14.01.2008

Nyårsforsett?

Nyårsforsett tyder at noko held fram på same måte som i fjor. Difor har eg ikkje noko nyårsforsett å bli flinkare å blogge. Men eg har ein plan om å bli flinkare å blogge.

Kort oppsummering sidan forrige bloggpost, som (pinleg nok) var 18. desember.

Jula føregjekk stillt og fredfullt, utan snø, men med det meste som går an å pådra seg av influesaer/forkjølelsar/betennelsar. Nyåret forsvann i ei stor hostekule, og kvardagen kom irriterande raskt på.

Semesteret starta i dag, og eg ligg allereie etter. Pensumet er om mogleg endå større enn i fjor, og eg klarer ikkje å melde meg opp i dei faga eg skal ha. Eg veit heller ikkje kva tid undervisninga i dei faga eg ikkje klarer å melde meg opp i, skal gå. Kan hende har den allereie starta.

Med andre ord: eg har inga oversikt og ingen kontroll.

Med andre ord: kvardagen min liknar mistenkeleg eit nyårsforsett.

Ingen kommentarer: