22.05.2008

Forvirra

I dag medan eg venta på bussen heim i frå byn, skjedde dette på mindre enn fem minutt.

Ein av byens lause fuglar kjem sjanglande forbi med sigaretten nesten dettande ut av munnen, stoggar ved meg der eg står lett lenande inn imot ein vegg, ser på skoa mine og seier: "Jæææææ***i tøffe sko! De der likte eg schææmmpegått!!"

...?

Tre minutter seinare kjem ein eldre herre med misjonsbladet Fyrlykten og eit innsmigrande smil og vil frelse meg til Jehovas vitner eller noko liknande. Når eg høfleg smiler og takkar nei, ser han fyrst forundra på meg, men går vidare til rumenaren som set med amputerte bein i rullestolen eit stykke lenger borte og freistar lukka der.

...?

Eg hadde då ikkje noko anna på meg idag enn eg pleier å ha? Dessutan lente eg meg inntil ein butikk som sel PRADA! Men dette hadde tydeleg inga innverknad... Dersom det er fleire der ute som tykkjer eg ser ut som ei blanding av narkoman/fortapt/gatepike/rumenar, kan de vennlegst gje beskjed?!?

Ingen kommentarer: