12.12.2008

Juleferie!

Pinleg lenge sidan sist oppdatering no...eg skuldar på eksamensboble og utruleg mykje sosiale happenings for å vere meg. Fire av dei sju siste kveldane har vore okkupert med sosiale evangement utanfor heimens lune rede, og då er ikkje ein middag og eit tebesøk inkludert! Det høyrer og med til historia at desse sosiale utfluktene har gått sterkt på bekostning av pensum, men ein skal da ha eit liv!

Tapasjulebord, fransk visekveld, nordisk2008taco og Are Kalvø- standup har vist seg å vere ei knall opplading til eksamen! Trur eg skal gjenta denne bedrifta neste år også...


MEN! For å løfte julestemninga opp til nye uante høgder, vel eg idag å poste DENNE herlige musikkvideoen. Kjem ikkje du i stemning og godt humør av denne, kan du like gjerne breie dyna over hovudet og ta pause til det nye året kjem.



Og viss nokon lurer på kvifor eg er i eit så fantastisk godt humør idag, er det både fordi eg har juleferie og skal heim idag, OG fordi eg har billettar til DETTE arrangementet! Halleluja! Så dersom Gud vil og veret er bra (for å sitere min kjære vidaregåande-fransklærar), blir det allsang rett ned i høgget her 19. august!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hmm... Atter en gong, pinlig lenge sidan siste oppdatering froekner!!

Eg rekna med vi faar time for time- oppdatering paa den store dagen, Hjelle?

Unknown sa...

Beklagar, Snabelsaker. Lovar å skjerpe meg frå no av. Spesielt dersom du lovar å halde fram med kommenteringa! No som vi praktisk talt er i slekt og greier! ;)

Og når det gjeld det siste du spør om, fattar eg ikkje kva du snakkar om...