18.10.2009

Hurra for Andersens!

Bilete lånt herifrå.


I dag har Jan Erik Vold bursdag. 70 år! Gratulerer med dagen!


Dersom du no grev deg i hovudbotnen og fortvilt prøvar å kome på kvar du har høyrt dette namnet før, so er det han med alle dikta. Tale for loffen, diktet om Bislett, kulturuke- kurultru-kulturuketull osv.


Eg skal ikkje skryte av å vere nokon lyrikk-ekspert, for det er eg verkeleg ikkje, men eit grunnfag som inneheld norsk litteratur har då gjeve meg nokre bakgrunnskunnskapar. Mellom anna kjem eg aldri til å gløyme at Vold si debutsamling "Mor godhjertas glade versjon, ja" frå 1968 vert rekna som starten for den modernistiske lyrikken her til lands (det fekk eg nemleg spørsmål om på munnleg eksamen, men hjerneteppet sette ein effektiv stoppar for at eg klarte å kome på det. Kardinaltabbe).


Så dersom du ikkje er bevandra i norsk modernistisk lyrikk, les litt Vold. Det er rart, sært og interessant, men eigentleg ganske bra. Lat meg hjelpe deg i gong:


hva gjør lyset
i bjørkekronene? lyset
ser seg om


Frå spor, snø 1970

Ingen kommentarer: