19.03.2008

Den uhøgtidlege delen av påska

Dersom eg ikkje hadde lagt igjen overføringskabelen til kameraet mitt i Bergen, hadde denne bloggposten vore ein bildespesial. Men kabelen ligg då i Bergen. Noko som er litt rart, sidan kameraet låg her heime.

Difor kjem her ingen bilder av min overkøyrde og knuste mobil, ingen bilder av alle drikkebongane eg fekk på framtidskvelden på hotellet i går kveld, men ikkje rakk å bruke opp, ingen bilder av det vanvittig imponerande nysleppte programmet som Malakoff Rockfestival slapp på Expeditionen i går (eit program det for øvrig luktar todagarspass av) og heller ingen bilder av sjukt mykje snø eller kassaapparatminner frå barndomen.

Uansett har den uhøgtidlege påska vore bra. Satsar på at den høgtidlege påska blir like bra, og fyllt med meir snø, meir sjokolade, meir ski og meir fest.

No går eg og ser Tjorven, Båtsman og Moses, sidan eg gikk glipp av Blod-Svente og Jokke med Kniven i går...

13.03.2008

Og sånn går nu dagan...

Tidsfordriv i kollektivet:


Men fyrst er det påske.


So er det april.


SO er det eksamen.


...og der va vi jaggu meg ferdig med enda eit år, gitt...!



Og sånn går nu dagan....

09.03.2008

:bente hjå :janne

Når :bente vitjar :janne må ein nytte høvet til å få med seg tidlegare blogga favorittar.

Høg stemning med høge hæla og kulemage.

Yngve, TENNIS, mat, shopping, bente 1, vors, mat, moonwalk, regn, mat, lått, gjærbakst, mingling, NHH, fruktsalat 4 ever, mat og sjokkis.

Rett og slett 4 dagar fest til endes!

Uttrygt for gjentaking.

05.03.2008

Storebror ser deg...?

Bevegelser uke 9 2008
Gjelder besøksstatistikk for Nesten vaksen...

Dato Besøk (Klikk)

Ma 25-02-2008 6 (9)
Ti 26-02-2008 5 (10)
On 27-02-2008 6 (7)
To 28-02-2008 5 (5)
Fr 29-02-2008 5 (5)
Lø 01-03-2008 2 (4)
Sø 02-03-2008 101 (145)


Kva i himmelens dagar skjedde på søndag??

.

04.03.2008

Eit spark i rovi, takk!

Laurdagar er ikkje den heilt store dagen for sjølvransaking. Ikkje søndagar heller. Og det skulle vise seg at heller ikkje mandagar er dagen for dette! Medan eg ventar på rett dag, veks pensumbunken merka "skal lesast".


So då var vi allereie komne til tysdag, og eg er ikkje komen lenger enn dit eg var på fredag. Eg treng å skaffe meg noko som gjer at eg får gjort noko, utan at det har sentralstimulerander biverknadar. Med andre ord må eg skaffe meg den siste- liten- panikken eg pla få tre dagar før eksamen, no tre månadar før eksamen.


Og det viser seg at heller ikkje tysdagar er dagen for sjølvransaking...

01.03.2008

Laurdag...

...er lik:
  • sove lenge
  • p1
  • aviser
  • tur i bergensveir (aka bergansveir)
  • overraskande oppdaging av fotballkamp med heimelaget
  • like lite lesing som alle andre dagar ein planlegg å lese mykje
  • konstantering over at eg tykkjer om å blogge lister

Laurdagar er eigentleg ikkje dagen for sjølvransaking.

.