30.09.2009

Bildetørke

Bloggpostar utan bilder er ofte lette å hoppe over. Difor blir dette bildet med i dagens post.


Bilder av haustmotiv må til, ettersom det ikkje var lov å ta bilde på konserten med Solveig Slettahjell på fredag, som eg var på med gode, gamle S. Bileta frå laurdagens hurratur ilag med gode vener av mi gode vennine A kan heller ikkje brukast, sidan dei ikkje er av ein slik karakter at dei tåler publisering.

Men alt i alt har eg hatt ei veldig fin helg, der det sosiale tok all tid, og det faglege vart skvisa ut av programmet til fordel for søvn. Dette førte til sprenglesing av pensum, ignorering av obligatoriske oppgåver og det faktum at eg har skrive tidenes dårlegaste samfunnsfagsstatistikkoppgåve (noko som ser ut til å bry meg faretrugande lite...).

For i morgon er planen å lure trafikkorken på Danmarksplass, og snike seg med ein buss som tek meg til ein anna buss som skal ta meg heim! Det gjenstår å sjå om min slue plan let seg setje ut i live, sidan dei fleste av faktorane er utanfor min kontroll (avslutting av forelesing før tida, lite kork i trafikken, bussar som er i rute, bagasjeoppbevaringar som er ledige osv.). Men vi kryssar fingre og håpar på godt ver.

Før den tid har eg tenkt å pakke snippøskja, prøve å få med meg denne dokumentaren og gjere anna førefellande arbeid som ikkje kan vente til årets potetferie er over. Håpar at :bente held fortet til eg er tilbake, for eg veit av erfaring at blogging ofte blir vekkprioritert lenger oppe på vestlandet.

PS: I går såg eg årets fyrste julemenn i butikken. Dersom nokon veit kvar organisasjonen "Gje oss jula tilbake" befinn seg hen, venlegst send dei i mi retning so eg kan få skrive under med alle dei falske namn eg kan kome på.

Ingen kommentarer: