25.02.2010

Livsteikn

Ja, :bente, det er liv i meg. 

Eg har berre frykteleg mykje å gjere, og får gjort endå mindre på grunn av eit hektisk tv-program utover kveldane. Det er jo trass alt berre OL kvart 4. år, og mesterskapsjunkie som eg er, er det enkelt å forskyve andre gjeremål til dagen etter. Og dagen etter der igjen. Og dagen etter der igjen...

Men no har eg funne redninga! Kjære gode Windows 7, du gjer livet enklare. Med den genialt enkle løysinga i form av digital post-it-lapp som legg seg på skjermen, kjem eg no (i samarbeid med min høgst elska filofax, sjølvsagt) ikkje lenger til å gløyme noko av det eg skal gjere. Eg følte meg som ein av fragglene på besøk hos Skraphaugen når eg fann denne funksjonen. O' digital lukke!

I tillegg skal eg av gårde og stikke fingeren i jorda ei vekes tid. Og vi veit jo alle kva innverknad det har på oppdateringsfrekvensen. Ikkje at den er noko å skryte av no for tida uansett.

Men no kan eg jo lage ei huskelapp på det. Husk: blogg oftare! Alle monner drar. 

Ingen kommentarer: