30.11.2007

Dagens STORM tips

Dette Pølsevevet var GANSKE vittig! *fnise*

Julegåvetips te dei som ha alt?

27.11.2007

GOD JULEFERIE JANNE! :)



Måtte du få dei kosligaste 6 vekene med juleferie! :)

21.11.2007

Ein dag vekke frå jobb..


og VIPS har talva blitt litt meir ja, alt anna enn personlig?

20.11.2007

Roen har senka seg..

Eg sitte her med dataen fem minutt før eg skal legge meg.
Hus freden har roa seg.

Frikk har lagt seg i buret sitt.
Inne frå rommet til Julie høyre eg ein høg, sakte pusting, på kanten til snorking.

Deilig å av og til ha huset for seg sjølv. Nyte roen, rotet og stillheten som blir.
Men må seie at det hadde holdt i MASSE vis for meg om JT berre va vekke eit par tima.
Han er på Hovden fram til torsdagsseinekvelden....
Skulle gjerne ha satt meg i armkroken hass når det var litt actionfyldt både på
Grey's og Medium ikveld. Istadenfor blei eg sittande og gløtte bort på vei svarte glasa ut.....
Såg stadig nåke som rørte seg der ute. Klarte å skremme meg sjølv litt ja.. Men heldigvis
Frikk gjer som oftast beskjed om der er nåken ute, betryggande i grunn!

Nei no er det sengetid! :)

Skal berre inn å susse Julie godnatt fyst. :)

19.11.2007

Fullt fokus

Lat endå eg. Teke en ny jannehelen.


Akkurat no...

...er eg: ferdig med mine to mappeeksamenar
...har eg: en skuleeksamen på fredag og en på tysdag
...gjer eg: ei dårlig disponering av tida mi
...les eg: kun litteraturpensumet
...høyrer eg på: iTunes -> playlists -> christmas
...vil eg: berre stå på alle eksamenar
...likar eg: at eg faktisk har 6 veker juleferie!
...likar eg ikkje: at NoLi-mappeeksamenen min ser ut som den er skriven av en 4-åring
...lurer eg på: kven disse smart-ass'ane HER er
...fun fact: spiserøret mitt er nesten like stort som en melkeplett


Litt for fokusert på eksamen, seier du? Nei. Ikkje i det heile tatt.

18.11.2007

Ein draum...



Tenk å kunne hatt slik eit hår!

Iallefall glad min eigen etterkomar fekk det, når eg ikkje var so velsigna.....

Måtte julestemninga trenge seg på!






:)


15.11.2007

Ja takk takk

Ja takk til kommentara!

TAKK til alle som orka og GIDDE å lese den fantastike bloggen vår.

-12 kalde kuldegrader

Kaldt ute idag. Nydelig men kaldt.
Lisje Julie blei kommandert i ull frå topp til tå idag.
Eg i skjerf, hue og votta. Takk Mormor for GODE votta!

Når vi fyst er inne på ein liten takkerunde, må eg takke
svigermor
. Takke ho fordi eg fekk lov å passe orkideane
hinnja når dei var i Kjølsdalen, for nydeligare blome enn
dinnja her skal dokke leite lenge etter. Eg har den forsatt,
svigermor ønska ikkje å flytte den før blomstrane er vekk,
så den står forsatt i stua mi!




SJÅ DEN HER DÅ! - og det bilde her er litt gammalt for no
har eg sett over 20 bloma på den!

*sukk*

14.11.2007

Sjå alltid lyst på livet...




Bunken til venstre på bildet er det eg må kunne til neste fredag.
Bunken i midten er også ting eg må kunne til neste fredag.
Bunken til høgre er det eg må kunne til tysdagen etter fredagen.
Eg manglar dessutan 4 bøker.



Altfor mykje arbeid.
Altfor lita tid.

Åja. Nemnde eg dei to mappeoppgåvene som skal inn på måndag?


Sukk.

13.11.2007

To gleder idag

Den fyste va at Jernia sin julekatalog kom med avisa idag tidlig :)


Den andre va sjølvportrettet til ein av dei ansatte i nabobutikken. Eg har idag henta inn materiell til annonsering i neste veke, og nabo butikken laga eit veldig fint og beskrivande manus.
Utklipp:


12.11.2007

Det som står i sentrum

...har i tusen år gjort menneske glade. Og det som gjer deg glad kan ikkje skade...






Forelesaren min sa idag "Lukke til på skriftleg eksamen. Kos dokke og slapp av".


Herleg fyr. Trur eg gjer som han seier.

11.11.2007

Nydelig vinter dag

Fem voksne, to små og ein firbeint.

Bål

Mormor si svelerøre i sekken
Sylte og røme

Solnedgang

Blide unga og vaksne



















































10.11.2007

Frå syntaks til latte

Kva gjer ein når ein har sett av heile laurdagen til eksamenslesing, men ein god kamerat (som ein ser so altfor sjeldan) ringjer og seier han har tid å slå ihjel?




Eksamenar kan kontast. Det kan ikkje vennskap.

09.11.2007

Endelig fredag....

ROLIG dag. Sopass mykje action på jobb at eg fekk GOD til å sløve litt, lese nyhende på nett og i avis. Nydelig vinterdag ute. HEILT blå himmel og sol. Veiret fekk meg til å smile litt etter å ha lest nedbetalingsplanen frå Lånekassa. Rart å vere komt til det veiskille der Lånekassa slutta å vere "snilde" med meg. Frå no og fram til 2027 (trur eg...) kjem dei til å mase kvart bidige kvartal. Aldri meir nåde frå dei..... Aldri meir EKSTRA penga i august og januar. *sukk* Velkomen til arbeidslivet Bente!

No nærma Idolkvelden seg voldsomt her. Julie har heile veka gira seg opp til denne kvelden. Starta mandag med " mamma, er det fredag idag? Kan eg vere oppe å sjå Idol?"
*sukk* Trur ho er så trøtt idag at det skal holde hardt å vere våken, men når ei mor lova, så ja, då må det holdast.

I morgen skal vi på tur i Lillesand. Er meldt NYDELIG veir, så då blir det nok nokre bloggbilder som eg kan oppdatere med på søndag.

Eit tips til søndag: DET ER FARSDAG! :)

I latskapen sitt teikn...

...tek eg ein jannehelen.

Akkurat no...

...er eg: på min 7kvm store hybel
...har eg: enorme arbeidsmengder og éin krokanrull som skal vare heile helga
...gjer eg: alt eg ikkje ska gjere, og ingenting av det eg bør gjere
...les eg: fonologi, syntaks, norrønt, litteraturhistorie og retorikk
...høyrer eg på: ylvis som syngande bestiller danskebåtbillett
...vil eg: at mesteparten av pensum skal sige inn i hjerna mi medan eg søv
...likar eg: at eg kanskje får 6 veker juleferie
...likar eg ikke: at naboane har begynt å sette ut adventsstakane
...lurer eg på: om "snøen" som kom idag kjem til å bli liggande
...fun fact: eg går sidelengs ned alle trapper

Ikkje alle fredagar er til for å vere uvettes kreative.

08.11.2007

Innrømmelse



































... for å vere ærlig: lika i grunnen hausten eg!

Dagens agenda...



...såg slik ut!

Slikt blir det blogglaging og ikkje oppgåve av.

Velkomen til vår fantastiske verd!


Små snutta på våt og kjedelig ettermiddag!

video

video

*hehe*

Kontaktsøkande?

Greitt å vete ja!

Intro


Her er Bente sin arbeidsplass.

Her får ho dagane til å gå.

Avis er avis!

Endelig BLOGG

No blir det blogg for ALLE penga her!
BLOGG BLOGG!

Janne og Bente skal blogge! :)
Ilag!