24.01.2010

Fint skal det vere...

... sa jenta og melde seg opp i 45 studiepoeng. Igjen.

Godt år, igjen. Det er på nytt pinleg lenge sidan siste oppdatering frå mi side. :bente er flink. Eg er vel heller på minussida. Eg skuldar på mykje å gjere og mangel på maskin, sjølv om eg ikkje har gjort so lite på lenge som eg har gjort denne veka, i tillegg til at eg har rappa roomie T si maskin for ein kortare periode. Men nytt år, nye moglegheiter. Det kan jo hende eg blir flinkare i år.

Men eit nytt år betyr jo at ein gløymer sine eigne svakheiter og begrensningar. Eg har i år (igjen) meldt meg opp i alt for mykje studiepoeng i den tru at dette kjem til å gå fint. Vi veit jo alle at det ikkje kjem til å gå fint. Men for å sitere ein middels godt kjent norsk dramatikar (Ibsen): "Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme." Og det er jo trass alt betre å vere lukkeleg enn realistisk.

Elles er studieprofilen dreia en smule vekk frå litteraturen og litt meir mot kulturen, lånekassa hatar meg som alltid og rekningane hopar seg opp. Men når folk spør korleis det går, kan eg iallfall med heva hovud seie at joda, eg tek eitt fag meir enn eg treng og ventar på at ein større pengesum skal rase inn på konto. Det viktigaste er jo kva inntrykk du gjev.

For å sitere ein annan kjend norsk forfattar (Sigurd Hoel): Skal vi gå til hel...., så skal vi iallfall gå på brolagt vei!

Ingen kommentarer: