03.02.2009

Trøtte dagar...

Eg er trøtt for tida. Hovudet fungerar dårleg. Eg går (som vanleg) over vegen på raud mann, men utan å sjå meg for, slik eg pleier å gjere. Ikkje lurt. Lesekonsentrasjonen er fråverande, og hadde eg ikkje hatt min elskande raude, overfylte Filofax, hadde eg ikkje hugsa korleis eg skulle kome meg igjennom dagen.

I går, i kassa på Rimi, kunne eg ikkje fatte kvifor fyren i kassa masa so inni hampetoget om eg ville ha kvitteringa. Eg har alltid innbilt meg at dersom eg som kunde går og pakkar varene mine rett etter å ha dradd kortet, er det teikn nok på at eg ikkje vil ha den vesle, regnskogtruande papirlappen. Når eg ser opp, etter å ha fått alle varene mine ned i mitt miljøvenlege Baggu-nett, set han og viftar med 200-lappen eg så surt hadde kravd å få ut når eg betalte. Snill som han tydeleg var, tilbaud han seg til og med å ta den for meg, men eg klarte å presse fram eit "He he, neida, det går fint det..." før eg strauk på dør og gikk rett heim og sov 1 1/2t. middag.

I dag har eg ei rångsvevd døgnrytme, og startar dagen med kaffi i håp om at Nescafé kan utrette miraklar. Om ikkje for meg, so iallfall for andre.

Ingen kommentarer: