verda ein i fjeset med døra, ved å smekke opp med 15 grader og strålande solskin. Ute. Eg er inne. 

Eg satsar på å slenge mi dør i fjeset på verda om ein månads tid, der eg set med ein (forhåpentlegvis) bestått litteratur-eksamen, og ler stolt av at eg hadde vett nok til å halde meg innandørs i fineveiret og pugge litterære teoriar og svenske mellomkrigsromanar. Sannsynligvis kjem eg til å hovere over dette i regnveir.  

Heilt til slutt, berre ein PS om noko heilt anna: det er store moglegheiter for at NestenVaksen kjem til å vere representert med 50% i årets bergenske 17.mai- prosesjon! Føl med for oppdateringar!

06.05.2010

Alle desse mytene

Døtra mi er eit god eksempel på at ein ikkje berre får firkanta auge,
men firkanta HAUD av å sjå for mykje på tv!

04.05.2010

Kom mai, du skjønne, milde...


Eg trur eg kan telje på ei hand dei gongane eg har forlete Bergen i stygt veir. 

Det kan vere so mykje storm og snø, kuling og sidevegs regn det berre vil, den dagen eg har bestemt meg for å vende nasa heimover ein tur, kan du setje alle pengane dine på at sola skin, og Bergen viser seg frå si beste side. 

I dag er ikkje noko unntak. Eg håpar at det gode veret føl meg på ferda, og at det varer ut veka der eg skal vere. Eg overlet bloggeansvaret til :bente inntil vidare, og satsar på å kome frisk og utkvild tilbake att i slutten av veka, klar for tidenes eksamensinnspurt. 


01.05.2010

Akkurat no ...

... er eg: morgentrøtt, kaffitørst og overraskande avslappa innstillt til alt eg har å gjere

...har eg: ei etterlengta og deilig frukoststund i senga

...gjer eg: semesteroppgåve i KuVi 202, semesteroppgåve i PraktInf og kollokviearbeid i NoLi 209

...les eg: knapt ingenting, og i alle fall ikkje det eg burde ha lest

...høyrer eg på: Misjonen og iTunes > Månadens > April

...vil eg: ha balkong og hage, solbriller og utepils

...likar eg: at vårens vakraste eventyr nærmar seg! 

...likar eg ikkje: at verdas beste praksis er over 

...lurer eg på: om eg kjem i mål i år og, kvar eg skal tilbringe sommar"ferien" min, kva eg skal finne på til hausten og kva dag Bigbang skal spele på under Malakoff- festivalen

...fun fact: eg har ei pappkasse til nattbord