30.01.2009

Folkeopplysning

Dersom du treng å ta buss nr 5 i Bergensområdet nokon gong, legg merke til dette.

Bussen går frå endestasjonane ti på heil og til på halv kvar time. BORTSETT frå timen 08.00. Då går den KVART på. KVIFOR i alle HIMMELENS dagar...! Det verste er at eg gjekk på same smellen for akkurat ei veke sidan. Smerte.

Når vi er inne på temaet smell, i dag klarte en golf å køyre inn i stumpen på en Landrover, utan å gje den nevneverdige synlege skader såg det ut til, men likevel med ei slik kraft at den kilte fronten sin fast mellom hengarfestet og reservedekket til LandRoveren på en slik måte at Falken måtte kome å forsøke å DRA dei ifrå kvarandre igjen. Dei hadde endå ikkje lukkast med det når eg forlot utsiktsplassen til åstaden (Godt Brød). Bra dei hadde ei skare med pensjonistar, idiotar og barnevogntrillande fedre som stod rundt dei og gav dei meiningslause råd og løysingsforslag. Kven seier at folk ikkje bryr seg om kvarandre lenger...?

Tippar han i Golfen følte seg omtrent sann som Ugla under her idag. (For ja, det var en mann køyrde golfen. )



Ha en strålande fredagskveld!

28.01.2009

Hipp Hipp Hupp Hupp BRINGEKLUT!

:)

Eg oppfordrar herved alle besøkande til å legge igjen navnet sitt i kommentar feltet! ;)

Hadde vore koselig å vete kven som er innom!

27.01.2009

Ops...



Eg klarte å snike i innleggskøen......

Innlegget datert 21 skulle vere idag..... Sorry Janne

Frukostmøte


Frukosttid. Mocca og toast, i tillegg til viktige antioksidantar, som eg har kjensla av er det som held meg gåande for tida. Filofaxen denne veka er så full at eg har blitt nøydd til å putte et ekstra ark i midten for å få skrive ned alt det eg ikkje skal gløyme å hugse.

Roomie 1 er framleis i Stavanger, medan roomie 2 ventast heim ikveld etter ein mindre utsvevande heisatur til aust. Det vil seie at superkollektivet dei siste to døgna har vore stille og roleg, dog kjedeleg.

Ellers kan eg melde om at turen heim var fin , til tross for omstendene, og at husdyrflokken har auka med to sidan sist. Ingrid Alexandra og Sverre Magnus såg dagens lys 12. januar, sett til verda av ei mor, som det eigentleg var bestillt einvegsbillett til Førde for. Ho hadde tydeleg teke ansvar for eiga framtid, og besvangra seg på beite i sommar. Med andre ord; ei mor med ei utagerande fortid. Men Ingrid og Sverre let seg ikkje bekymre av slike fortidsproblem, og vi veit jo at mødre med utagernande fortider har skikka seg før!

I dag er det teatertid. Bruce-billettane i går glapp ut av hendene på meg, betre lukke neste gong. I tillegg er det kanskje tid for å gjere det eg lovar meg sjølv på slutten av kvart semester, nemleg å starte tidleg på pensumet i neste semester. Å, so nær...




21.01.2009

:) Godt nyttår kjære landsmenn!

Godt nyttår og GOD NY PRESIDENT i USA! :)
Mykje har skjedd sia sist. Både mykje og lite. Det store verdensbilde har iallefall vore litt hektisk. Både med presidenten og dissa her som kriga. Men alt ser ut som det roa seg no! Forhåpentligvis! Her var jula og nyttår koseleg og roleg. JT og eg har ombelerte (som Julie seie) store dela av loftet. Skap blei kasta frå rom til rom, komoda blei plassert, omplassert og plassert igjen - best mulig løysing! Julie var storfornøgd og Jonas kom på eige rom! :)

Opp i alt det her har vi fått i alle fall 80 cm m snøv. Vanvittige megde kom ned i løpet av tre daga. So når det endelig stoppa, fekk vi reist på skitur!







PSst.... veit det ha vore dårlig med oppdatering.....SOrry mac!

18.01.2009

Tankar på ein søndag...

Eg skreiv i forrige innlegg at eg var pinleg berørt over kor lenge det var sidan forrige innlegg. Vel, det er ingenting mot kor pinleg berørt eg er no.



Men det er ikkje noko vits i å gråte over gamal melk. Jula er over, og kvardagen slo meg like hardt i bakhovudet som den pleier å gjere.



Kollektivet har midlertidig krympa med ein person, lånekassa og eg er framleis ikkje vener, eg har ein god hangover idag, og yogaen, som liksom skal hjelpe på min trøblete korsrygg, har ikkje gjort noko anna enn å gje meg så stive musklar at eg ser ut som ei kråke med leddgikt når eg går.



Men eit nytt år betyr jo nye moglegheiter. Derfor har eg, til tross for dårlege erfaringar med dette frå før, meldt meg opp i 45 studiepoeng, og ser blåøygd fram mot eit tilvære fastlenka til skrivepulten. I tillegg har eg, utan heilt å vite kvifor, meldt meg frivillig til å snakke høgt framfor menneske eg ikkje kjenner om ting eg ikkje heilt har greie på, på eit seminar i morgon. Og eg rekk ikkje ein gong å vere med på lunsjen dei serverar!



Då er det bra ein kan gå på byn og møte gode vener som ein ikkje ser so altfor ofte. Sjølv om det ødelegg dei dagane ein hadde planlagt å få gjort alt ein ikkje fekk gjort tidlegare i veka.



Jaja. Trivielle ting i bunn og grunn.

Men eg er uansett imponert over alle dei som har vore innom her og sjekka statusen medan vi har hatt bloggepause! Kanskje de likar oss likevel...?