20.05.2008

Sommarens kanon...?



Det nærmar seg varmare dagar (forhåpentlegvis) og det er tid for late dagar under parasoll eller i hengekøye. Sidan alle "1001 bøker/ting/filmar/album/greske øyer du MÅ lese/gjere/sjå/høyre/oppleve før du dør" kjem ganske høgt opp på mi liste over fullstendig unyttig ræl, har eg berre tenkt å nevne eit knippe bøker som eg meiner kan passe til sol og sommar. Gjer som du vil.


Flaggermusmannen - Jo Nesbø.
Varmedirrande og svettedryppande historie frå Sydney sine solsteikte gater. Fantastisk historie, Nesbø sin fyrste, og beste, om Harry Hole.

Down Under - Bill Bryson
Enda ei historie frå solsvidde Australia, denne gongen ført i pennen av ein engelske reisejournalist, som med skråblikk fortel om sine opplevingar der nede i ein svært så humoristisk tone. Burde ha vore pensum for alle som har planar om nokon gong å backpacke i aussie- land.

Markens grøde - Knut Hamsun
For dei som føler dei vil slå tre svaler i ein sommar og få med seg noko av nasjonallitteraturen når dei fyrst er i gong. Fantastisk bok, fantastisk språk, fantastisk forfattar.

Sannhet ved soloppgang - Ernest Hemingway
Jakt på tiger og gnu på dei afrikanske savannene med sola i senit. Høg testosteronfaktor, men Papa er no ein gong Papa.

Fordeler og ulemper ved å være til - Vigdis Hjort
Om Nina som lev ut draumen, kjøper seg eit pensjonat på Tjøme og startar eit nytt liv med dottera Agnes. Luktar av syriner, sjøsprøyt og solbleika sengety.

Kon Tiki - Thor Heyerdahl
Min helt! Usannsynleg fantastisk historie som blir fortalt som det mest kvardagslege på jord. Eller på hav.

Mitt Afrika - Karen Blixen
Enda ei bok frå det koloniserte Afrika. Delvis sjølvbiografisk frå ei tøff dame. Åpnar med setninga "Jeg hadde en gang en farm ved foten av fjellet Ngong" og blir berre betre.

Harry Potter - J. K. Rowling
For born i alle aldrar. For dei som tykkjer at Ringenes Herre eller Hobiten blir litt for mykje. Start for all del på bok 1.

Muskat - Kristin Valla
Debutroman som har fått alt frå terningkast 1 til 6. Om Klara som reiser til Venezuela for å studere spansk, og møter ein professor med hjartet på feil side, medan forlovaden ventar på ei sydhavsøy. Ei elsk- eller hat- bok.

Peer Gynt - Henrik Ibsen
Meir norsk kanon for dei som føler dei har gått glipp av noko. Dryge 170 sider med replikkar på rim, og opphavet til fleire norske inngrodde uttrykk enn du er klar over. Ingen over, ingen ved sida. Vi er alle litt Peer i blant.

Beatles - Lars Saabye Christensen
Kim, Sebastian, Ola og Gunnar a.k.a John, Paul, George og Ringo sin oppvekst i Oslo på femti- og seksti-talet. Ein murstein av ei bok, men vel verdt å kome igjennom. Oppfølgar i "Bly", avslutninga "Bisettelsen" kjem i august.

Nådeløs villmark
- Lars Monsen
Fantastisk fyr med fantastisk attitude! Tre års vandring på tvers av Canda som den fyrste i historien. Får kven som helst til å ville pakke primusen og soveposen og stikke for å fiske. Noko som er store moglegheiter for å gjere på denne årstida. Fantastisk skribent og fotograf i tillegg til å vere flink til å gå.


Eg har å byde, men ikkje å nøyde.

Ingen kommentarer: