31.03.2011

Ein skal vente både haust og vinter på vår!

 I morgon når det er 1. april, har eg då lov å seie at eg har venta både haust og vinter på våren?

Kan eg frå i måra bli grinete, sur og tverr om der kjeme meir kvite nedbør?
Om eg må ta i sørlandsskuffa eller spaden, kan det klikke for meg då?

Eg har vore danna og snill heile mars, prøvd å dysse ned når andre helde på å klikke. Ein skal ikkje tru at våren er komen enda har eg sikkert sagt 100 gonga...... sagt det for å overbevise andre om at vinteren vare utover våren eit stykke, og for å ikkje lure meg sjølv med at våren er komen!

Så offisielt frå i morgon, då er det min tur til å klage, syte, mase og klikke om der kjem meir ned!
Er det greit?

Ps: I måra er det 1. april! Skal tru om nåken blir lurt?

22.03.2011

Tysdag

Nokre dagar kan ein gå av bussen 5 stopp før og spasere heimatt i solskin og fuglesong. I dag var ein slik dag. Gud signe våren!


08.03.2011

Etterlysing!

Pengar. Sist sett på konto rett før mammutsalet. Meld til eigar (meg) dersom du finn dei. Inga finnarløn.

Innkjøpsstoppen av bøker vart midlertidig oppheva.

04.03.2011

Fredag og humor

Denne dagen gjer meg humor via A-magasinet til Aftenposten.

Sjå kva eg fann der idag!

Og her!

God helg alle.
God helg :janne som er på vinterferie!

21.02.2011

Litt historie på denne flotte dag! Tre ganger hurra for kongen!

Biletet er henta frå www.kongehuset.no

Kongens monogram
Hans Majestet Kongen
Kong Harald V, født 21. februar 1937.
Sønn av Kong Olav V og Kronprinsesse Märtha.
Etterfulgte sin far som Norges Konge 17. januar 1991.
Signet i Nidarosdomen 23. juni 1991.
Barn: Prinsesse Märtha Louise og Kronprins Haakon
Valgspråk: Alt for Norge


HURRA HURRA HURRA!  
Gratulera i tillegg Oda som blir 3  og Karianne som blir 26 år! 

VIP




VIP- ken e d? :D

Morsdags- og skreienskake!

Smelta marshmallows med litt mjølk

Laga sjokolademousse

Oreobotnen står til avkjøling

Vips,  Oreokake!

14.02.2011

Gratulerer med dagen!


Gratulerer med dagen til alle!

14. februar er jo ein gledens dag for dei fleste, sidan det i dag er Skreiens Dag!

Eg reknar med at eg ikkje er den einaste som feirar denne storhendinga frå tidlig morgon til sein kveld. Fisk til middag er allereie fortært ( det er jo trass alt kjøtfri måndag i dag), sjølv om eg er usikker på om dette faktisk er rette måten å hedre skreien på...

Sidan de alle sjølvsagt feirar skreien i dag, treng eg vel neppe å drive med folkeopplysning om at skrei er namnet på den vandrande torsken, og at nær 40 % av denne Guds skapning vel å gyte i Lofoten. Ei heller treng eg å minne deg på at ordet skrei mest sannsynleg kjem frå det norrøne ordet skrida, som tyder å vandre. Men alt dette er jo sånt som du veit frå før!

For å gjere litt ekstra stas på skreien, prøvde eg å finne noko skreipynt i butikkane. Skreikort, blomsterbukettar med skreilappar på, skreikrus, skreisjokolade, skreivimplar, skreigirlander eller gigantiske skrei-bamsar som ein kunne ha gleda nokon andre med. Men eg fann ikkje noko som helst. Derimot fann eg overvettes mykje kort og bamsar med hjartemotiv og I Love U- tekst.

Eg tykkjer det er veldig rart at handelsstanden ikkje har kasta seg over denne flotte merkedagen og prøvd å utnytte den kommersielt! Dei kastar seg jo visserleg over alle andre rare tradisjonar, ofte amerikanske, for å freiste å presse pengar ut av nissane her på berget. Pussig. Spørs om ikkje eg skal starte produksjon av skrei-produkt sjølv, slik at eg til neste år kan tene pengar på nordmenn si pinlige evne til å kaste seg over kommersialiserte, merkelege, nye merkedagar og late som dei er ein del av ein amerikansk high school-komedie.

Uansett, ha ein flott dag i skreien sitt teikn!


Noko som kan vere ein skrei, lånt herifrå


08.02.2011

Hus hus hus :)

Arkitekten har jobba og vi korrigert!
No ser det ut til at vi har eit resultat.















Gleda meg veldig til 5 mnd etter at tela har sloppe!

31.01.2011

Familie helg?

Når fredagsmorgon starta slik:















og laurdagsføremiddag går med til planlegging:
Det ideelle kjøkkenet?






 
Med denne hjørneløysinga?
























Denne stolen i gangen?















Søndagen blir via til:


Leik og moro med familien





















Før helga blir avslutta med matlaging og baking, og:
Utsleten og nybada liten tass!














då kan eg seie det har vore ei virkelig god helg!


29.01.2011

Eg? Ein mammut?

Vel er eg gamal, men nokon mammut ser eg vel ikkje meg sjølv som likevel. Bortsett frå éin gong i året, omlag når vinteren tviheld på seg sjølv og våren prøver å presse seg fram. Mellom 17. februar og 5. mars er det mammutsal i alle bokhandlar i landet. Gode bøker til latterleg låge prisar. Og sjølv om eg har slutta (nesten) å kjøpe bøker på grunn av sterk mangel på hylleplass, blir det nok ein stabel i år og. Heldigvis/desverre.

No er det jo ikkje alle som likar å lese det same. Ikkje alle les so mykje. Nokon les meir enn andre. Nokon les ikkje i det heile. Av og til er det berre vanskeleg å kome i gong. Vanskeleg å vite kva bok som kan passe for ein sjølv. Og det er iallfall vanskeleg når du står i ein bokhandel med ein million bøker på tilbod.

Difor skal eg gje deg ei liste over kva EG ville ha brukt pengane mine på under årets mammutsal (dersom eg hadde hatt pengar og dersom eg ikkje hadde hatt alle desse bøkene frå før). Ingen diktsamlingar, ingen tunge biografiar eller tjukke engelske novellesamlingar, og ingen modernistiske romanar som ikkje er råd å forstå. Berre ei liste over bøker som er gode, enkle å kome i gong med og kjekke å lese. Tykkjer eg.

(Og dersom blogspot hadde fungert litt betre, hadde du fått eit pent lite bilde attmed kvar bokomtale. I staden må du nøye deg med ein link.)

Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda er noko so sjeldant som ei fransk bok på nynorsk. Camille flyttar inn hos Philbert fordi ho frys og ikkje et, der bur allereie kokken Franck som er litt over middels irriterande, men som har ei bestemor Camille blir veldig glad i. God bok. Kjøp den.

Min Kamp av Karl Ove Knausgård er kanskje veldig 2010, men guten skriv godt. Og overraskande lettleseleg. Så viss du vil finne ut kva fjorårets oppstyr handla om, les Knausen. Eller du kan la vere. (Og tru meg, det er slett ikkje nødvendig å lese alle.)

Millenium-trilogien til Stieg Larsson er opphypa av ein grunn, og grunnen er at dette er noko av den beste krim som nokon gong er skriven. Lisbeth Salander og Mikael Blomquist er eit radarpar. Larsson kombinerer svensk litteratur med mange mord. Både Liza Marklund og Jo Nesbø er mammutar i år, men vil du lese ekstremt god krim, les Larsson.

Are Kalvø sine Greatest Hits vol. 3 gjev deg Kalvø sin tørre kåseri-humor i form av eit skråblikk på landet syden, eit skråblikk på kinarestaurantar og eit skråblikk på nordmenn si hug etter å redde verda. Say no more.

Øyne i Gaza av Mats Gilbert og Erik Fosse fortel om dei vanskelege forholda på eit sjukehus på Gazastripa under det israelske angrepet rundt nyår 2008 og 2009. Sterk, skremande og nær. Og god.

Morten Schakenda si kokebok, eller rettare sagt bakebok, er verdt å ha. Dei berømde brøda og bollane frå bakeriet i Lom fekk underteikna og Bronda til å køyre akkurat passeleg fort resten av turen til Oslo. Og blodsukkeret heldt seg stabilt takka vere mr. Schakenda. Respekt.

Ingrid Bjørnov si pianobok har gjort for wannabe-pianistar det Lillebjørn Nilsen si gitarbok gjorde for wannabe-gitaristar. Lyst å drite i skalatrening, En rød bil og Tom Dooley, og gå rett på å lære deg å spele nachspiel- piano? Kjøp boka til Ingrid.

Thor Heyerdahl er representert med to verk på årets sal, flåteferda Ra og Aku- Aku- historia om Påskeøya. Sjølv om eventyrreisa Kon Tiki ikkje er på årets liste, er Ra og Aku Aku gode alternativ. Heyerdahl er uansett mannen.

Reisebreva til Niels Chr. Geelmuyden er reiselitteratur for deg som kanskje legg lista litt lavare enn kva overnemnde Heyerdahl gjorde. Alt frå Toscana og Washington til Henningsvær er omtala, og

No er det ikkje sikkert du finn noko som helst av dette interessant. Men kanskje, når du stikk innom bokhandelen mellom 17. februar og 5. mars, finn du noko anna? Og dersom du ikkje finn det slag, så har du iallfall prøvd!




26.01.2011

Flagremusmanjen

Eg skal lese!
:janne seie det er lurt å lese.
Då skal eg lese om Jo sin Flagremusmanj.

:janne kan blogge!
Eg seie det er lurt å blogge.
Då skal :janne blogge på denne bloggen?

24.01.2011

Mandag....

Godt det er dokumentert ,  tredje mandagen i januar!

Eg starta dagen med forlite søvn, sårhals og hoste.
Måtte denne dagen gå fort!


Ha det fortreffelig på årets verste dag!

21.01.2011

Vårt kjære lokalsjukehus

Sjølv om eg bur her eg bur, långt frå Nordfjord sjukehus, kjenne eg likevel at kampen for lokalsjukehuset er viktig. Viktig for "framtidsfylket" og viktig for dei, alle mine kjære heime, som treng tryggheten der mellom fjella.
Bygdefolket i Nordfjord er glad i sjukehuset sitt og vil gjerne både kunne føde og få akuttbehandling der, og ikkje undervegs til Førde i enten bil, ambulanse eller helikopter.

Eg vil herved gje ståande applaus til alle der heime som røyse seg og bruka stemma si!
Dei som kjempa for sjukehuset gjennom konsertar, fakkeltog og mediaomtale osv. 

Lenge leve alle lokalsjukehus og kanskje spesielt Nordfjord sjukehus!