Eg ønska å gje :janne ei utfordring!
I morgen, el. fredag skal dagen dokumenterast med bilder som skal postast på bloggen.
Bildene skal vere med MAX 2t mellom. Utfordringa starta kl 9. Og avsluttast kl 18.
Bildene m/ tekst og gode forklaringa må vere ute på bloggen innan dagen er over.
Tar du den?
... men aldri heilt! To små jenter som har ei historie i lag. Dei reia og reia heilt til ein STOR og STYGG skapning holdt på å drepe dei! Etter dette har dei hatt eit behov for å skravle. Om dette og mange andre ting!
22.10.2008
21.10.2008
Ein heilt standard dag med familien Hageland
Ingenting er som å våkne
til denne solstrålen!
Husmor laga god lunsj til jenta som snart kjem heim i frå skulen.
Verdensbeste storesyste.
20.10.2008
Mandag
Bergansveir i Bergen
Lunsj (inne)
Nytt inventar i bokhyllaDagens veir førte til gjennomvått Bergansantrekk, som no er vaska og (forhåpentlegvis) impregnert i tørketrommel.
Elles kan kvardagslivet melde om at etter lengre tids vurdering må innsjå at mine planlagde 50 studiepoeng denne hausten vart litt for mykje å bite over. Difor må eg fint godta ein reduksjon til 35 studiepoeng, der litteraturen må vente til våren, medan språket får hovudprio før jul.
Og sidan litteraturen på senga no ikkje lenger er bestemt av pensumlista til NoLi 208, kan eg fram til nyåret lese nett det som fell meg inn. Til dømes debutboka til Erlend frå Nordisk, diktsamlinga Harudes, som eg etter kort gjennomlesing seier meg mektig imponert over!
Bergen er dessutan ein herleg by å vere blaa i idag!
17.10.2008
16.10.2008
Kjære verden!
Kan vi bli einige om ein ting?
STÅ til HØGRE, GÅ til VENSTRE!!!
Verda hadde vore mindre full av krig og blind vold dersom alle overheldt denne GENIALE idéen!
STÅ til HØGRE, GÅ til VENSTRE!!!
Verda hadde vore mindre full av krig og blind vold dersom alle overheldt denne GENIALE idéen!
15.10.2008
Charging . .. ...

Opplading i dette landskapet

Meir eple...?
Etter å ha vore globetrottar i nærare tre veker, kom kvardagen brutalt brått på. Kryssar fingra for at både mine og mi kjære maskin sine batteri er godt opplada, sidan vi skal produsere og levere to oppgåver til fredag og eit semesteroppgåveutkast til onsdag og vi ikkje har starta på noko av det endå.
Men sidan neste veka ser ut til å vere lenka til tastaturet er det godt eg har fått unna alle viktige to- do-ting, som å vere i lag med tanteungar både i aust og vest, tilbringe uanstendig mykje tid på kafé ilag med gode vener eg strengt teke ikkje ser for ofte, sett desse karane live, vore på denne premieren, vore fadder for :bente sitt vesle gull (og endeleg kome "orntli inn i familien" som pappaen hennar så godt uttrykte det), teke tog og buss, lese to av ti artiklar, sett tre filmar eg ikkje har sett før, feira ein bror, rensa hundeøyrer, nesten fått omgongssykje, sprengt klesbudsjettet og lært sauene våre å ete epler.
Kom arbeidslyst og treng deg på! Vær so snill...!
10.10.2008
:)
23.09.2008
Og der...!
...var vi endeleg på nett igjen! OmSIder! Gud signe Telenor.
Underteikna feirar med å forlate vestlandsbyen til fordel for ein austlandsby og seinare eit litt nordlegare vestlandstettstad. For ein periode.
Men vi er iallefall på nett igjen! Kast loss!
Underteikna feirar med å forlate vestlandsbyen til fordel for ein austlandsby og seinare eit litt nordlegare vestlandstettstad. For ein periode.
Men vi er iallefall på nett igjen! Kast loss!
18.09.2008
10.09.2008
Hausten er her
05.06.2008
FERIE!

