24.04.2008

Rekna ho med ja....

Ho derre derre Janne rekna med at eg skal holde blogge-sida oppe ja! Ho kan no virkelig tru at det skal gå bra, men vi gjer det no ein sjanse.

Dagen i dag er i grunnen NYDELEG! Sola skin, himmelen er HEILT blå og tempraturen er rett og slett ikkje så verst! Det kjipe er at eg er på jobb..... får berre unne alle i barnehagen ein YPPERLIG vårdag. Håpa Julie springe like mykje ute idag, som dei andre dagane. Då har jo sovna KJAPT og GODT om kvelden. Frisk luft er som sovemedisin!

Så alle våre kjære gode lesarar:
HA EIN STRÅLANDE TORSDAG!

23.04.2008

Prioritering

Det er vår og sola skin. Temperaturen er høg, og Bergen har kasta klea. Eg tek med meg solbriller, presangar og ein feit bunke med pensum og stikk heim ein tur for å gjere alt anna enn å lese. Bloggekollega :bente held fortet imens. Reknar eg med.

21.04.2008

Der det heile starta





I denne boka, i dette kapittelet, "Farmor går på taket", lærte eg meg for 20 år sidan å knekke lesekoden.

Eg kan med andre ord takke ei sprek farmor utan høgdeskrekk og ei lita jente som ikkje hadde motorikk nok til å låse opp ei dør for at eg idag les på heiltid.


20.04.2008

Min tur å "herme"

Akkurat no......



er eg: fått bekrefta at Leandervugga er på vei heim :)

har eg: akkura tatt av solbrillene mine og ser kvite flekka overalt i stua

gjer eg: på vei inn å lage eplekake

les eg: Kammille :P

likar eg: at Julie leika med naboguten ute i det NYDELEGE veiret !

likar eg ikkje: at eg har "flytta" ut av dei fleste kleda mine

lurer eg på: om det er rart om gravide springe i vannspredar i mars?

fun fact: ...... gravide får stor mage?

17.04.2008

Fokus

Lenge sidan siste oppdatering. Værsågod.

Akkurat no...

...er eg: litt småtrøtt og litt småstressa
...har eg: ikkje bursdag, for det er det nokon andre som har!!
...gjer eg: NorAn- oppgåve, les pensum, et Bounty og tel på knappane om kva dag eg skal reise heim
...les eg: Mor giftar sig - Moa Martinsson
...høyrer eg på: iTunes > random
...vil eg: at pensum skal sige inn i hjerna mi gjennom diffusjon
...likar eg: at det er småsko-, vårjakke- og solbrilleveir!
...likar eg ikkje: at livet mitt er så utruleg fokusert rundt pensum og eksamen!
...lurer eg på: kven som spreidde løgna til alle fjortis-jenter om at thigths utan noko over er fint
...fun fact: eg har aldri sett ein einaste episode av Hotel Cæsar *stolt!*


Og til slutt: ein liten trommevirvel for dagens bursdagsbarn!

*vrrrrrrrrrrrrrrrrrrrr!*


11.04.2008

Fredag!

Oppgåva er levert, årets fyrste ute-McFlurry er innteken ilag med medstudine A, sola skin innimellom, eg har gjort mine venlege plikter og eg skal på Dagfinn Lyngbø-show ikveld.

Juhuu! :D

Innimellom alt dette jobbar eg hardt med å fortrenge at eg helst bør skrive ei anna oppgåve i løpet av neste veke... Men det er trass alt ikkje helg meir enn ein gong i veka.

Hav av tid.

09.04.2008

Frå ein nordiskstudent sin kvardag

Eg skal skrive litteraturoppgåve til fredag. Eg skal vel ikkje påstå at eg ligg overvettes godt an... Med ein altfor stor teoridel og ein nesten manglande tolkingsdel, ligg det vel ikkje an til tilbakemeldingar av typen "meget".

Men eg synest det er VANSKELIG å finne ut mellom kva slags personar synsvinkelinstansen vekslar mellom i kapittelet om Helmer og nokre til. Eller kva betydning Inger, dottera til Sjøtrolle har i sluttkapittelet "Då Gud rømde landet". Å bestemme kor vidt den mimetiske modaliteten er sterk eller svak i rammeforteljinga er heller ikkje so lett! So dersom nokon der ute set inne med dølgd kunnskap om forteljarinstansen i Olav Duuns "Menneske og maktene", kjem eg til å setje pris på om dei syng ut til meg.

MEN!

Eg har framleis to dagar på meg å finne ut av desse gåtene. I tillegg skal eg ikkje på skulen før kl. 12.00 i morgon, det vil bli servert kaffi og kaker på infomøtet eg skal på, eg har gode vener som pusher apotekarvarer frå sunnmøre til meg og stand-up-billetten til fredagen er betalt.


Det gjeld å sjå det positive i ting, og det viktigaste er trass alt å gjere andre glad. Om ikkje anna har eg med denne posten fått deg til å prise deg lukkeleg over at du ikkje studerar nordisk litteratur.


PS: Bloggeidol Janne fyller år idag! Kondolerer og velkomen i gjengen.

07.04.2008

BLOGG BLOGG BLOGG

:)
Sorry, prøva å smile EKSTRA fint idag!

Eg har egentlig INGEN god unnskyldning å komme med her.
Har synda, har ikkje gjort som eg skulle.
Har ikkje vore ein flittig bloggar.

Eg får vel ikkje lov å skylde på at eg er gravid her....
Men Ja altso, eg e det! Og eg er snart i veke 29.

Som plaster på såret må eg legge inn ein GENIAL link!
Eg fekk motstand når eg presenterte dette produktet
i heimen! Kan nåken forstå kvifor?

04.04.2008

Tante janne teiknar og forklarar

Somme ting er visst vanskelegare å ta enn andre ting for folket i bloggarmenigheten vår. Som til dømes dette med kommentarar. Vi har no godt over 500 treff på sida vår, men kommentarane kan ein telje på to hender. Både bloggarsamansvorne :bente og underteikna har gjentekne gonger bedt pent og tynt om at alle dei nyfikne som likar å halde seg oppdaterte på våre ord og gjerningar, legg igjen ein liten kommentar til oss. Ris eller ros, pengar eller helsing, det er ikkje så nøye! Berre nokre få teikn som fortel oss at vi blir sette pris på (eller ikkje)!

Dette er tydeleg ei dørstokkmil for mange. For å gjere det litt mindre skummelt skal eg herved avlive nokre (tydelegvis eksisterande) myter om bloggkommentering.

  1. Det er ikkje farleg.
  2. Datatilsynet kjem ikkje til å ringe deg og spørje kva i heite du driv med( med mindre du gjer lugubre ting på fritida du ikkje bør gjere som har med datatilsynet å gjere).
  3. Risikoen ved å skrive namnet ditt under innlegget er heller liten. Det er difor ikkje noko fare med å gjere dette, og heller ingen grunn til å la vere.
  4. Vi kjem ikkje til å henge deg ut med bilde og telefonnummer dersom du legg igjen ein kommentar vi tykkjer er teit(noko vi sjeldan tykkjer).
  5. Faren for at framande finn ut kven du er når du legg igjen navnet ditt, er minimal. Dei einaste som kjenner deg igjen, er dei som kjenner deg frå før. Med andre ord: ingen framande!

So til alle fordelane med å bloggkommentere.

  1. Du gler enkle sjeler i Bergen og Kristiansand.
  2. Du er med på å bidra på verdsveven.
  3. Du slepp å få hatmailar med truslar frå bloggarane (noko som snart er undervegs til ein innboks nær deg).
  4. Du har rett til å uttale deg i etterkant om det vi skriv om.
  5. Vi kjem til å halde fram med å blogge postar av høg kvalitet. Ved framleis manglande kommentering er sjansen for denne sida sin død og forderving temmeleg stor!

Det er med andre ord eit enkelt val! Når du er ferdig med å lese våre flotte bloggpostar, trykker du der det (mest sannsynleg) står 0 nesten vaksne har sagt noko til oss og legg igjen nokre ord. Og eit namn. Vi lovar å ikkje bite.

01.04.2008

Hjarte tysdag hjarte

Kva som er bra med tysdagar:
  • det er lyst nesten heile døgnet no. Meg like!
  • nokre vener er lette å lure. Alltid bra!
  • herreavdelingen på P1 frå 10 til midnatt.
  • ny telefon. Meg like den og!
  • har faktisk fått gjort litt av det eg skulle idag. Alltid like kjekt (og overraskande)!
  • i morgon er siste dagen i rekkja på to dagar eg må opp før fuglane fjertar.
  • kjøleskåp/ frysar/ matskåp er alle fulle av mat. Fulle. Trur eg hadde overlevd ein middels lang okkupasjon.
  • alle mine skuldingar er betalte.
  • sidan eg har fri fredagar, er tysdagar min lissjelaurdag. Halvvegs i veka!

Kanskje ikkje så veldig tysdag-typisk alt dette. Men men. Kan ikkje score 10-ar kvar gong.

PS! Vi nærmar oss 500 vitjande! Grattismelding leggast igjen under kommentarar. Vær so snill.