12.07.2011

Eg skal lage festival!

Neste år har eg tenkt å lage festival. Heime hos meg. Den skal heite NestenVaksenFestivalen, og føregå slik:

Festivalen skal arrangerast ei helg på sommaren det er fint veir, og den skal vare frå fredag til søndag. Det vil bli solskin og god stemning, med 25 grader om dagen og 21 om natta.

Hageflata vil bli brukt til hovudkonsertarena, fordi då vil det bli naturleg amfi i hagebakkane. Redskapshuset vil bli brukt til DJ-sets, med god plass til lys og lyd, og det lekre og nesten beine sementgolvet vil fungere ypparleg som dansegolv.

Festivalcampen blir på flata innafor huset, festvaldoane blir sett opp nordom lada. Dusjane skal stå synnafor redskapshuset, fordi der er det sementgrunn og bakke, slik at der er fint og stå, og vatnet renn vekk.

Festvalkontoret skal vere i Bestemorstova, og bestemoraltanen vil bli brukt til matservering. Olav og Angus frå restaurant Færingen skal vere kokkar. All mat skal vere utgått på dato, slik at alle forstår at denne maten er heilt fin og ikkje farleg å ete. Og alt blir grilla. Det vil bli servert kylling, fisk, salat, brød, jordbær, melon, øl, cider og vatn med sitron.

Det er ikkje lov å vere dritings, klein eller patetisk, og aldersgrensa vil bli 23 år (med nokre unntak). I tillegg er det forbode med rølping, spying, forsøpling og countrymusikk. Alle skal vere blide, imøtekomande og i god stemning. Alle artistane vil bo i telt på festivalcampen, noko dei synes er heilt greit nettopp fordi publikum ikkje er harry idiotar som ber om autografar eller bilder heile tida.

Fredag vil festivalen bli innleia av Euroboys, som set oss i god californisk- norsk strandsommarstemning. Etter dei spelar Starsailor deilig postbritpop, før Folk og Røvere bikkar oss over i den rette groovy stemninga. Robyn skal ha konsert og seinare vere DJ heile natta i redskapshuset, og alle vil danse til sola kryp over Kambenakkjen.

Laurdag kan dei som vil gå ein tur på Rindehornet, og bade av seg svetten (og natta) i elva når vi kjem nedatt. Laurdagskvelden vil stemninga bli sett i gong av den fantastiske Jarle Bernhoft, før Big Bang kjem på scena og set folk i hoppe-humør. Dei vil bli avløyste av Tom Waits, som held tidenes beste konsert, før Timbuktu tek med seg Damn! og held konsert i redskapshuset utover natta.

Laurdagsnatta vil bli lys og lang, og Bernhoft, Greni & Waits vil impulsivt jamme på Bestemoraltanen, og så spira for eit fantastisk man-band som blir ein knallsuksess (vi snakkar cd- innspelingar, verdskonsertturnear og massivt gode kritikkar). Bruce Springsteen, Thomas Dybdahl, Coldplay og deLillos vil vere blant publikum og be om å få vere med neste år. Både deLillos og Thomas Dybdahl har med seg gitarane sine, og held intimkonsertar på festivalcampen nattestid på eige initiativ. Veirene Odd og Terje, og sauene 8011, 8017 og 5018 med familiar vil stå på den andre sida av gjerdet og følgje med. Søndag kan alle som vil vere med på ny fjelltur, for å gå opp att med alle dei sauene som har kjeme ned i løpet av natta for å sjå kva som heldt på. (Med påfølgane bading i elva.)

For å kome deg heim til meg må du ta ein buss som køyrer på E39 og hoppe av ved Bakkeveien. Eller du kan kome gåande. Det vil bli seld akkurat passeleg mange festivalpass, og dei bestiller du i kommentarfeltet under.

Det må imidlertid takast høgde for at festivalen ikkje blir arrangert på grunn av manglande økonomi og urealistiske planar.