18.05.2009

Dagen derpå

Dagen i går kan kort oppsummerast slik:




Heia Brann, heia Bergen, og heia mangfaldet. I tillegg hadde vi jo fint veir, god mat og godt selskap. Talene var litt for lange, men den nye nasjonalsangen kunne høyrast titt og ofte.

Heimen inviterte etter prosisjonen på tradisjonelt pølse-og-gele-party, medan kvelden vart avslutta i middagsselskap i den nyinnkjøpte leiligheita til E & M, med god mat og lattermildt kompaniskap. Eg gjekk glipp av to bussar fordi tida gjekk for fort. Ti minutt etter at eg (omsider) hadde kome meg heim, og fem minutt etter at det heidundrande fyrverkeriet på Festplassen var over, åpna dei kjende slusene frå himmelen seg, og fineveiret var over. Perfekt timing, ordna av 17.mai-kommiteen og byrådet, mest sannsynleg.


Som ikkje dette var nok, hadde eg på bunaden samanhengande i 13 1/2 time! Det er ny rekord, med klar margin! Det einaste eg mangla i går på å ha ein tradisjonell barne-17.mai, var å gå midt i ein skokk med ungar ein går i klasse med, med ein feit bunke med russekort i eine handa. Med det gjekk faktisk forbausande bra uten. Russekorta trur eg eg har vakse i frå, og prosisjonen ( i Bergen går man i prosisjon, ikkje i tog, må vite)var finare å sjå på enn å gå i:















Min favorittaugneblink i prosisjonen i går, var når prosisjonsinnslaget til ungdomsorganisasjonen Juvente møtte NHH-koret Svæverud på deira Hansalastebilkøyrande, syngande og øldrikkande tur i motsett retning. Dagens største kulturkræsj, vil eg seie...

Nesten så det er synd at Bergen ikkje feirar nasjonaldag oftare. På den andre sida, so har eg fire dagar igjen å lese på til eg må kunne overgripande mange litterære teoriar og analysar. Kanskje det held med ein gong i året likevel...

PS: Eg har fått opp til fleire forespørslar på fleire DagensAntrekk-postar. Mange tykkjer tydelegvis det er synd at motebloggen gjekk ein tidleg død i møte. På grunnlag av dette har eg bestemt meg for at motebloggen kjem til å gjenoppstå som GjestePostar med ujamne mellomrom. Følg med!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Når eg ser på bildene dine, så ser eg at eg faktisk sto rett over gata for deg å sog på toget...uten å sjå deg...hm...
Iselin

Anonym sa...

jøss! verda er lita du! :) og så eg som syns eg skilte meg sånn ut i bunad...;)