18.12.2007

Tre nøtter


Ingen jul uten Askepott, med ei småfrekk stesyster og ein halvpen prins på slep. Sjølv det at brudediademet i sluttscena klart og tydeleg er laga av kvit hardplast, og ikkje av meir verdifulle materialer, klarer ikkje å legge ein dempar på at denne filmen rett og slett er ei perle av dei sjeldne.


Når eg var 8, kunne eg heile denne filmen utanat. Køddar ikkje. Desverre (?) kan eg ikkje påberope meg denne kunnskapen lenger. Når ein kun ser filmen ein gong i året, og ikkje 40 gongar for veka (slik vi gjorde når vi var 8), slepp rekkefølga på replikkane sakte, men sikkert taket.


Fleire som kjenner det slik? Skjønar. Eg tek ansvar. I dagens luke finn de eit resymé av den tsjekkiske storfilmen frå 1973, fritt etter barndomsminna til ein av startsiden.no sine medarbeidarar. I tillegg minner eg om at det berre er 6 dagar igjen til jul, og at NRK1 sender Askepott kl 10.55.





13.12.2007

Lucia



For nokre år sidan gikk eg i anledning luciadagen på apoteket for å kjøpe gurkemeie (ja, eg er ein av dei som tykkjer gurkemeire er betre enn safran i lussekattar. Dessutan kostar safran ca 40 000 kr for eit halvt gram). Boksen var på 50 gram. Oppskrifta mi krevde ett gram pr. posjon. Med andre ord hadde eg gurkemeie nok til eg var 70 år. Med tanke på mi begrensa glede for kjøkenstyring, trur eg kanskje boksen helde til eg er 75. Eller egentlig so trur eg den ved eit uhell kjem til å forsvinne under flytting.


Oops, so synd...


For deg som har lyst å bake herlegdomen og gje dei til meg etterpå, finn du oppskrifta i dagens luke:







09.12.2007

Eg vil takke...

Lang pause no. Veldig lang! På tide å ta grep igjen. Men fyrst: den obligatoriske takketala.

TAKK til Bente som har heldt fortet her medan eg har vore oppteken med eksamenar, familie, jobb og lange dagar.

TAKK til alle som har sendt meg fine meldingar i min lange pause.

TAKK til alle som les bloggen vår, trass i sjeldne oppdateringar.

Ei endå større TAKK til dei som gidd å kommentere den (ikkje so mange å takke der, altså... ta det til deg du som skal).

Og so til det viktige! Dagens julekalendarluke!




Kjem ein ikkje i julestemning av denne, so kjem ein ikkje i julestemning! Enjoy!

02.12.2007

ADVENTSKALENDAR

1. desember gjekk så inderlig fort, at eg aldri fekk lagt inn nåke. Trurkje Janne heller akkurat hadde kapasitet til det.
Men då prøva eg idag:

2. desember
Idag er det fyrste søndag i advent. Vi tenne lys for glede og håp!