19.03.2008

Den uhøgtidlege delen av påska

Dersom eg ikkje hadde lagt igjen overføringskabelen til kameraet mitt i Bergen, hadde denne bloggposten vore ein bildespesial. Men kabelen ligg då i Bergen. Noko som er litt rart, sidan kameraet låg her heime.

Difor kjem her ingen bilder av min overkøyrde og knuste mobil, ingen bilder av alle drikkebongane eg fekk på framtidskvelden på hotellet i går kveld, men ikkje rakk å bruke opp, ingen bilder av det vanvittig imponerande nysleppte programmet som Malakoff Rockfestival slapp på Expeditionen i går (eit program det for øvrig luktar todagarspass av) og heller ingen bilder av sjukt mykje snø eller kassaapparatminner frå barndomen.

Uansett har den uhøgtidlege påska vore bra. Satsar på at den høgtidlege påska blir like bra, og fyllt med meir snø, meir sjokolade, meir ski og meir fest.

No går eg og ser Tjorven, Båtsman og Moses, sidan eg gikk glipp av Blod-Svente og Jokke med Kniven i går...

Ingen kommentarer: