28.05.2011

A french affair

Ja. Eg innrømmer. Legg meg flat. Eg har synda. Vore utru. Fleire gonger. Med vitande vilje. Og eg har til hensikt å fortsette.

Mitsubishi Pajero. The love of my life.

Til vanleg når eg køyrer bil, køyrer eg ein høgt elska Pajero, om lag ein slik som du ser på biletet over. Eg har uttala utallige gonger til utallige menneske at eg aldri vil setje mine bein på pedalar i noko anna enn min kjære Pajero. Og i so tilfelle må det vere noko som liknar. Aller helst skal det vere stort. Og sterkt. Heile poenget med ein bil er jo at den skal kunne trekke ein hestehengar.

Og det skal i alle fall ikkje ha færre enn fem dører. Farge på bilar har eg aldri skjønt poenget med, her skal det vere grått. Og noko på størrelse med ein Golf kunne du berre drite i at eg såg på ein gong!

Og no har eg altså vore utru. Og attpåtil med ein kar som er liten, snerten og fransk!

Mitt franske sidesprang

Fordi eg no held på å bli vaksa (les: ikkje skal vere student lenger) treng eg av og til eit framkomstmiddel for å bruke knappast mogleg tid att og fram til min nye arbeidsstad. Det er i desse tilfella eg har begått den synda å ikkje vere tru mot Pajeroen. Og det att på til med ein kar som ikkje ein gong har hengarfeste!

Men det verste er at det kjennest ikkje så gale som eg hadde trudd! Samvetet mitt er ikkje svart som natta, meir grått som Pajeroen. Eg og mr. 207 kjem godt overens, han er kjapp og lydig, billig i drift og han går på diesel! (Noko som er det einaste eg har å utsette på min elles so perfekte Pajero. Skal du ha drag, må du ha diesel.) I tillegg er han jo ikkje min, eg lånar han når eg treng han her. Eg tykkjer det gjer sviket litt mindre. Så då får det heller gå at han er liten, raud og fransk. Pajeroen min er jo trass alt langt vekke og tenar andre.

Eg trøstar meg med at sviket mitt i alle fall har fem dører. Sjølv eg har då ei moralsk grense.

12.05.2011

A lot of nothing finished yet

For å bruke eit Bigbang- sitat, dette er livet mitt kort oppsummert for tida. A lot of nothing finished yet.

Mykje som skjer, ingenting eg får gjort ferdig på ei stund, lite tid til det eg har lyst å gjere. Men eg kan røpe at studielivet går mot slutten, og at eg snart går over i dei vaksne og ansvarlege sine rekker. I den grad er eg i stand til det.

I mellomtida blir det ikkje meir tid til blogging enn det har vore på ei stund. Men ein skal ikkje kimse av det praktiske som føl å ha ein blogg! I år hugsa eg nemleg at eg trengde nye bunadssko! Ikkje verst berre det!

Det kan og sjå ut til at også i år vil NestenVaksen- teamet ha ein representant i den bergenske 17. mai - prosisjon. Og viss vi er heldige, kan det hende det kan bli ein oppsummerande bloggpost om det i ettertid. Men ikkje håp for mykje. Lita tid til det eg har lyst å gjere, veit de.