23.12.2009

God jul kjære lesar!

No senka snart julefreden seg over oss.
Måtte den bli den finaste nokon sinne.

Hjå oss blir det kvit jul. Det er lenge sidan det!


15.12.2009

Horoskop veke 51

Horoskop i BT for denne veka:

Ting går som på skinner for deg denne uken, du er i toppform og  lykkes i det meste av det du prøver på. (Red. anm: eg tolkar det då dithen at på eksamen i morgon kjem eg kun til å bli spurd om ting eg kan. Difor er det heller ikkje noko poeng i å lese meir. Eg vel difor å setje Bugge på øyret, tenne eit partre stearinlys, ta ein dusj og køye passeleg seint.) Ditt sosiale program er også tettpakket. Husk likevel at du ikke er nødt til å være med på absolutt alt som skjer, du trenger å slappe av innimellom. (Red. anm: so sant, so sant. Siste veka har eg kanskje hatt 8 lesetimar, og minst 60 sosiale timar. Difor takka eg idag nei til eit kafébesøk. Eg har jo trass alt hatt eller vore på besøk dei siste 6 dagane. Inkludert idag. Men med tanke på det fyrste som sto i horoskopet, var det kanskje ikkje nødvendig å droppe kafe i dag likevel...? ) Økonomien vil også ha godt av dempet aktivitet en stund. (Red. anm: det er slike ting som gjer at eg trur på horoskop. Gudane skal vite at min økonomi har hatt godt av å vere i laber aktivitet siste tida. I dag kom stipendet. Takk høgare makter for det. Det er ein grunn til at eg reiser heim torsdag for så å starte rett på jobb fredag.)

Med andre ord, Bergens Tidende meiner stjernene skal vere med meg denne veka. Heldig at det er denne veka eg skal ha eksamen då.  I tillegg har eg fått sjokolade med M i kveld, Ø har plumboa vasken på badet og eg har nysteikte brød på kjøkenet. Og om 19 timar har eg juleferie. 

Kvardagslukke.



11.12.2009

Kakemannja i Bergen og


Det er ikkje berre :bente som kan bake. Vi kan bake i Bergen og! Ikkje eg då. Men eg har gode vener som er i besitting av både evna til å lage kakemanndeig, i tillegg til kjevler og former og førkle og det som er.


Ein heil kveld, med både middag, barne-tv, utkjevling og mykje humor fører til mångt. Og trufaste som vi er til faget i vårt hjerte, førte det til at vi i år laga heile kollegiet på nordisk ved UiB i kakemann. Mellom anna. Forklaring følgjer under kvar fotografisk dokumentasjon.




Delar av nordisk-kollegiet. Bakre rekke f.v: ein pingvin, den kjekke litteraturførelesaren, her kalla " Peder", medbakarmeistervennine I, og vår tyske, feministiske litteraturprofessor.
Framme f.v: medbakarmeistervennine M, ein annan, ikkje fullt so kjekk litteraturførelesar, medstudent "Soledes", og førelesar i syntaks og morfologi.



F.v: ein sur mann, Ben frå A1, ein gris med svineinfluensa, sauen Shaun, ein Björn Borg-boxer, ein julegris med sløyfe og ein litt vanskapt kakemann.




Bakre rekkje f.v: ein husnisse, kakedame i bunad og ein chippendale. Framme f.v: raud flugesopp, reinsdyr med slede, emo-malin oppe i sleden og ei truse.



Pingvin påkledd med skjerf og truse, ein tjukkelest og eit epletre.




Jonas i magen på kvalen.


Dei "tradisjonelle" formene (også kjend som "dei kjedelege") vart også nytta, men dei gadd vi ikkje ta bilde av.


Elles må eg bere beklage ein laber oppdateringsfrekvens. Det heile skuldast eit tidlegare omtala datakrasj, i tillegg til ein føreståande eksamen som opptek det meste av tida eg ikkje brukar på å sove.

Men eg har no iallfall fått baka til jul!

08.12.2009

«Den som går i andres fotspor, kommer aldri først»

04.12.2009

Julemannja frå Tverrgata

I går kveld kom julemannjane frå Tverrgata seg
ned i den nostalgiske juleboksen min!
Oppskrifta kom frå ho mor,
og boksen har eg frå mormor.
Eg fekk god bakehjelp av mine to små,
men etter sengetid starta eg kampen aleine.
Eg MÅTTE stoppe produksjonen, av medlidenhet, når julemannjane
kom ut av ovnen i stabilt sideleie.
God 4. desember alle sammen!

03.12.2009

Takk kjære nabo!


Tusen takk kjære nabo.
Takk for deilige nybaka Lussekatta! :)
Gjere noko med humøret ein torsdags ettermiddag.

02.12.2009

Laurdag fortalt på ein onsdag


Laurdag var det igjen tid for årets største og flottaste juleselskap. Bebuerane i Playboy Mansion åpna dørene for nokre heldige utvalde, og dei heldige utvalde kunne kose seg i hyggeleg samvære i sjelfullt pynta omgivnadar, med fantastisk mat og høgtideleg stemning. Englane var inviterte i år, og det kunne merkast både på stemning og inventar. Dette er ei oppleving av dei sjeldne, som ikkje kan beskrivast, den må berre opplevast. Difor let eg bileta tale for seg sjølve, og håpar dei kan vise rettferd for den fantastiske kvelden. Takk, Playboy Mansion! 


Vi leikar ikkje pynting i år heller.


Vert H stilte i spesialsydd kjole i år, sydd av vert E.


Årets peparkakekreasjon forestilte Ulriken, med peparkakefallskjerm- hoppande seigmenn, og den karakteristiske kvite toppen.


Mistenkjeleg mykje twist-papir hamna på min tallerken...



Tradisjonen tru (det vil seie i år som i fjor), stal eg med meg ein del av pynten heim. Med velsigning av vertane.



26.11.2009

Kakemoms
























Dersom de skulle vere i tvil, her er eit bilete av ein kakemoms!
Julie har alltid vore lidenskapleg interessert i å røre og bake ilag med meg. Jonas si fyste stund med kjøkenbenken var artig den, han leika bil med handmiksaren!

20.11.2009

Fantastisk!




Takk Kristoffer Skau :) for gode minner.

HER kan du laupe og kjaupe!

Fredag

Akkurat no...

....er eg: omsider heime i nordfjord!
...har eg: etterheng av influense, ikkje starta på eksamenslesing, men kjøpt inn halvparten av årets julegåver!
...gjer eg: maling, grunning og fliselegging
...les eg: Der vi engang gikk - Kjell Vestö
...høyrer eg på: Tarpan Seasons - Solveig Slettahjell og Break Up - Pete Yorn & Scarlet Johanson
...vil eg: at maskina mi skal bli frisk i helga sann at eg får iTunes'en min opp å gå igjen
...likar eg: at eg har fem dagar til å stikke fingeren i jorda heilt opp til albogen
...likar eg ikkje: at det snart er eksamen (déjà vu??)
...lurer eg på: kva eg skal gjere neste semester
...fun fact: eg er meir mørkredd inne enn ute

17.11.2009

Blåbær
























Kor deilig er det ikkje med heimelaga blåbærsylte :) Hmmm!
Fint å finne fram no når dagane er kortare og kroppen må ha søte ting.

10.11.2009

: tirsdag

å trur du ikkje at RiksTV klara å klusse til tv-kvelden min?
Søren ta at den tuneren skulle ta kvelden då!

jaja... kan leve lenge på nrk.

08.11.2009

:søndag

Mykje som kjem i vegen for tida. Mykje å gjere, endå mindre tid å gjere det på. Det heile blir ikkje betre av at maskina mi latar som ho har krasja. I tillegg har eg forflytta meg for ein kortare periode eit stykkje lenger aust i landet. 

Eg har mykje eg skulle ha oppdatert om. Vi får sjå om det kjem. Takk høgare makter at :bente held fortet, med postar om både brødbakst og gode barndomsminner.

Mange timar foran Nintendoen ja! Gode timar. Sikkert alt for mange timar. Men gode. 

03.11.2009

:mandag

I går angreip eg min største angst, igjen. Med begge henda! Bake brød. Bake GODE brød og ikkje bowlingkuler som JT seie.
Med kollegaoppskrift i lommen og litt god fantasi ved ingrediensmangler, fekk eg blanda i hop ei deig i mi kjære gode kjøkkenmaksin! Med gode heve forhold og vene hende som baka ut brøda, kunne det ikkje vere anna enn god stemning på kjøkenet.

Brøda blei GODE, til og med dagen etterpå. Kanskje eg har overvunne angsten min for å bake brød?

02.11.2009

Nintendo

Kom over Nintendoen vår frå gamle dage då eg va heime! Minnene berre strauma på. Prøvde febrilsk å få liv i den, men den var død. Huska godt den ferien vi kjøpte den. Svenskehandel - på høgste og beste plan. Har brukt mange fine tima framfor den. Ikkje sant Janne?































































29.10.2009

Torsdag

I dag har eg sjekka blodtrykk, puls, teke ultralyd av halsen min, sjekka biceps-reaksjonar, utskilt mitt eige DNA og laga hudkrem. Svineinfluensemistanke? Nei. Fagdag med niandeklassingar på Haukeland. Fantastisk å få vere 14 år i éin dag, og sleppe alle ulempene som føl med den alderen!

Ein litt kronglete og uvanleg praksisperiode (som ingen andre enn meg sjølv forstår, trur eg) har starta og eg har nesten unnagjort ei av tre veker. No er det snart helg, og ikkje kva for helst slags helg heller! Superkollektivet blir denne helga gjenforent i si opprinnelege form, og vi satsar alle klutar på at vi får fleire superaugneblinkar a là dei under:




Oppdatering følgjer! Kanskje...

Å fly

Sandane lufthavn er blitt ein turistattraksjon!
Eg visste flyplassen og lengda på rullebana var i liten, men at den skulle bli karakterisert som ein av verdas skumlaste flyplass, hadde eg aldri trudd.

Den blir sammenligna med flyplassa i Nepal, Bhutan, Honduras og Malaysia, som enten har voldsommen stup rett utanfor rullebana eller fjellvegg i den eine enden.

Har i løpet av mitt liv flydd mange ganga både til og frå flyplassen, og har aldri, aldri, aldri følt meg usikkert på om vi klara å lande eller ei. Har heller hatt ein virkelig stor fasinasjon over innflyginga. Samma kva vei du kjem i frå, får du virkelig sjå og føle ekte vestlandsnatur. Du er i eitt med fjell og fjord og du kjenne tretoppane kjete deg i rompa. Du får ein enorm respekt for pilotane som manøvrera., tenk at dei treff rullebana i det sekund dei må, ellers får dei ikkje stoppa.

Lenge leve Anda seie berre eg!

(biletet er henta frå www.nrk.no/sfj)

28.10.2009

Heime er fint og flott og bra..

men "hjemme" på Sørlandet er jo aller best!

Korte trekk mi siste veke:
Familie, gåtura, natronkake, bursdag, gåtura, svømmehallen, to koselige veninnde kvelda, sjuk unge, utsatt heimreise, godt med forsikring.

25.10.2009

Tjuvlysnat

Tid: i går, kl. 13.30
Stad: buss nr. 50, retning sentrum

Ein gutegjeng av bergenske fjortisar, kanskje var dei berre 13. Snakkar passeleg høgt om kveldens eskapader, der konserten startar kl. 21.00 (men vorspielet startar allereie kl. 20.00, der dei sikkert skal drikke seg dritings på fem flasker Eplerose og ei flaske lettøl på deling). Praten kjem over på temaet skule og lekser.

Gut 1: han dæræ Sokrates, vassje han en sann dæræ...dæræ...profet? lissom?
Gut 2: ...en sann so gjækk å tænkte på ting...?
Gut 3: neei, IDIOTER, sokrattæs va jo faren tæ jesus!!

Bra dei endå har nokre år igjen før dei skal ta ex.phil.

Ellers? :bente på vestlandstur, eg har mykje å gjere og får gjort mindre, til trass for god tid. Men, vintersportsesongen er i gong. Og då skal ein jo ikkje klage. I tillegg er iTunes > Spillelister > Månadens: Oktober oppe og går. Og den er lang. Vent i spenning.

18.10.2009

Hurra for Andersens!

Bilete lånt herifrå.


I dag har Jan Erik Vold bursdag. 70 år! Gratulerer med dagen!


Dersom du no grev deg i hovudbotnen og fortvilt prøvar å kome på kvar du har høyrt dette namnet før, so er det han med alle dikta. Tale for loffen, diktet om Bislett, kulturuke- kurultru-kulturuketull osv.


Eg skal ikkje skryte av å vere nokon lyrikk-ekspert, for det er eg verkeleg ikkje, men eit grunnfag som inneheld norsk litteratur har då gjeve meg nokre bakgrunnskunnskapar. Mellom anna kjem eg aldri til å gløyme at Vold si debutsamling "Mor godhjertas glade versjon, ja" frå 1968 vert rekna som starten for den modernistiske lyrikken her til lands (det fekk eg nemleg spørsmål om på munnleg eksamen, men hjerneteppet sette ein effektiv stoppar for at eg klarte å kome på det. Kardinaltabbe).


Så dersom du ikkje er bevandra i norsk modernistisk lyrikk, les litt Vold. Det er rart, sært og interessant, men eigentleg ganske bra. Lat meg hjelpe deg i gong:


hva gjør lyset
i bjørkekronene? lyset
ser seg om


Frå spor, snø 1970

16.10.2009

Kjære herr og fru skjor

Viser til høglytt krangel i området indre Sandviken natt til fredag 16. oktober 2009.

Eg vil takke dykk begge for at de valde treet rett utanfor soveromglaset mitt til å halde skilsmisseoppgjeret/ ekteskapsrådgjevninga / buoppgjeret dykkar i natt.

Det var ei beriking for meg å droppe all søvn i nærare tre timar for å høyre på dykkar meingar angåande kvarandre, samlivet sine kvalar, kvarandre igjen og verda generelt. Eg kan skjønne kvifor de begge har lyst til å fly kvar dykkar veg, det hadde eg òg hatt lyst til dersom eg måtte høyre på slik ei skvatring kvar ein jæ..la dag.

Eg vil ynskje dykk begge ei grufull framtid (om det blir til samans eller på kvar dykkar kant bryr meg midt i ræva), måtte dokke begge misse tungebandet i ei opprivande høgspentulukke og bli tvinga til vingespråket for evig tid.

Ha ei vidare fin helg.

Med venleg helsing,

:janne

13.10.2009

Bussvass

Eg har ei irriterande evne til å irritere meg over andre når eg sit lenge på buss. Typ Bergen -heim.

Eg ser ikkje på meg sjølv som spesielt vanskeleg. Eller sær. Men på lange bussturar irriterar eg meg over at folk snakkar høgt, eg irriterar meg over ringelydar og meldingslydar, folk som snakkar i telefon, at eg ikkje får sitje aleine, fjortispar som brukar heile turen til å kline eller finne ei god liggestilling i setet ( noko som ikkje går an), dei som snakkar høgt, dei som kviskrar, bussjåføren sine tørre vitsar om kvar ein finn toalett og kaffi, musikken som sig ut frå andre sine høyretelefonar, og kva er eigentleg greia med at med ein gong folk passerar 50, må dei på død og liv tviholde seg i setet foran...??

Eg meiner at på lange bussturar må folk forhalde seg til nokre få, men strenge reglar:
1. Hold kjeft
2. Lydlaus!!
3. Ikkje plag meg

Det hadde sjølvsagt vore noko anna dersom bussen var passeleg full av folk eg kjende godt og kunne hatt lyst å føre ei samtale med. Ein tre-fire stykker. Med normale lydar, stemmer og radio på passeleg høgt lydnivå. Der ein kunne stanse når ein ville, køyre so fort en vil og sleppe å stoppe på kvart eit nes langs heile kysten.

Eg ser no at det eg beskriv som min ønskedraum stygt liknar på ein bil...

Eg blir nok aldri nokon bussperson, sjølv kor glad eg er i miljøet.

12.10.2009

Hausten gjer meg ......
























.. innpakka og forselga unga.



















... vinterstengde terrassa. Blotta for hygge!




















..... sist men ikkje minst, nydelige farga på veg til jobb!

08.10.2009

Har surfa på Finn....

og sjå kva eg fann!

.....sjå prisen då! Prisen som er poenget her.

06.10.2009

Reklame

Føle for å reklamere litt idag.

Det er ikkje berre eg og :janne som blogga; Julia ei god veninnde av meg er slått seg på husmor-bloggbølga, nåke eg finne vanvitti arti. Velkomen i klubben!
Nåken starta, andre slutta.

Eg skal og reklamere litt for Spotify ( Ja!! er kanskje litt etter andre...) men for meg er det GENIALT på jobb og ein heilt ny oppdagelse. Kan virkelig anbefale.

30.09.2009

Bildetørke

Bloggpostar utan bilder er ofte lette å hoppe over. Difor blir dette bildet med i dagens post.


Bilder av haustmotiv må til, ettersom det ikkje var lov å ta bilde på konserten med Solveig Slettahjell på fredag, som eg var på med gode, gamle S. Bileta frå laurdagens hurratur ilag med gode vener av mi gode vennine A kan heller ikkje brukast, sidan dei ikkje er av ein slik karakter at dei tåler publisering.

Men alt i alt har eg hatt ei veldig fin helg, der det sosiale tok all tid, og det faglege vart skvisa ut av programmet til fordel for søvn. Dette førte til sprenglesing av pensum, ignorering av obligatoriske oppgåver og det faktum at eg har skrive tidenes dårlegaste samfunnsfagsstatistikkoppgåve (noko som ser ut til å bry meg faretrugande lite...).

For i morgon er planen å lure trafikkorken på Danmarksplass, og snike seg med ein buss som tek meg til ein anna buss som skal ta meg heim! Det gjenstår å sjå om min slue plan let seg setje ut i live, sidan dei fleste av faktorane er utanfor min kontroll (avslutting av forelesing før tida, lite kork i trafikken, bussar som er i rute, bagasjeoppbevaringar som er ledige osv.). Men vi kryssar fingre og håpar på godt ver.

Før den tid har eg tenkt å pakke snippøskja, prøve å få med meg denne dokumentaren og gjere anna førefellande arbeid som ikkje kan vente til årets potetferie er over. Håpar at :bente held fortet til eg er tilbake, for eg veit av erfaring at blogging ofte blir vekkprioritert lenger oppe på vestlandet.

PS: I går såg eg årets fyrste julemenn i butikken. Dersom nokon veit kvar organisasjonen "Gje oss jula tilbake" befinn seg hen, venlegst send dei i mi retning so eg kan få skrive under med alle dei falske namn eg kan kome på.

29.09.2009

Tankevekkar

Av og til må vi stoppe opp å tenke. Etter ulykka i natt ser vi kor fort livet egentlig kan vere over. Uvitande og sovande på nattekspressen frå Oslo. Ein tilsynelatande heilt uskuldig tur frå aust til vest i haustmånaden september. Ikkje veit vi kva årsaken er, men der var dårlig føre over fjellet. Snøv og dårlig veir gjorde vel forholda dårlig.

På dette grunnlag oppfordra eg alle lesara av bloggen, kjende som ukjende, om å ta hensyn no når hausten og vinteren snike seg inn på oss! Legg på vinterdekk, senk farten og ver ekstra oppmerksomme no når alle stormane og vintermørke kjem!

Vi har jo egentlig ingen fleire å miste!

25.09.2009

:haust

Når ein må gå frå eit slikt lunt haust -frukostbord...



...med varm mocca og regnet piskande på ruta, til dette bordet...

...der det einaste som ventar er ei grå utsikt og ei halvferdig statistikkoppgåve, so seier det seg sjølv at starten på morgonen blir litt hard.



Når ein i tillegg oppdagar at den einaste tabellen ein treng for å skrive den forhatte oppgåva ikkje er blant dei 15 tabellane ein laga på eit dyrt program på ei skulemaskin i går, då blir føremiddagen rett og slett hard. Det er kjipt at når arbeidslysta for ein gongs skuld ikkje finn indre motstand, so skal den stange mot ytre.


Det er i slike augneblinkar ein må leite opp positiviteten, skrive alt ein kan utan tabell, gå ein lang tur og samstundes stikke innom det fine biblioteket og plukke opp pensumet til tysdagens doble historieforelesing om Afrika si historie, plukke opp kvelden jazzkonsertbillettar på veg heim og ta middagen ut av frysaren.


La det regne. Eg har paraply og gode vener.


Ha ei fin helg.


PS: dersom nokon skulle sakne MoteBloggen, so kan de i nederste kant av det siste bildet sjå ei bukse eg har brukt denne veka.

Bak skyene.....















er himmelen ALLTID blå!

24.09.2009

Ikea

Gårsdagen inneheldt ei fantastisk fin utflukt til Bergen sitt beste kjøpesenter med gode vener. Ein heilaften på Ikea er ikkje til å kimse av. God mat, god stemning og billege telys.


Ikkje alle har fått med seg at eg er verdas beste ikea-kompanjong. Etter i går er ingen lenger i tvil. Grunnane til at eg er verdas beste ikea-selskap er mellom anna at eg alltid har mat og vatn i veska (ikea kan vere utslitande!), ekstra kle, har god oversikt over kvar alt ligg og at eg spanderer is og pølser på alle som gidd å vere med meg (les: hjelper meg å bære alt heim).


Tidlegare turar har og sett spor etter seg på Ikea. M, som eg lokka med ein anna gong ved hjelp av gratis buss og is, var gjerrig nok til å fylle iskjekset sitt to gongar. Etter kort tid kom dette skiltet opp ved softismaskina:

Husk dette neste gong, born!

Takka vere at E hadde bil i går kveld, takka vere denne ordninga, kunne vi handle av hjertens lyst, og sleppe å atelete på at vi skulle slå til tilfeldige bussmedpassasjerar i fjeset med tørkestativ og fredsliljer på veg heim.



Dette er kun E sine varer. Greit å ha bil.


Ein anna årsak til at eg er verdas beste ikea-selskap, er at eg tek ansvar for stemninga. Difor hadde eg denne gongen med nylaga quiz , beståande av 16 ikea- eller meg-sjølv-relaterte spørsmål, av varierande vanskegrad, i tillegg til nokre lurespørsmål. Responsen var 67 % positiv, men endra seg til 100 % då det vart utropt premie både til 1. plassen (I med 7 poeng) og til den delte 2.plassen (M og E, 6 poeng).


Har eg ikea-seng? Spør I, E eller M, dei veit det no!


Mitt siste tilskot til hushaldninga er denne skittentøyskorga, som ikkje er vanskeleg å montere, men som burde kome med risiko-for-høg-støy-merking. Ikkje noko kveldsarbeid.

Bråkete skittentøyskorg


Ein heilaften på Ikea innebær at ein ikkje får gjort alt det andre ein skulle ha gjort. Difor må denne posten, skriven på morgonen, vente til kvelden men å bli publisert, fordi eg må gjere førebredelsane til innlegget vi skal halde på forelesninga idag.




(Red. anm: Eg rakk ikkje ein gong å gjere forbredingane før eg plutseleg måtte spurte til bussen. Ja, bokstaveleg talt spurte. )

21.09.2009

Ny utfordring til :janne!

Eg drista meg til å kome med ei ny utfordring.

:janne, du skal stadfeste dagen din med tekst og bilder.
Du kan velge kva dag du vil i veka, men må vere på ein kvardag.
Det skal takast bilde minst ein gong annakvar time, mellom kl 9 og 19.
Altso f.eks. klokkesletta 9 - 11 - 13 - 15 - 17 - 19.

Lukke til!

Dette er eit kortfatta resyme av veke 38.

Strikkebaketrene, strikkebaketrene, pleie, våke….. sove litt og ete…

















17.09.2009

Dagens surf

Har idag tenkt å tips om nokre fine observasjona eg har gjort. Fyst ut er denne, vittig overskrift. Humra litt høgt frå plassen min når eg las den. - Speaking of arbeidsplass: HER jobba eg.

Ellers har eg blitt litt betatt av blogga. Her er to av dei eg har hengt meg litt opp i. 1og 2.

Ellers er eg jo stadig innom Nettavisa og Finn. Har den siste tida blitt meir opphengt i secondhand-handel. Har akkurat handla sko, klokke og lommebok gjennom trygghandel på Finn.

Kan avslutningsvis oppfordre alle til å tenke gjennom kjøpa sine.
MÅ du handle nytt? Eller kan du handle det brukt?

14.09.2009

Haust = strikking

Har den siste veka produsert to søte baggy-hue. Ei lilla til Julie og ei brun til meg sjølv.
Enkle å strikke - artige å ha på!
















Neste prosjekt er her
Bildeprov på prosjektet kan drøye litt...... Men ein liten kjekkast i kjekkasgensar må vel bli bra? :)

12.09.2009

Laurdag

God helg!

10.09.2009

Sommar del 1

Eg har tidlegare snakka om ei sommaroppsummering. Eigentleg såg eg føre meg ein himla lang post, med mykje bilder og lite tekst. Den trur eg ikkje lenger kjem til å kome. Små postar derimot, trur eg det er mykje større sjanse for at kan dukke opp. Dette sjølvsagt berre dersom allmugen er interesserte i mine sommarsyslar. Kommentarfeltet er til for ein grunn, folks.

Her er uansett eitt av høgdepunkta i veke 34:

nestenvaksen avd. Bergen og nestenvaksen avd. Kristiansand lunsjar i Nupenparken. Knallhelg!

Skal ikkje sjå vekk i frå at dette kan bli eit fast innslag langsmed. Som livsnytar (les: student) har eg jo trass alt mange sommarveker å ta av.

Quiz-tid?















Kva ser vi på dette bildet?
Bildet er tatt for ca 2 veker sidan langt langt inne i Mushomskogen i Øvrebø.