05.02.2009

Bilderas på ein torsdag

Sidan :bente har reist rett vest, må eg holde fortet. Det gjer eg med eit bilderas frå kva eg har styrt med den siste tida. Kronologisk.


I går kom endeleg denne koppen til sin rettmessige eigar!

I dag har eg, istaden for å gjere noko skulenyttig, vore på kafé ilag med H. For å krone verket, maste eg lenge for å skyve avtala vår framover tidlegare på dag, berre for å legge telefonen min på eit eige avstengt rom, slik at eg sjølv kom altfor seint. Dagens moral: Ikkje skubb avtaler framover.



Vi gjekk på Barista, der eg fekk ei litt forsenka, men veldig fin (jule)gåve med H.





Mocca: terningkast 4. Cappucino: terningkast ukjent.




I det eg storma ut døra for ikkje å bli endå meir forsein, raska eg med meg posten. Der låg denne pakken:



Eg kan nemleg opplyse om at det kan løne seg å legge igjen kommentarar på andre sin blogg! Det gjorde eg, og sjå kva det førte til! Eit sikkert veldig dyrt perlearmband frå happydesign! Kanskje nestenvaksen må utlyse kommentarkonkurranse for å få noken av sine 1 737 lesarar til å bli litt flinkare å kommentere?

Eg har ikkje hugsa på å ta bilde av all snøen vi har her i byn for tida. Det får bli ein anna dag. Reknar med den kjem til å ligge i minst to timar til. Eventuelt kan eg slenge inn eit sørpebilde, som trass alt gjev eit litt meir reelt bilde på denne byen vinterstid.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Litt fleire terningkast:

Barrista: Terningkast 5
Cappuccino: Terningkast 4
Framkomstmoglegheit Alleiien - Barrista: Terningkast 6
Cafébesøket:Terningkast 7

Summasummarum: bør gjerast igjen :D

Unknown sa...

kunne ikkje ha sagt det beire, frk. H! :D gjenta denne veka??