27.01.2009

Frukostmøte


Frukosttid. Mocca og toast, i tillegg til viktige antioksidantar, som eg har kjensla av er det som held meg gåande for tida. Filofaxen denne veka er så full at eg har blitt nøydd til å putte et ekstra ark i midten for å få skrive ned alt det eg ikkje skal gløyme å hugse.

Roomie 1 er framleis i Stavanger, medan roomie 2 ventast heim ikveld etter ein mindre utsvevande heisatur til aust. Det vil seie at superkollektivet dei siste to døgna har vore stille og roleg, dog kjedeleg.

Ellers kan eg melde om at turen heim var fin , til tross for omstendene, og at husdyrflokken har auka med to sidan sist. Ingrid Alexandra og Sverre Magnus såg dagens lys 12. januar, sett til verda av ei mor, som det eigentleg var bestillt einvegsbillett til Førde for. Ho hadde tydeleg teke ansvar for eiga framtid, og besvangra seg på beite i sommar. Med andre ord; ei mor med ei utagerande fortid. Men Ingrid og Sverre let seg ikkje bekymre av slike fortidsproblem, og vi veit jo at mødre med utagernande fortider har skikka seg før!

I dag er det teatertid. Bruce-billettane i går glapp ut av hendene på meg, betre lukke neste gong. I tillegg er det kanskje tid for å gjere det eg lovar meg sjølv på slutten av kvart semester, nemleg å starte tidleg på pensumet i neste semester. Å, so nær...




Ingen kommentarer: