11.06.2011

Laurdagslukke

Etter å ha gått til sengs med Harry Hole, sove i 10 1/2 time, brukt mykje pengar på arbeidsantrekk av Olden- kvalitet og ete fersk fisk til middag, vart laurdagslukka toppa då eg fann ut at verdas vakraste blomst veks i Fjellveien!



Skogstorknebb

Eg trudde ikkje eg kom til å få gleda av denne i år, då den må plukkast før bøndene sler markane sine, og den som regel blomstrar av før jonsok. Og sidan eg ikkje befinn meg på bondekantar før i starten av juli, såg eg sjansen som tapt. Men no er det sommar, også her i byn!

God pinse!



1 kommentar:

Astri sa...

Så fine blomster! Jeg går til sengs med Harry Hole og Snømannen i kveld. God natt!