12.06.2009

Dagane derpå

Siste vekene har vore intense, noko innleggsfrekvensen klart viser. Men intensitet er ofte det same som innhaldsrik. Dette er ikkje noko unntak.

Dette må vel seiast å vere høgdepunktet, skaffa av superroomie BK. Fantastisk veir, fantastisk mann, fantastisk musikk, fantastisk stemning. Kort sagt.


I tillegg har eg ferie! 1 stk bachelorgrad i språk med nordisk spesialisering (eller mellomfag i norsk, som enkelte av oss likar å kalle spaden) gjekk i boks i går, planane for hausten er begynt å falle på plass, og eg skal ikkje lese pensum før i august. Lukke!


Ellers har vi hatt sommaravslutning med fjorårets superkull, der moralen var at dersom du bestiller dessert på Fridays, ikkje be om stor porsjon når det berre er to som skal dele (det kjem kanskje litt dårleg fram av bildet, men dette kakestykket er på størrelse med Hålogaland amt):




Ein søndag ettermiddag vart det helde brødbakekurs for A, som har slite litt med heving og klissete deig:



Dagane før heimreise skal nyttast til rydding, pakking og vasking, som er blitt ofra glatt til fordel for lesing dei siste tre vekene (det ser ut som klesskapet har spydd på rommet mitt). Dagane etter heimreise skal brukast til mykje jobbing og lite betaling, festlegheiter i samband med :bente, mykje sosialisering og forhåpentligvis mykje fint veir. Men fyrst er det pakking.

Eller eigentleg, aller fyrst er det kafé.

5 kommentarer:

Astri sa...

Stilig brødbakebilde. Brødet smakte forresten fortreffelig:) Når stikker du hjem for ferien?

Anonym sa...

no er eg komen heim astri! :) rett på kulturjobb! veldig stas! :) men husk at saudene går her og ventar på deg! ;)

TJ sa...

Grattis med bachelor! (Litt seint ut, jada, men har vært uten forbindelse te omverdenen [internett] i ca. tre uka).

Anonym sa...

Takk TJ! :D som den dusten eg e, fortsette eg berre vidare, istaden for å vere smart, slik som andre janna e, som teke seg jobb og begynne et orntli liv. jaja. vi såg den vel komme...

TJ sa...

Vel... orntli liv e å ta i, æ e jo superarbeidsløs. Såeh, du sitt bedre i det enn mæ ;)