12.12.2008

Juleferie!

Pinleg lenge sidan sist oppdatering no...eg skuldar på eksamensboble og utruleg mykje sosiale happenings for å vere meg. Fire av dei sju siste kveldane har vore okkupert med sosiale evangement utanfor heimens lune rede, og då er ikkje ein middag og eit tebesøk inkludert! Det høyrer og med til historia at desse sosiale utfluktene har gått sterkt på bekostning av pensum, men ein skal da ha eit liv!

Tapasjulebord, fransk visekveld, nordisk2008taco og Are Kalvø- standup har vist seg å vere ei knall opplading til eksamen! Trur eg skal gjenta denne bedrifta neste år også...


MEN! For å løfte julestemninga opp til nye uante høgder, vel eg idag å poste DENNE herlige musikkvideoen. Kjem ikkje du i stemning og godt humør av denne, kan du like gjerne breie dyna over hovudet og ta pause til det nye året kjem.



Og viss nokon lurer på kvifor eg er i eit så fantastisk godt humør idag, er det både fordi eg har juleferie og skal heim idag, OG fordi eg har billettar til DETTE arrangementet! Halleluja! Så dersom Gud vil og veret er bra (for å sitere min kjære vidaregåande-fransklærar), blir det allsang rett ned i høgget her 19. august!

06.12.2008

Og sånn går nu dagan...

Vi gjer alt vi kan for å sleppe unna bøkene no for tida. Det betyr mykje sosialt samvære og mykje utanomhus-aktivitetar. Eg tok med BK på luftetur ein kveld (eller var det omvendt...? ) og her er det vi såg:


Ein brannbil utan hastverk og blålys. Eit sjeldan syn her i Sandviken.



Desse trudde vi var utrydda. Men det var dei ikkje.



BK nytta anledninga til å ringe til julenissen og sjekke statusen på ønskelista, og ho vart tydeleg nøgd med det ho fekk høyre.

Sidan gåvestatusen høyrdes ut til å vere bra, tok ho på seg spanderbuksene og spanderte kakao på oss begge.


Bergen er julepunta for tida.



Vi fann og ut kva frisørsalong vi IKKJE skal bruke neste gong vi skal klippe oss, både pga. rart klientell og uheldig sveis.



I tillegg har eg vore på to sosiale lag med nye og gamle vener. Eit der eg hadde med kamera for å dokumentere mengder av god mat og gode vener, men kom heim med 4 heilt ubrukelege bilder, og eit der ikkje hugsa å ta med kamera i det heile. MEN! Eg har skaffa meg ein slik ein:


Einaste dumme er at tidspunktet er kvelden før eksamenen min. Men er det ikkje slik at ein skal tenkje på noko anna kvelden før ein eksamen...? Kryssar fingrane for det. Lenge leve galskapen!

03.12.2008

3. desember

Merkedag
Trenge ikkje månge ord
men tankane går til dei
som ikkje har det heilt greit idag

Til dei som får ei litt anna jul

02.12.2008

22 dagar igjen til jul!

Julekalendaren er omsider i gong! Ei heil hylle lyser mot oss med bura fulle av pakkar. Nesten som vindauget hos skomakar Andersen.




BK fekk æra av åpne den fyrste gåva nokonsinne i kollektivet sin julekalendar. Attpåtil fekk ho (den tvilsomme) æra å bli tildelt verdas einaste Kjell Magne Åshamar- pakke, noko som ho sette stor pris på.




Når varaordføraren viste seg å innehalde noko brunt og sukkerhaldig, var gleda fullkomen.




I dag er det min tur å opne pakke, og eg gler meg noko hinsides! Men sidan reglane lyd at alle medlemmar av kollektivet skal vere heime når pakken opnast, og BK har korøving ikveld (= sein kveld), må eg smøre meg med tålmod endå mange, mange timar. Bra eg har forelesing, eksamenslesing, S-besøk og mykje fjernsyn å slå i hjel tida med.

Og sånn går nu dagan...

01.12.2008

Blogg : blogg

... sorry.... tok hintet :janne.
Har vore alt for dårlig til å blogge i det siste.
Dagane FLYR!
Ungane vekse og jula nærma seg med storskritt.

Dei fleste gåvene er kjøpt inn og pakka!
Adventskalendaren til Julie henge på kjøkenet.
Tunet er måka for snøv.
Og far er klar for bedøk eksamen imåra!
Eg har skålda mandla til min HEIME LAGA MARSIPAN!
(som forøvrig, etterplanen, skal lagast i morgon!)



Her har vi Jonas :) Han er på onsdag 5 mnd.

Ps: dersom du lurte, JA det er tungt å gå på tur med barnevogn i oppoverbakka i 5-10 cm snøv

30.11.2008

Advent!

Og så var det plutseleg fyrste søndag i advent! Og eg har tent berre den eine av mine to te-lysestakar, i mangel på ein firearma ein.




Eg har omsider skjønt at jula dermed nærmar seg. Difor var eg laurdag i sentrum for å gjere unna noko av julegåvemaset. I det eg kom til sentrum kom eg i hug kvifor eg ikkje plar gå i sentrum på laurdagar, men alltid handlar måndag føremiddag i staden. Kan hende eg er rar, men eg tykker det er kjipt å GÅ i kø. Men eg fekk iallefall tak i julestjerne til adventkollektivet.



Adventstid betyr jo og sjølvsagt julekalendar, og ikkje berre TV2 sin. Pakkekalendar er i år innført i kollektivet, eg er ferdig med tre av fem pakkar, og eg undrast spent på kven som får årets ultimate varaordførar-i-Eid-Kjell-Magne-Åshamar-pakke. (Vil berre nemne at innhald og uthald er uavhengig av kvarandre.)




BK har teke ansvar, og for å utvide horisonten og den samla iq-en til kollektivet, har vi fått oss eit etter-finanskrisa-oppdatert europakart. (Legg merke til Ikea i aust.)



Til neste eksamen har eg kun ei bok å lese. Ei ny oppleving! I tillegg er det samanfallande pensum med den eksamenen eg nett har hatt. Difor trur eg kanskje dagens lesetime fell ut til fordel for ski på tv og pannekaker til middag.


PS: Og til dei som måtte lure, :bente er framleis i live! Iallefall i følge mine siste oppdateringar.

28.11.2008

Dagens fredag

Middagen er fortært (Fjordland bør forresten byrje å merke pakningane sine med at maten inneheld 79% salt), brøda er steikte, oppvasken tatt, det er Fragglene på Barne- TV, referatet frå dagens møte er skrive og halvparten av årets eksamenar er unnagjorde.

I morgon er det laurdag. Det betyr dobbel mocca, Dagbladet med Magasinet og mykje radio, i tillegg til mogleg sosialt- kreativt samvære med A. Filofaxen neste veke viser passeleg fullt program, og eg trur Bergansjakka mi er tett igjen.

Dersom din dag er meir prega av vinterdepresjon og kulde enn kva min kveld er, ta ein titt på denne og kom i godt humør!




Ryktene seier at denne filmen kjem til å ligge under juletreet til ein halv million nordmenn i år. Eg kryssar fingre for at eg blir ein av dei. Makan til vinterdepresjonsblåsar skal du leite lenge etter!

Skraphaugen har talt! Igjen.

26.11.2008

Gratulerer...

...til bror C som har bursdag idag!! *hurra!*

...til bror H og BE som fekk ein store og svære son i går kveld!

...til C og T som dermed fekk ein bror!

...til TJ med forlenga konsesjon!

...til NoSp 103 som er ferdig med eksamen, men som i denne augneblinken har NoLi 103-eksamen!

...til meg sjølv som har klart å gå heilt til dagen før eksamen utan å få nervesamanbrot.

25.11.2008

Sidan sist

Det blir sjeldnare og sjeldnare mellom kvar oppdatering. Vi skjemst. Ein liten bildespesial om kva som har hendt sidan sist som eit plaster på såret.



Det snør i Bergen, og mot alle odds har den blitt liggande. Gata vår treng "fare for påkøyring av akebrett"-skilt.



Herrenes tale gjekk langt over mine forventningar. Drømmemannideal-plansjen heng no signert på veggen hos julebordvert H.



Vi leikar ikkje pynting.



Med gode, gamle vener går det kjapt å plukke opp gamle dansetakter.



Kvardagen kallar. Gårsdagens syntakstime. Hurra.


Med andre ord: snøfall, glatte vegar, minusgrader, julebord, gamle vener, nye vener, dagen derpå, smågodt, kafé, pensum og to dagar til eksamen. Ei gjennomsnittleg veke, eigentleg.

Dagens konkurranse: Kva skal :janne gjere på idag? Premie i posten til den fyrste som legg igjen rett svar i kommentarfeltet. Eller, premie til ALLE som legg igjen kommentar i kommentarfeltet. Trur ikkje eg kjem til å blakke meg på premiar, akkurat.

22.11.2008

Småbarnsmor og laurdag..

Laurdagen er ikkje nådig.....
Eg var i seng kl 00.00
Jonas og Julie vakna presis kl 7
Klarte jo nesten ikkje å åpne augene

Men men, no er kl 8.30
Det er fyr i omnen
Julie glugga på barne-tv
Jonas søve i vugga

Ute er det begynt å bli lyst
Himmelen har månge farga
og INGEN skye

Ikkje sikkert laurdajen blir så galen alikavel!

18.11.2008

Pust inn. Pust ut. Gjenta ved behov.

Og plutseleg var vi komne til den 18.! Skremande!

Skremande fordi:

* det er 10 dagar igjen til eksamen
* det er 5 veker igjen til julaftan
* det er 3 dagar til oppgåveinnlevering
* eg har glatt hoppa over 6 lesedagar på min heim-å-stikke-fingeren-i-jorda-opp-til-albogen-ferie, noko som eg no ser (jf pkt 1) ikkje kjem til å slå heldig ut
* det er 4 dagar til eg skal holde ei herrenes tale som eg ikkje har skrive endå
* eg veit at eg ikkje kjem til å utnytte dei 10 dagane fram til eksamen slik eg burde

Lister verkar alltid beroligande på meg i stressande og skremande tider. Difor, her er :janne sin to-do-liste dei neste ti dagane:

* lese indre og ytre språkhistorie, morfologi, syntaks, fonologi og norrønt og helst kunne det utanat
* skrive og levere ei semesteroppgåve før fredag
* skrive ei herrenes tale og oppføre meg ikkje-nevrotisk på eit julebord
* kontrollere eksamenspanikken
* opprettholde ein normal psykisk balanse (ser den kjem til å bli tricky)
* gå på 4 forelesingar
* sove, ete, dusje (dette punktet kan evt. sløyfast)

Endå har eg ikkje teke med i vurderinga at mi kjære maskin (hjerte) oppfører seg nett slik ho gjorde før eg sende ho vekk på ein fire vekers helsefarm hos midtre nordfjord sin beste (?) datadoktor. Gunstig? Nei. (Veit kvar han bur.)

Eit anna aspekt som eg ser no, er at lister ikkje verkar beroligande på meg lenger. Crap...

07.11.2008

Skraphaugen har talt!

Utsett aldri til seinare idag det du kan utsette til i morgon.

God frædda'!

05.11.2008

Onsdag - lisjelaurdag

Lisje laurdag - er det noko å skryte av?
Det er midtveis i arbeidsveka ja, men eg syns lisjelaurdagen kjem oftare og oftare eg....

Når vi va små, ja då ja, DÅ va det LENGE mellom kvar lisjelaurdag. I voksnare tid føle eg at lisjelaurdagen kjem snikande inn på deg alt søndag. Der ligge den å lure og er klar til angrep når tirsdagen sleppe taket. Når lisjelaurdagen ENDELIG er over..... så er søndagen der snart - og lisjelaurdagen snikande igjen!

Er ikkje veldig fan av lisjelaurdagen eg.....

02.11.2008

Søndag

Akkurat no...


...er eg: trøtt etter gårsdagens koselege ost- og vinkveld hos H og KR
...har eg: fått i meg dagens mocca og vitaminpilledunge
...gjer eg: oppgåve i ordhistorie, vaskar kle og ser på regnet
...les eg: nynorsk etymologisk ordbok, språkhistorie og Balansekunst - Rohinton Mistry
...høyrer eg på: P1, P2 og P3, sidan mi kjære maskin med min kjære iTunes er på helsereise
...vil eg: heim, at Bergansjakka mi skal bli tett igjen, at nokon skal lage middag til meg og at ei bølge av arbeidslyst skal overmanne meg
...likar eg: at gullet OMSIDER kom der det skulle!
...likar eg ikkje: at brannane i Sandviken ikkje ser ut til å gje seg
...lurer eg på: om lobotomering er eit krav for å få lov å vere med i "Ungkaren", og om Tide Bussar gjev sjåførane sine lov til å køyre ruta akurat når det passar dei
...fun fact: eg har spelt i ein prisbelønna homsefilm!

Og som vi alle veit, kredden går som vanleg hit.

30.10.2008

Kva låg i lufta på tysdag...?

Resultat frå tysdagen:

4 stk. verv i det nyoppretta fagutvalet og 1 stk. mørklagd kontorlandskap.

29.10.2008

MobilBildeRasFråBente


Her va dagens utsikt frå butikken!



Jonas er klar for framtida!
Takk Julia!



Stakkars bilen til JT og garasjen!



Julie tok bilde av seg sjølv i går!
Eg berre må LE!


28.10.2008

HAN KAN RULLE :)

Oppdatering

Laurdag:
- Overraskande oppdaging av at veldig god venninne bor rett bak mitt hus!
- Kafébesøk i lag med overnevnte venninne og oppdaging av ny favorittkafé
- Innflyttingsfest og verdens BESTE innflyttingspresang frå A!


Søndag:
- Lesedag som vart brukt til alt anna enn lesing


Mandag:
- Ein månad igjen til eksamen!
- Forelesing
- Instituttrådsmøte
- Innkjøp av meir ull (hjerte)
- Tilfeldig møte med anna god venninne som eg ikkje har sett på 5 år!


Tysdagens agenda:
- 2t. forelesing
- 2t. fruktkutting og kaffikoking
- Nordisk allmøte
- Uforsvarleg mykje fjernsyn

Enkelt og greit!

27.10.2008

Utfordring mandag 27. oktober - 08

Utfordringa har vore artig :)
Dagen har vore innholdsrik.
Her kjem bilde med tekst!

Her starta dagen kl. 7.
Kl. 8 er mann og unge sendt avgårde,
full fyr i ovnen, God morgen Norge,
strikketøy og Jonas søve morningskvilda.


Kl. 9.41 - står klar med naboen,
vi skal kjøre eit stykke for å gå tur! :)

Trillegjengen på 5 voksne, 5 små og ein hund
- meget varierande veir idag.
Sol og regn og sol og regn!

Tilbake på parkeringsplassen
- Jonas søv inderleg godt.
Domt å vekke eit sovande barn!

Energien frå turen blir brukt på
å støvsuge og vaske 1. etasje og trapp.

Støvsuga sopass lenge at Jonas, for
andre gong i livet sitt, sovna på stuegolvet.

Eg får tida å strikke nokre omgongar på
sokkane før Julie kjem heim i frå skulen.

Jonas våkna sjølvsagt når storesystra kjem heim.
Ho kan å smelle med døra.

Fiskepudding i kvit-karri-saus, poteter
og revne gulerøte til middag.


Mens vi venta på middagen og at pappa
skal kome heim, er det plastelina tid.

Julie skal lese leksa for pappa før sengetid.
Ho kan lese korte enkle setningar!
Far ser folen. Ole ser fela.

Så kjem kvelden!
Roen senka seg over huset.
Ungane søve på loftet.
Far sysla på garasjen.
Mor ser tv!

Takk for idag!


25.10.2008

Nydelig Janne :)

Det har var kjempe bra!
Virkelig bra Janne! :)

Eg tar utfordringa, men må bli frå den kjedeligaste dagen i veka . MANDAG.
Ok?1 bilde i timen : skal virkelig prøve... kan ikkje love altso!

24.10.2008

Utfordringa!

Dagen i går vart ei større utfordring enn eg hadde trudd på førehand. Mest fordi eg ikkje er vand å springe rundt med kamera i alle moglege situasjonar (slik som andre bloggeidol klarer med stort hell), men og fordi eg rett og slett ikkje er nokon god fotograf. Dette var vel heller ikkje nokon typisk dag i familien :janne, men ein innhaldsrik dag var det iallefall! Bileta er knipsa kronologisk frå kl. 09.00 til kl. 18.00, og det som fall utanfor fall diverre utanfor. Slik som skulearbeid og andre nyttige syslar. Jaja. Kan ikkje fange katta i både posen og sekken kvar gong! Køyr på!



Dagen starta tidleg. Som vanleg.


Blei plukka opp av medsamansvorne (og bileigande) H, og kursen sett mot Åsane.


Bergensveiret var Bergansveir idag og.


Dette er matematikk vi likar.


Medan eg var på do, nytta H tida til å ta bilde av minibanken på Ikea.


Kjöttbullar!


H vart lei av at eg stadig knipsa bilder, så ho bestemte seg for å knipse tilbake. Eg vann.


Resultatet av dagens dont. For øvrig er det meste tilhøyrande bileigande H. Iallefall det meste av verdi.


Då eg kom heim, fann eg desse to i full gong med eit eller anna på sofaen. (Eit eller anna = månadens obligatoriske slåsskamp)


Ikkje alle kan tilbringe dagane med å slåss på sofaen, nokon må bake til livets opphald.



Og der var vi komen til barne-tv! Og takk og lov for det! :bente, eg gjer deg utfordringa RETT tilbake! Noko du sikkert kjem til å klare med GLANS, og mykje betre enn meg! Men sidan du både er flinkare å ta bilder enn meg, og sidan du er mykje meir produktiv, må bilda vere tekne med max 1 TIMES mellomrom! Er du med??

Ein sjuk sjarmør

Sjarmøren har blitt sjuk.....
Rett og slett ei travel natt!
Sjarmøren blei forkjøla,
trengte ekstra oppvartning.

Sjarmøren har det bedre no!
Søv stilt og godt i vugga si.
Sjarmøren må bli frisk igjen.

23.10.2008

Onsdag på torsdag

Fyrst og fremst: JA :bente, eg tek utfordringa! Men sidan gårsdagen også var ein innhaldsrik dag, varmar vi opp til den store utfordringa med kortfatta å oppsummere denne vekas onsdag i bilder.

Eg var i byn og skaffa meg denne:



Og sidan forfattaren sat i hjørnet og noterte navnetrekket sitt i bøkene, skaffa eg meg like so godt eit signert eksemplar:



I tillegg kom det ein lekker invitasjon til årets Playboy Mansion julebord:



Dagen blei avslutta med fagfest i kjellaren på kvarteret, der vårt eminente kviss-lag "Jaffal Alf" like godt naila heile kvissen og stakk av med kveldens einaste premie, pluss feite diplom printa ut frå fagutvalet si maskin:



I tillegg sende eg mi kjære maskin på helsefarm til Nordfjord, med eit lønnleg håp om å få den igjen i avvirusa tilstand. Eg rettar difor ein stor takk til roomie BK, som eg, utan hennar samtykke, stel datatid frå. No er eg i gong med utfordringa frå :bente, og dagen er full av planar. Vent i spenning!