27.02.2009

Akkurat no......

...er eg: drit leide basseluska og sjukefolk
...har eg: fått Jonas til å sove igjen
...gjer eg: egentlig ingenting - ser God Morgen Norge; dei nye venane mine
...les eg: avisa frå i går OG idag
...høyrer eg på: mine gode venar i GMN
...vil eg: kanskje sove litt igjen? Gå tur? Bake?
...likar eg: at det ser ut som om det blir sol!
...likar eg ikkje: at eg ALLTID må ha på brodda når eg bevega meg ute
...lurer eg på: om det går ann å VASKE ut basseluskane til JT!
...fun fact: fact fun - tcaf nuf

Og som vi alle veit er det egentlig :janne som praktisera denne typen innlegg.... men no "stjal" eg den, berre for dennne gongen! Men mitt blei kanskje litt kjedeligare enn hinnja?

24.02.2009

iTunes > Spilleliste > Februar

I min høgst elskade iTunes-spelar finnast det til ei kvar tid ei speleliste som ber navnet på månaden vi er inne i. I denne lista ligg det alt frå ein til tolv låtar (eit riktig godt album inneheld aldri meir enn tolv låtar!), og dette er dei låtane eg denne månaden har mest lyst å høyre til ei kvar til, uavhengig av kor mykje dei surrar på spelelistene til P3 eller ikkje.

Dette har meget mulig inga interesse for andre, men her er iallefall månadens speleliste, i tilfeldig rekkjefølge. (Random er ein funksjon vi set meget stor pris på. )



1. Her Morning Elegance - Oren Lavie

2. Torsdag - deLillos

3. It Don't Mean a Thing- Ella Fitzgeralg og Duke Ellington

4. Bruises- Chairlift

5. Fairytale- Alexander Rybak

6. A Message - Coldplay

7. Tanta Til Beate - Lillebjørn Nilsen

8. Working On a Dream - Bruce Springsteen

9. Use Somebody - Kings Of Leon

10. Dreamers Of Heart - Silje Nergaard

11. Benny and the Jets - Elton John

12. Monsieur Camembert - Hot Club de Norvège



Men lister er jo aldri artig utan at ein får vite om andre sine lister! Difor utfordrar eg herved TrønderJanne og Janne 1 til å poste noko a la det eg har gjort her. Stafetten er i gong!

23.02.2009

Fritid

Fritid er fritid
Fritid skal brukast som fritid
og ikkje vere daglegdagse gjeremål.

Mi fritidssyssel er fortida å strikke.
Eg strikkar til jentebebisen t J&E.
Håpa resultatet blir bra!

22.02.2009

Ein sjuk fastelaven

Far er sjuk igjen
Mor bakar fastelavensbolla til far og barn
Mor vil at alle skal ha det bra

2 brett med bolla
Halsdrops
Tørkepapir
Otrivin

Sjuk fastelaven for far!

16.02.2009

"Jeg er ikke så tjukk...

...bare ekstremt svai i ryggen", sa Audun Tylden til Klassekampen. Eg kan desverre ikkje påberope meg å ha spesielt svai rygg. Den som berre kunne hatt svai rygg...

På laurdag spurde eg ein kar pent om eg kunne få sitte på fanget hans, fordi det ikkje var fleire ledige stolar rundt bordet vårt. Til svar fekk eg (kontant):
"Nei, eg har ikkje så stort fang, eg!"

Ja...

Ellers var helga veldig fin og meget sosial. Ulempa med sosiale helgar er at ein må ta igjen i veka alt ein skulle ha gjort i helga som ein ikkje fekk gjort i veka før. Det positive er jo at all tid eg før brukte til å lage og ete mat, no er ledig!

Ellers? Planlegging, lesing og mailing. Time will show.

: mandag

Oppe kl: 7
Tomt for brød
Nylaga rundstykker i går, va litt tørre idag ja.....

:julie frisk og rask på skulen.
Hås og småsjuk :jonas.

Ska ut å gå tur no, nysnøv og meget muli GLATT under.
Brodda!

Brodda = gamal dame??

13.02.2009

Fakta på fredag

  • smågodt for kr 28,70 er nok til å gjere deg kvalm
  • det er umogleg å ikkje bli i godt humør når ein høyrer Alex Rosén le
  • laurdag er ein mykje betre dag å feste på enn fredag
  • pledd og stearinlys er ein undervurdert måte å spare straum på

09.02.2009

Utfordringa

Sjølv om eg er "vekke" ser eg at avstemminga vår no e over! :)
BRING IT ON :janne! :)

08.02.2009

Yoga!

Medan nokon av oss har gangsperre i tre dagar etter ein times yogaøkt, nailar andre Klovnen som ein proff på fyrste time...


(PS: "Klovnen" er ikkje ei tilbeding av det amerikanske flagget, men ei yogastilling. Berre til informasjon.)

05.02.2009

Bilderas på ein torsdag

Sidan :bente har reist rett vest, må eg holde fortet. Det gjer eg med eit bilderas frå kva eg har styrt med den siste tida. Kronologisk.


I går kom endeleg denne koppen til sin rettmessige eigar!

I dag har eg, istaden for å gjere noko skulenyttig, vore på kafé ilag med H. For å krone verket, maste eg lenge for å skyve avtala vår framover tidlegare på dag, berre for å legge telefonen min på eit eige avstengt rom, slik at eg sjølv kom altfor seint. Dagens moral: Ikkje skubb avtaler framover.



Vi gjekk på Barista, der eg fekk ei litt forsenka, men veldig fin (jule)gåve med H.





Mocca: terningkast 4. Cappucino: terningkast ukjent.




I det eg storma ut døra for ikkje å bli endå meir forsein, raska eg med meg posten. Der låg denne pakken:



Eg kan nemleg opplyse om at det kan løne seg å legge igjen kommentarar på andre sin blogg! Det gjorde eg, og sjå kva det førte til! Eit sikkert veldig dyrt perlearmband frå happydesign! Kanskje nestenvaksen må utlyse kommentarkonkurranse for å få noken av sine 1 737 lesarar til å bli litt flinkare å kommentere?

Eg har ikkje hugsa på å ta bilde av all snøen vi har her i byn for tida. Det får bli ein anna dag. Reknar med den kjem til å ligge i minst to timar til. Eventuelt kan eg slenge inn eit sørpebilde, som trass alt gjev eit litt meir reelt bilde på denne byen vinterstid.

04.02.2009

Kvar går reisa?

Reisa går vestover. Vestover til det vene og vakre Vestlandet.
Der sola aldri kjem fram før det vårast, fordi dei vene og vakre fjella skuggar.
Ferda går med fly. Fly til hovedstaden Kristiania og deretter til flyplassen "der ingen skulle tru at nåken kunne lande og ta av" - Sandane. Har sett flyfoto av den flyplassen.... og JAGGU e der trångt om plassen. Så får håpe der er plass til meg, Jonas og Malene imåra!

03.02.2009

Trøtte dagar...

Eg er trøtt for tida. Hovudet fungerar dårleg. Eg går (som vanleg) over vegen på raud mann, men utan å sjå meg for, slik eg pleier å gjere. Ikkje lurt. Lesekonsentrasjonen er fråverande, og hadde eg ikkje hatt min elskande raude, overfylte Filofax, hadde eg ikkje hugsa korleis eg skulle kome meg igjennom dagen.

I går, i kassa på Rimi, kunne eg ikkje fatte kvifor fyren i kassa masa so inni hampetoget om eg ville ha kvitteringa. Eg har alltid innbilt meg at dersom eg som kunde går og pakkar varene mine rett etter å ha dradd kortet, er det teikn nok på at eg ikkje vil ha den vesle, regnskogtruande papirlappen. Når eg ser opp, etter å ha fått alle varene mine ned i mitt miljøvenlege Baggu-nett, set han og viftar med 200-lappen eg så surt hadde kravd å få ut når eg betalte. Snill som han tydeleg var, tilbaud han seg til og med å ta den for meg, men eg klarte å presse fram eit "He he, neida, det går fint det..." før eg strauk på dør og gikk rett heim og sov 1 1/2t. middag.

I dag har eg ei rångsvevd døgnrytme, og startar dagen med kaffi i håp om at Nescafé kan utrette miraklar. Om ikkje for meg, so iallfall for andre.

02.02.2009

Fordomma er jammen ein rar ting

Vi alle har dei, for eit eller anna, til og med :janne! Innerst har ho har fordomma mot meg. Har iallefall fordomma mot trillandesmåbarnsmødre i Bergans, Goretex-sko og rare hårsveisa... Eg sitte i det.


Kan dette skape trøbbel for vidare blogging?