18.02.2008

Vinterferieoppdatering

Akkurat no...

...er eg: heime på vinterferie!
...har eg: vore i Oslo, skaffa meg bihulebetennelse (igjen), mykje pensum eg skulle ha lest og mange planlagde sosiale samkome
...gjer eg: det vanlige (alt eg ikkje skal og ingenting av det eg skal)
...les eg: Alberte og Jakob - Cora Sandel
...høyrer eg på: Radioresepsjonen, Brazz Bros og Chris Botti
...vil eg: at det skal slutte og regne slik at eg kan stikke på ski
...likar eg: ordet utlegd og at eg fann igjen hansken eg trudde eg hadde mist på toget! (sjå under)
...likar eg ikkje: at saldoen er lågare enn den strengt tatt bør vere på dette tidspunktet i månaden
...lurer eg på: om eg av økonomiske grunnar blir nøydd å jobbe nokre dagar denne veka likevel
...fun fact: eg har sunge solo under julekonserten i kyrkja

(Og vi veit kven vi skal kredde. )

13.02.2008

Versus

Kvifor tog er betre enn buss:
  • ein kan lese utan å bli togsjuk (hurra!)
  • dei sel mat der (dobbelthurra!)
  • det er meir miljøvenleg enn buss
  • det går kjappare enn buss
  • det er billegare enn buss
  • ein kan gå rundt utan å tryne
  • ein kan gå rundt utan at alle tenkjer: aha, her er ein som skal på do...!
  • ein kjem andre stader enn heim (greit somme tider)
  • det bråkar lite
  • av og til kan ein vere heldige å knabbe vindaugsplassen frå snille sunnmøringar som let deg låne avisa si etterpå

MEN ...!

... ein må framleis setje sjøbein når ein skal på do.

Handtak...?

PS: dersom noken finn ein ny, (dyr) svart fleecehanske av merket BULA i den nedste bagasjehylla bakerst i vogn 447, ver venleg å returnér til irritert eigar (/mistar).

07.02.2008

Bjelleklang

Her i byen mellom dei sju fjell, er vi næraste nabo med ei kyrkje.

Kyrkjeklokkene her oppe ringjer kvar kveld kl 19.00. Det har dei gjort heilt sidan vi flytta hit. Sikkert før det óg. Det har etterkvart blitt ein vane. Når klokkene ringjer (for deg), veit vi at klokka er 7.

Men for ei stund sidan la eg merke til at dei byrja å ringe FØR kl. 19.00. Nærare bestemt eitt minutt på. Rart, tenkte eg, sidan dei klokkene mest sannsynleg ikkje blir ringt med manuelt. Men no er dei byrja å ringe TO minutt på 7.

. . .

Prøver den norske kyrkja gradvis å ta over tidsstyringa av verda...?

06.02.2008

HATA

eg HATA : Å VENTE

eg HATA: å sitte på jobb å vente

eg HATA: å hate at eg hata å vente på jobb

eg HATA: lønnsforhandlinga

04.02.2008

As we speak...

Ny akkurat no, berre med musikk!

Stå opp: Music Was Saved - Starsailor
Allsång: I'm Yours - Jason Mraz
På hjerna: For Once In My Life - Stevie Wonder
Mest irriterande: Working Class Hero - Green Day
Mest spelt: Repeater - Howl

Kred til meg sjøl.

02.02.2008


Gravid i veke 17


Julie ;)



Karneval i barnehagen, og eg
ordna kostyme! :)

Oppdatering

Akkurat no...

...er eg: trøtt og lat
...har eg: ein opphopande arbeidsbunke, minimalt med energi og lyst til å stikke av
...gjer eg: semesteroppgåve om bruken av finitte og infinitte verb i mellomspråket til ein vietnamesisk elev
...les eg: Kon Tiki - Thor Heyerdahl, Jenny - Sigrid Undset og Vår ære og vår makt - Nordahl Grieg
...høyrer eg på: P1
...vil eg: at noken skal gje meg uendelige mengder energi og tiltakslyst
...likar eg: at det er SNØ i Bergen!
...likar eg ikkje: at eg verken har ski eller akebrett her nede
...lurer eg på: korleis bloggen vår kan ha over 70 treff, men knapt 5 kommentarar...?!?
...fun fact: eg var 24 år før eg skjønte kvifor hamster heiter hamster

(Kredden går fremdeles til Trønderjanne. )