30.09.2009

Bildetørke

Bloggpostar utan bilder er ofte lette å hoppe over. Difor blir dette bildet med i dagens post.


Bilder av haustmotiv må til, ettersom det ikkje var lov å ta bilde på konserten med Solveig Slettahjell på fredag, som eg var på med gode, gamle S. Bileta frå laurdagens hurratur ilag med gode vener av mi gode vennine A kan heller ikkje brukast, sidan dei ikkje er av ein slik karakter at dei tåler publisering.

Men alt i alt har eg hatt ei veldig fin helg, der det sosiale tok all tid, og det faglege vart skvisa ut av programmet til fordel for søvn. Dette førte til sprenglesing av pensum, ignorering av obligatoriske oppgåver og det faktum at eg har skrive tidenes dårlegaste samfunnsfagsstatistikkoppgåve (noko som ser ut til å bry meg faretrugande lite...).

For i morgon er planen å lure trafikkorken på Danmarksplass, og snike seg med ein buss som tek meg til ein anna buss som skal ta meg heim! Det gjenstår å sjå om min slue plan let seg setje ut i live, sidan dei fleste av faktorane er utanfor min kontroll (avslutting av forelesing før tida, lite kork i trafikken, bussar som er i rute, bagasjeoppbevaringar som er ledige osv.). Men vi kryssar fingre og håpar på godt ver.

Før den tid har eg tenkt å pakke snippøskja, prøve å få med meg denne dokumentaren og gjere anna førefellande arbeid som ikkje kan vente til årets potetferie er over. Håpar at :bente held fortet til eg er tilbake, for eg veit av erfaring at blogging ofte blir vekkprioritert lenger oppe på vestlandet.

PS: I går såg eg årets fyrste julemenn i butikken. Dersom nokon veit kvar organisasjonen "Gje oss jula tilbake" befinn seg hen, venlegst send dei i mi retning so eg kan få skrive under med alle dei falske namn eg kan kome på.

29.09.2009

Tankevekkar

Av og til må vi stoppe opp å tenke. Etter ulykka i natt ser vi kor fort livet egentlig kan vere over. Uvitande og sovande på nattekspressen frå Oslo. Ein tilsynelatande heilt uskuldig tur frå aust til vest i haustmånaden september. Ikkje veit vi kva årsaken er, men der var dårlig føre over fjellet. Snøv og dårlig veir gjorde vel forholda dårlig.

På dette grunnlag oppfordra eg alle lesara av bloggen, kjende som ukjende, om å ta hensyn no når hausten og vinteren snike seg inn på oss! Legg på vinterdekk, senk farten og ver ekstra oppmerksomme no når alle stormane og vintermørke kjem!

Vi har jo egentlig ingen fleire å miste!

25.09.2009

:haust

Når ein må gå frå eit slikt lunt haust -frukostbord...



...med varm mocca og regnet piskande på ruta, til dette bordet...

...der det einaste som ventar er ei grå utsikt og ei halvferdig statistikkoppgåve, so seier det seg sjølv at starten på morgonen blir litt hard.



Når ein i tillegg oppdagar at den einaste tabellen ein treng for å skrive den forhatte oppgåva ikkje er blant dei 15 tabellane ein laga på eit dyrt program på ei skulemaskin i går, då blir føremiddagen rett og slett hard. Det er kjipt at når arbeidslysta for ein gongs skuld ikkje finn indre motstand, so skal den stange mot ytre.


Det er i slike augneblinkar ein må leite opp positiviteten, skrive alt ein kan utan tabell, gå ein lang tur og samstundes stikke innom det fine biblioteket og plukke opp pensumet til tysdagens doble historieforelesing om Afrika si historie, plukke opp kvelden jazzkonsertbillettar på veg heim og ta middagen ut av frysaren.


La det regne. Eg har paraply og gode vener.


Ha ei fin helg.


PS: dersom nokon skulle sakne MoteBloggen, so kan de i nederste kant av det siste bildet sjå ei bukse eg har brukt denne veka.

Bak skyene.....















er himmelen ALLTID blå!

24.09.2009

Ikea

Gårsdagen inneheldt ei fantastisk fin utflukt til Bergen sitt beste kjøpesenter med gode vener. Ein heilaften på Ikea er ikkje til å kimse av. God mat, god stemning og billege telys.


Ikkje alle har fått med seg at eg er verdas beste ikea-kompanjong. Etter i går er ingen lenger i tvil. Grunnane til at eg er verdas beste ikea-selskap er mellom anna at eg alltid har mat og vatn i veska (ikea kan vere utslitande!), ekstra kle, har god oversikt over kvar alt ligg og at eg spanderer is og pølser på alle som gidd å vere med meg (les: hjelper meg å bære alt heim).


Tidlegare turar har og sett spor etter seg på Ikea. M, som eg lokka med ein anna gong ved hjelp av gratis buss og is, var gjerrig nok til å fylle iskjekset sitt to gongar. Etter kort tid kom dette skiltet opp ved softismaskina:

Husk dette neste gong, born!

Takka vere at E hadde bil i går kveld, takka vere denne ordninga, kunne vi handle av hjertens lyst, og sleppe å atelete på at vi skulle slå til tilfeldige bussmedpassasjerar i fjeset med tørkestativ og fredsliljer på veg heim.



Dette er kun E sine varer. Greit å ha bil.


Ein anna årsak til at eg er verdas beste ikea-selskap, er at eg tek ansvar for stemninga. Difor hadde eg denne gongen med nylaga quiz , beståande av 16 ikea- eller meg-sjølv-relaterte spørsmål, av varierande vanskegrad, i tillegg til nokre lurespørsmål. Responsen var 67 % positiv, men endra seg til 100 % då det vart utropt premie både til 1. plassen (I med 7 poeng) og til den delte 2.plassen (M og E, 6 poeng).


Har eg ikea-seng? Spør I, E eller M, dei veit det no!


Mitt siste tilskot til hushaldninga er denne skittentøyskorga, som ikkje er vanskeleg å montere, men som burde kome med risiko-for-høg-støy-merking. Ikkje noko kveldsarbeid.

Bråkete skittentøyskorg


Ein heilaften på Ikea innebær at ein ikkje får gjort alt det andre ein skulle ha gjort. Difor må denne posten, skriven på morgonen, vente til kvelden men å bli publisert, fordi eg må gjere førebredelsane til innlegget vi skal halde på forelesninga idag.




(Red. anm: Eg rakk ikkje ein gong å gjere forbredingane før eg plutseleg måtte spurte til bussen. Ja, bokstaveleg talt spurte. )

21.09.2009

Ny utfordring til :janne!

Eg drista meg til å kome med ei ny utfordring.

:janne, du skal stadfeste dagen din med tekst og bilder.
Du kan velge kva dag du vil i veka, men må vere på ein kvardag.
Det skal takast bilde minst ein gong annakvar time, mellom kl 9 og 19.
Altso f.eks. klokkesletta 9 - 11 - 13 - 15 - 17 - 19.

Lukke til!

Dette er eit kortfatta resyme av veke 38.

Strikkebaketrene, strikkebaketrene, pleie, våke….. sove litt og ete…

















17.09.2009

Dagens surf

Har idag tenkt å tips om nokre fine observasjona eg har gjort. Fyst ut er denne, vittig overskrift. Humra litt høgt frå plassen min når eg las den. - Speaking of arbeidsplass: HER jobba eg.

Ellers har eg blitt litt betatt av blogga. Her er to av dei eg har hengt meg litt opp i. 1og 2.

Ellers er eg jo stadig innom Nettavisa og Finn. Har den siste tida blitt meir opphengt i secondhand-handel. Har akkurat handla sko, klokke og lommebok gjennom trygghandel på Finn.

Kan avslutningsvis oppfordre alle til å tenke gjennom kjøpa sine.
MÅ du handle nytt? Eller kan du handle det brukt?

14.09.2009

Haust = strikking

Har den siste veka produsert to søte baggy-hue. Ei lilla til Julie og ei brun til meg sjølv.
Enkle å strikke - artige å ha på!
















Neste prosjekt er her
Bildeprov på prosjektet kan drøye litt...... Men ein liten kjekkast i kjekkasgensar må vel bli bra? :)

12.09.2009

Laurdag

God helg!

10.09.2009

Sommar del 1

Eg har tidlegare snakka om ei sommaroppsummering. Eigentleg såg eg føre meg ein himla lang post, med mykje bilder og lite tekst. Den trur eg ikkje lenger kjem til å kome. Små postar derimot, trur eg det er mykje større sjanse for at kan dukke opp. Dette sjølvsagt berre dersom allmugen er interesserte i mine sommarsyslar. Kommentarfeltet er til for ein grunn, folks.

Her er uansett eitt av høgdepunkta i veke 34:

nestenvaksen avd. Bergen og nestenvaksen avd. Kristiansand lunsjar i Nupenparken. Knallhelg!

Skal ikkje sjå vekk i frå at dette kan bli eit fast innslag langsmed. Som livsnytar (les: student) har eg jo trass alt mange sommarveker å ta av.

Quiz-tid?















Kva ser vi på dette bildet?
Bildet er tatt for ca 2 veker sidan langt langt inne i Mushomskogen i Øvrebø.

09.09.2009

Onsdag


Å starte dagen på kafe er ikkje det verste ein gjer. Spesielt når ein ikkje vaknar av lyden av regn, paraplyen kan oppbevarast i veska og bergansen kan bytast ut med noko lettare.

Det fører faktisk til at resten av dagen går ganske lett. Og ganske fort. Sjølv om regnet kjem akkurat i det ein er på veg heim frå bussen.

07.09.2009

Uglebrugle

Nydelig dag ute i går.

Fint turområdet, herlig selskap, gode pølser, fint bål, gode bålbakte poteter med Guro-smør ;) Kjekke unga, gode blåbær og ikkje minst søt lita ugle som blei redda og satt fri!




















Personlig mena eg at hausten er grei den! :) Fint å vere ute. Deilig å kle seg med ull. Koselig med stearinlys inne. Mørke hausttura - der både padder og elga kan skremme ein! :) (ref. tur i går. Takk Lin Renate, som passa med når padda angreip, 2 gonga)

Takk, Aftenposten...

....for at de GNIR det inn!

Eit kort innslag av moteblogg idag.

Dagens outfit:
bergansjakke
bergansbukse
goretex-sko
paraply
ullkle

Ha ein vidare tørr dag!