25.10.2010

Manda' morra blues

Du veit du har gjort ein god start når du fyrst klarer å kløyve auga knappe tre timar etter at klokka ringde, du et sjokolade til frukost, og du allereie av erfaring veit at springing i dunjakke for å nå eit møte er ein dårleg ide. 

Heretter kan veka berre gå éin veg.



21.10.2010

Hjalmar gikk på skolen i fjerde...

Eg likar ikkje reklame. Difor ser eg heller ikkje mykje reklame på fjernsyn. Som oftast nyttar eg denne tida til å skifte kanal, gå på do, hente meir mat, lese ei avis, og så bortetter. 

Men ofte blir reklama ståande på i bakgrunnen når eg ordnar alle mine gjeremål. Og i lengre tid har eg høyrt på songen nytta i ei Lindex-reklame, og tenkt: "Det var då ein grådig pussig tekst....?" Men kunstnarleg fridom skal jo alle få lov å nytte seg av, så dersom nokon vil lage pussige refreng, skal ikkje eg legge meg opp i det. 

Det var ikkje før i førre veka, når ein blid kar i P3 sa namnet på låta, eg skjønte at dama syng "I'm not a robot...." og ikkje " I'm not a road- block...."


11.10.2010

Haust

Så var hausten komt. Ungane blir fulle av ull igjen.

Bergen

Best med eller uten guide?


04.10.2010

Miljøbevisst?

Bilde lånt herifrå 


Sjølv om det er lenge sidan eg sist var i nokonlunde aktivitet her inne, vel eg å starte med ein aldri so liten brannfakkel, og satse på at eg ikkje skremer vekk nokon likevel.

Paul McCartney er ein av mange som frontar kampanjen "Kjøttfri mandag". Ideen går ut på at dersom ein person går over til å ete ein vegetarrett i veka, vil han eller ho redusere sitt CO2-utslepp med utrulege 170 kilo i året! Dersom alle nordmenn gjer dette, vil det tilsvare utsleppa til 360.000 bilar. Og for meg som er litt over gjennomsnittet glad i kildesortering og andre enkle miljøtiltak, er dette som musikk i øyra. 

No er dette kanskje enklare for meg å gjennomføre enn for andre. Dersom eg tenkjer tilbake på middagane i min barndom og ungdom, hugsar eg berre annakvar dag med hjortekjøt og fårikål, avbrote av nokre klubbemiddagar innimellom. (Dette er ikkje din feil, mor!) Men med ein pappa som går litt meir på jakt enn dei fleste, og i tillegg tek med seg mat som nesten er utgått på dato heim frå Gilde-jobben sin nesten kvar einaste dag, so seier det seg sjølv at eg sette pris på dei fiskemåltida vi hadde.

Dette har ført til at eg som vaksen (?), aleineboande og sjølvbestemmande kan telje antal kjøtmiddagar tilbredt på hybel på éi hand. Her i huset går det i kylling og fisk. Fyrst og fremst ikkje av miljøhensyn, men to fluger seier vi jo ikkje nei til!

Nettsida Kjøttfri mandag gjev deg gode og enkle oppskrifter på vegetarmat. Du kan til og med få oppskrifter på mail. Vegetarmat er ikkje kjipt, det er godt! 

Verdt eit forsøk?