30.11.2008

Advent!

Og så var det plutseleg fyrste søndag i advent! Og eg har tent berre den eine av mine to te-lysestakar, i mangel på ein firearma ein.




Eg har omsider skjønt at jula dermed nærmar seg. Difor var eg laurdag i sentrum for å gjere unna noko av julegåvemaset. I det eg kom til sentrum kom eg i hug kvifor eg ikkje plar gå i sentrum på laurdagar, men alltid handlar måndag føremiddag i staden. Kan hende eg er rar, men eg tykker det er kjipt å GÅ i kø. Men eg fekk iallefall tak i julestjerne til adventkollektivet.



Adventstid betyr jo og sjølvsagt julekalendar, og ikkje berre TV2 sin. Pakkekalendar er i år innført i kollektivet, eg er ferdig med tre av fem pakkar, og eg undrast spent på kven som får årets ultimate varaordførar-i-Eid-Kjell-Magne-Åshamar-pakke. (Vil berre nemne at innhald og uthald er uavhengig av kvarandre.)




BK har teke ansvar, og for å utvide horisonten og den samla iq-en til kollektivet, har vi fått oss eit etter-finanskrisa-oppdatert europakart. (Legg merke til Ikea i aust.)



Til neste eksamen har eg kun ei bok å lese. Ei ny oppleving! I tillegg er det samanfallande pensum med den eksamenen eg nett har hatt. Difor trur eg kanskje dagens lesetime fell ut til fordel for ski på tv og pannekaker til middag.


PS: Og til dei som måtte lure, :bente er framleis i live! Iallefall i følge mine siste oppdateringar.

Ingen kommentarer: