22.05.2008

Forvirra

I dag medan eg venta på bussen heim i frå byn, skjedde dette på mindre enn fem minutt.

Ein av byens lause fuglar kjem sjanglande forbi med sigaretten nesten dettande ut av munnen, stoggar ved meg der eg står lett lenande inn imot ein vegg, ser på skoa mine og seier: "Jæææææ***i tøffe sko! De der likte eg schææmmpegått!!"

...?

Tre minutter seinare kjem ein eldre herre med misjonsbladet Fyrlykten og eit innsmigrande smil og vil frelse meg til Jehovas vitner eller noko liknande. Når eg høfleg smiler og takkar nei, ser han fyrst forundra på meg, men går vidare til rumenaren som set med amputerte bein i rullestolen eit stykke lenger borte og freistar lukka der.

...?

Eg hadde då ikkje noko anna på meg idag enn eg pleier å ha? Dessutan lente eg meg inntil ein butikk som sel PRADA! Men dette hadde tydeleg inga innverknad... Dersom det er fleire der ute som tykkjer eg ser ut som ei blanding av narkoman/fortapt/gatepike/rumenar, kan de vennlegst gje beskjed?!?

20.05.2008

Sommarens kanon...?



Det nærmar seg varmare dagar (forhåpentlegvis) og det er tid for late dagar under parasoll eller i hengekøye. Sidan alle "1001 bøker/ting/filmar/album/greske øyer du MÅ lese/gjere/sjå/høyre/oppleve før du dør" kjem ganske høgt opp på mi liste over fullstendig unyttig ræl, har eg berre tenkt å nevne eit knippe bøker som eg meiner kan passe til sol og sommar. Gjer som du vil.


Flaggermusmannen - Jo Nesbø.
Varmedirrande og svettedryppande historie frå Sydney sine solsteikte gater. Fantastisk historie, Nesbø sin fyrste, og beste, om Harry Hole.

Down Under - Bill Bryson
Enda ei historie frå solsvidde Australia, denne gongen ført i pennen av ein engelske reisejournalist, som med skråblikk fortel om sine opplevingar der nede i ein svært så humoristisk tone. Burde ha vore pensum for alle som har planar om nokon gong å backpacke i aussie- land.

Markens grøde - Knut Hamsun
For dei som føler dei vil slå tre svaler i ein sommar og få med seg noko av nasjonallitteraturen når dei fyrst er i gong. Fantastisk bok, fantastisk språk, fantastisk forfattar.

Sannhet ved soloppgang - Ernest Hemingway
Jakt på tiger og gnu på dei afrikanske savannene med sola i senit. Høg testosteronfaktor, men Papa er no ein gong Papa.

Fordeler og ulemper ved å være til - Vigdis Hjort
Om Nina som lev ut draumen, kjøper seg eit pensjonat på Tjøme og startar eit nytt liv med dottera Agnes. Luktar av syriner, sjøsprøyt og solbleika sengety.

Kon Tiki - Thor Heyerdahl
Min helt! Usannsynleg fantastisk historie som blir fortalt som det mest kvardagslege på jord. Eller på hav.

Mitt Afrika - Karen Blixen
Enda ei bok frå det koloniserte Afrika. Delvis sjølvbiografisk frå ei tøff dame. Åpnar med setninga "Jeg hadde en gang en farm ved foten av fjellet Ngong" og blir berre betre.

Harry Potter - J. K. Rowling
For born i alle aldrar. For dei som tykkjer at Ringenes Herre eller Hobiten blir litt for mykje. Start for all del på bok 1.

Muskat - Kristin Valla
Debutroman som har fått alt frå terningkast 1 til 6. Om Klara som reiser til Venezuela for å studere spansk, og møter ein professor med hjartet på feil side, medan forlovaden ventar på ei sydhavsøy. Ei elsk- eller hat- bok.

Peer Gynt - Henrik Ibsen
Meir norsk kanon for dei som føler dei har gått glipp av noko. Dryge 170 sider med replikkar på rim, og opphavet til fleire norske inngrodde uttrykk enn du er klar over. Ingen over, ingen ved sida. Vi er alle litt Peer i blant.

Beatles - Lars Saabye Christensen
Kim, Sebastian, Ola og Gunnar a.k.a John, Paul, George og Ringo sin oppvekst i Oslo på femti- og seksti-talet. Ein murstein av ei bok, men vel verdt å kome igjennom. Oppfølgar i "Bly", avslutninga "Bisettelsen" kjem i august.

Nådeløs villmark
- Lars Monsen
Fantastisk fyr med fantastisk attitude! Tre års vandring på tvers av Canda som den fyrste i historien. Får kven som helst til å ville pakke primusen og soveposen og stikke for å fiske. Noko som er store moglegheiter for å gjere på denne årstida. Fantastisk skribent og fotograf i tillegg til å vere flink til å gå.


Eg har å byde, men ikkje å nøyde.

19.05.2008

Janne?

HUR GIKK DET????????

18.05.2008

Julie på 17. mai


17. mai - alltid klar med paraplyen

Martin i svevet! :)

2. pinsedag

17. mai som vi alle er så glade i


Så var denne 17. mai over.

Vi kan alle puste letta ut, småkvalme etter alt for mykje søte mat, og litt trøtte i haude etter for mykje larm og bråk, både frå russ, småunga og småunga-vaksne.

Vi starta dagen med ei VILL jente på 5 som kom SPRINGANDE inn m 17. mai tuten i munnen og flagge i handa, og eit VILLT ønske om å få på seg denne nasjonaldrakta si, bunaden.

Hadde klokka vore nærmare 11, så hadde vi kunne tatt den på, men når klokka var halv åtte, og vi måtte enda "SPARE" den, måtte vi vente.
Denne morgenen hadde NRK1 gjort eit lite sjakktrekk med å ditche barnetv for "Frokost TV" - så aktivitetsnivået på det rosanaborommet vårt var betraktelig høgare denne morgenen enn andre (til STOR frustrasjon for trøtte foreldre).

Personlig hadde eg meir problem med mitt eige klesvalget på denne nasjonaldagen. Ein har vel ikkje spesielt mange valg når ein ser ut som ein liten kval.... Hadde bunaden komt på, hadde det vore eit naturleg valg. Når verken den el. kjolane i skapet kom på, så fekk det holde med ein burka, eit telt el. ein bossekk - alt ettersom auge som såg.


Nei, eg skal ikkje klage. Nasjonaldagen var i grunnen veldig bra!

I det toget kom i retur inn på skuleplassen, opna slusene seg, og folk, unga, korps, ballonga, 17.mai tuta og flagg fekk STOR fart inn i gymsalen. Der var det mykje godt å stappe i seg, før vi igjen torde oss ut igjen. Då va sola komt tilbake og hadde tørka opp litt av himmelfallet.

Lenge leve Norge!

Hipp hipp HURRA HURRA HURRA!

16.05.2008

Halvvegs

Befinn meg framleis på djupet, berre med eit anna pensum enn sist.


Veret er halvfint, eg er halvvegs i eksamenane, eg er halvvegs interessert i det eg styrer med, eg har halvvegs billettar til kveldens kamp, men glaset er iallfall halvfullt med vatn (framleis optimist).


Det meste er eigentleg halvvegs no.


Føler eg berre går i ring og sosar, medan tida susar forbi. Har lyst på hengekøye, tiltakslyst, ferie, energi, konsert, sol og tur til Capri.


Capri

Nokon som vil vere med?

12.05.2008

Coming up for air...

Opp for å puste, før eg tek med meg bøkene ned på djupet igjen. Ein dag att.


Siste veka har føregått innandørs, og bestått av lesing, soving og eting, kun avbrote av korte grill- eller muffinsturar. Gler meg til livet kan gå vidare att, ute i solskinet.

05.05.2008

Pause

Sidan sist har eg:
  • klipt meg
  • jobba
  • flytta (for andre)
  • feira bursdag
  • vore køyrelærar
  • feira enda en bursdag
  • vore på vårens vakraste eventyr
  • fått barnebilett på ferja
  • levd på vafler og pølser
  • møtt gamle kjende
  • lest Naiv. Super.
  • leita opp vårkle og lagt igjen halvparten heime
  • vore billettør
  • baka tre sjokoladekaker for andre
  • stått opp tidleg (frivillig!)
  • talt lam
  • passa tanteonga

Det var vårens ferie. Rart eg ikkje har fått lest!? Uansett, det er altfor lita tid igjen til alvoret startar, so no er det full skjerpings. Kryss fingrane for at det går.

04.05.2008

VIPS kunne vi sykle

5 åringen har blitt undervurdert av sine foreldre.

Støttehjula SKULLE av idag, og det fekk berre gå som det skulle gå. Julie så stolt, eg prøva å lære ho litt om balansen og korleis ho skal sette beina ned når ho blir usikkert. JT ropa og eg blir nødt til å gå å hjelpe han, men seie til Julie " No venta du, så er eg straks tilbake". Neste gong eg snur meg, sykla ho så fint rundt der på tunet! Ho kunne svinge uten å ramle, kunne sykle lengre strekninga uten å ramle. Ho var rett og slett utlært før eg fekk lært ho noko som helst Og vi har prakka på ho dissa jævla støttehjula.
:)
No skal det leggast til at for to år sidan, i den barnehagen ho var då, sykla ho rundt på ein MINI sykkel, med LAVT tyngde punkt. Men eg trudde ikkje at den forsatt kunne gjere slikt eit utslag.

Vi har iallefall VERDENS stoltaste 5 åring i hus idag.
Ho STRÅLA, og det må vere den beste dagen i livet hennar.
Du kan vel egentlig kjenne deg litt igjen?
Ein slik dag hugsar ein resten av livet!

02.05.2008

For alle i grunn

Denne linken innehelde HEILT klart eit produkt ALLE heima burde ha!
*fnise**

Eg utfordrar!

Eg utfordrar ALLE!!
http://kampanje2008.dyreparken.no/

Sjekk ut denne konkurransen!
Ganske stilig!

:) ops

Eg har ikkje klart å holde det eg lova....
ingen nye innlegg frå meg.
Janne lynsja meg vel når ho er tilbake i den verkelegeverden!
Ho har forresten vore i kontakt med meg, via SMS.
Satt i ridehallen og kjeda seg! *fnise*
Venta på neste program sa ho!
Så der er liv i ho!

Ellers lite nytt å melde her i frå!
Sitte å venta på SOLA!
Dei seie ho kjem i helga, og eg kryssa det eg har!