I går kveld i åttetida, med denne utsikta og Postgirobygget på øyret, gikk det opp for meg at det er sommarferie. Eg hadde grillings i veska og gode medsamansvorne som venta på Nordnes, og i tillegg bestått i alle fag!
Sjølv om Bergen er fin om sommaren, so er han ikkje så fin som nordfjorden. Difor vender eg nasa heimover idag, til hengekøye, jordbær, hestar og beis. Æraen i Hor(d)agaten er mest sannsynleg forbi, men vi kryssar fingre for at æraen kan halde fram på ny plass til hausten.
Gå ut og nyt livet, kameratar! Det er sommar!
(Og til alle våre trufaste lesarar: beklagar laber aktivitet her inne i det siste! Men no ser de korleis VI har det når DE aldri gidd å kommentere! Beklagar eigentleg ikkje...)
22.05.2008
Forvirra
I dag medan eg venta på bussen heim i frå byn, skjedde dette på mindre enn fem minutt.
Ein av byens lause fuglar kjem sjanglande forbi med sigaretten nesten dettande ut av munnen, stoggar ved meg der eg står lett lenande inn imot ein vegg, ser på skoa mine og seier: "Jæææææ***i tøffe sko! De der likte eg schææmmpegått!!"
...?
Tre minutter seinare kjem ein eldre herre med misjonsbladet Fyrlykten og eit innsmigrande smil og vil frelse meg til Jehovas vitner eller noko liknande. Når eg høfleg smiler og takkar nei, ser han fyrst forundra på meg, men går vidare til rumenaren som set med amputerte bein i rullestolen eit stykke lenger borte og freistar lukka der.
...?
Eg hadde då ikkje noko anna på meg idag enn eg pleier å ha? Dessutan lente eg meg inntil ein butikk som sel PRADA! Men dette hadde tydeleg inga innverknad... Dersom det er fleire der ute som tykkjer eg ser ut som ei blanding av narkoman/fortapt/gatepike/rumenar, kan de vennlegst gje beskjed?!?
Ein av byens lause fuglar kjem sjanglande forbi med sigaretten nesten dettande ut av munnen, stoggar ved meg der eg står lett lenande inn imot ein vegg, ser på skoa mine og seier: "Jæææææ***i tøffe sko! De der likte eg schææmmpegått!!"
...?
Tre minutter seinare kjem ein eldre herre med misjonsbladet Fyrlykten og eit innsmigrande smil og vil frelse meg til Jehovas vitner eller noko liknande. Når eg høfleg smiler og takkar nei, ser han fyrst forundra på meg, men går vidare til rumenaren som set med amputerte bein i rullestolen eit stykke lenger borte og freistar lukka der.
...?
Eg hadde då ikkje noko anna på meg idag enn eg pleier å ha? Dessutan lente eg meg inntil ein butikk som sel PRADA! Men dette hadde tydeleg inga innverknad... Dersom det er fleire der ute som tykkjer eg ser ut som ei blanding av narkoman/fortapt/gatepike/rumenar, kan de vennlegst gje beskjed?!?
20.05.2008
Sommarens kanon...?

Det nærmar seg varmare dagar (forhåpentlegvis) og det er tid for late dagar under parasoll eller i hengekøye. Sidan alle "1001 bøker/ting/filmar/album/greske øyer du MÅ lese/gjere/sjå/høyre/oppleve før du dør" kjem ganske høgt opp på mi liste over fullstendig unyttig ræl, har eg berre tenkt å nevne eit knippe bøker som eg meiner kan passe til sol og sommar. Gjer som du vil.
Flaggermusmannen - Jo Nesbø.
Varmedirrande og svettedryppande historie frå Sydney sine solsteikte gater. Fantastisk historie, Nesbø sin fyrste, og beste, om Harry Hole.
Down Under - Bill Bryson
Enda ei historie frå solsvidde Australia, denne gongen ført i pennen av ein engelske reisejournalist, som med skråblikk fortel om sine opplevingar der nede i ein svært så humoristisk tone. Burde ha vore pensum for alle som har planar om nokon gong å backpacke i aussie- land.
Markens grøde - Knut Hamsun
For dei som føler dei vil slå tre svaler i ein sommar og få med seg noko av nasjonallitteraturen når dei fyrst er i gong. Fantastisk bok, fantastisk språk, fantastisk forfattar.
Sannhet ved soloppgang - Ernest Hemingway
Jakt på tiger og gnu på dei afrikanske savannene med sola i senit. Høg testosteronfaktor, men Papa er no ein gong Papa.
Fordeler og ulemper ved å være til - Vigdis Hjort
Om Nina som lev ut draumen, kjøper seg eit pensjonat på Tjøme og startar eit nytt liv med dottera Agnes. Luktar av syriner, sjøsprøyt og solbleika sengety.
Kon Tiki - Thor Heyerdahl
Min helt! Usannsynleg fantastisk historie som blir fortalt som det mest kvardagslege på jord. Eller på hav.
Mitt Afrika - Karen Blixen
Enda ei bok frå det koloniserte Afrika. Delvis sjølvbiografisk frå ei tøff dame. Åpnar med setninga "Jeg hadde en gang en farm ved foten av fjellet Ngong" og blir berre betre.
Harry Potter - J. K. Rowling
For born i alle aldrar. For dei som tykkjer at Ringenes Herre eller Hobiten blir litt for mykje. Start for all del på bok 1.
Muskat - Kristin Valla
Debutroman som har fått alt frå terningkast 1 til 6. Om Klara som reiser til Venezuela for å studere spansk, og møter ein professor med hjartet på feil side, medan forlovaden ventar på ei sydhavsøy. Ei elsk- eller hat- bok.
Peer Gynt - Henrik Ibsen
Meir norsk kanon for dei som føler dei har gått glipp av noko. Dryge 170 sider med replikkar på rim, og opphavet til fleire norske inngrodde uttrykk enn du er klar over. Ingen over, ingen ved sida. Vi er alle litt Peer i blant.
Beatles - Lars Saabye Christensen
Kim, Sebastian, Ola og Gunnar a.k.a John, Paul, George og Ringo sin oppvekst i Oslo på femti- og seksti-talet. Ein murstein av ei bok, men vel verdt å kome igjennom. Oppfølgar i "Bly", avslutninga "Bisettelsen" kjem i august.
Nådeløs villmark - Lars Monsen
Fantastisk fyr med fantastisk attitude! Tre års vandring på tvers av Canda som den fyrste i historien. Får kven som helst til å ville pakke primusen og soveposen og stikke for å fiske. Noko som er store moglegheiter for å gjere på denne årstida. Fantastisk skribent og fotograf i tillegg til å vere flink til å gå.
Eg har å byde, men ikkje å nøyde.
19.05.2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)



