18.05.2010

Dagen derpå- klokskap

I dag skal eg skrive ein lapp og legge ned i bunadsskoa mine. På den skal det stå: "NEI, vi PASSAR IKKJE! Du huskar rett, det er slik at du TRENG NYE SKO!"

Samtidig skal eg skrive ein anna lapp, og feste den på bunadsbeltet mitt. På den skal det stå: "NEI, du flytta IKKJE spennene på dette beltet når du sydde ut bunaden! Dette beltet er like TRANGT som når bunaden var ny! FLYTT DESSE SPENNENE!"

So skal eg krysse fingrane for at eg neste år finn desse lappane før 16. mai om kvelden.

Med unntak av dette, var nasjonaldagen veldig fin, med opplett veir, prosisjon, fane, is og pølser. I tillegg til trange sko og belter, sjølvsagt. Sjølv om eg ikkje slo fjorårets rekord for antal bunadstimar.



I løpet av heile presisjonen, overhøyrde vi éin person som visste kva onomastikk var. En av 100 000 er jo ikkje so verst...




Slik pyntar vi i Skuteviken! Eller, ikkje vi. Men nokon andre. 


I morgon startar eg på eksamenskjøret. Det vil seie at dagen idag, i tillegg til å vere dagen derpå, også er dagen før dagen. Ikkje rart det var hardt å stå opp i dag tidleg... 


1 kommentar:

Anonym sa...

morosamt!
ESE