12.03.2010

Tingenes tilstand

Eg har tidlegare blogga om kor mykje drit eg har i veskene mine. (Det viser seg at andre har same problemet!) Etter å ha blitt lei av å gå å drasse rundt på all denne driten, har eg renska veskene mine, slik at eg ikkje lenger slit meg ut kvar dag på å bære unødvendig vekt og gamalt bos.

Men når eit problem er løyst, melder eit anna seg. Kvar skal eg gjere av all driten som eg no ikkje lenger har i veska? For sjølv om det er drit, er det drit som er for god til å kaste. Dette gjer at det no hopar seg opp i haugar overalt, ting som eg sjeldan brukar, men ikkje klarer å kaste. 

Ute av syne, ute av sinn er stikk i mot Feng Shui-reglane, men det hjelper. For ei stund. Driten blit stappa i boksar og korger, putta i skåp (eg har ikkje skuffer) eller plassert i vinduskarmar.

Kvifor kan eg ikkje berre kaste det? Tru meg, eg har lyst. Men eg klarer ikkje å hive fullt brukbare ting, sjølv om det går lenge mellom kvar gong eg får bruk for det. No høyres det kanskje ut som om leilegheita mi fløymer over, og at Hilde Hummelvoll dundrar på døra mi og tigg om å få kome inn. Slik er situasjonen heldigvis ikkje. Endå. Men vær so snill og sei at du kjenner deg igjen?

Ei løysing hadde kanskje vore å gjett det vekk. Nokon som treng ein bagasjelapp? Eit par billedrammer? Gamle mobilladarar eller ein handsfree-mikrofon? 15 refleksar og nesten heilt nye boblekonvoluttar? Ledningssurrarar? Samankrølla, ubrukte ark? Eller eit par blå merketusjar? Du får det du vil! 

Men veskene er i alle fall mykje lettare då. Takk for det. 

1 kommentar:

Snabelsaker sa...

Eg skulle gjerne hatt ein refleks. Eg har berre 13 stk som ligg og sleng sjølv. Så viss eg får ein med deg har vi like mange.
Jada, eg har lært noko av Tsehaye.