30.01.2008

Då va billetten til

Bergen i havn! :)


Så no skal det bli UTRYGT å vere bergensar.

Iallefall frå torsdag til søndag ein gong i mars.


:)


GLEDA MEG!

28.01.2008

Tamtamtammmm ta ti taaaaaaaaa!

:)

Enkelt og greitt. Berre ein liten fanfare for dagen!

26.01.2008

Syng med oss!

Det går i allsong i kollektivet om dagen.





Nahcspiel, noken...?

24.01.2008

Tjuvlyssnat

Kvar: På buss 24 mot Åsane.
Når: I går, ca kl. 14.00 (skulesluttid)

Ungdomsskuleberte, med tilhøyrande gutegjeng, kjem på bussen og startar straks å prate HØGT i mobilen medan ho samstundes kjeftar/ropar/klagar/fører samtale med sine medreisande beundrarar (gutegjengen).

Berte (ropar høgt i telefonen):Kan du svaare meg på koffår i h**** du e so j**** lite på den h**** skolen for tiden?!?!?!

*pause*

Berte (ropar endå): Så du hadde skole til fire åsså gikk du klåkken tåll...? aahh, du e bare så j*** fjortiss!!!

*allmenn, høg latter*

Og kor lenge ha du IKKJE vore fjortis, jenta mi...? Fire dagar?

Stemmevolumet blei forresten skrudd ett hakk ned for kvar gutegjengkompis som gjekk av. Før vi var komne til Åsane var ikkje jenta lenger høyrbar.

Jaja. Har vi alle vore der....?




PS: meir tjuvlyssnat her. På svensk, riktignok.

Hrhrhrhhr

http://www.youtube.com/watch?v=_BuRwH59oAo

21.01.2008




Mandag.... igjen

Så kom den igjen.


Tung og trøtt.

Hjelpe jo ikkje å sove middag heller.


Kanskje eg skal gje nokre nye bilder?

Det beste eg kan delta med idag.
Her kjem iallefall nokre bilde frå jula.




20.01.2008

Ingen over, men ...

.


I går var eg på konsert med denne gjengen. Iallefall føltes det sann. Ashbury Park brukte dei siste to timane av gårsdagen til å gje blodfans og dei som no er blodfans av The Boss ei grunnvollsristande konsertoppleving.


Ein full sal kokte frå fyrste stund over gjengen som hedrar sjefen på ein meget bra måte. Blodfansen klappa, song og dansa i midtgongen, og framme på høgre ving kunne ein sjå den same takksemda som når eit visst gull kom den rette vegen tidlegare i haust. Smilet mitt gjekk heilt rundt i mange timar etterpå. Konsert skulle vore given på blå resept.


Eit dyktig band viste ekte kjærleik og speleglede over musikken til ein stor helt, og nådde nesten heilt opp til energien som sjefen sjøl med gjeng viser på konsert. For heilt opp når jo ingen.


Det er ingen over The Boss. Men etter i går er der nokon på sida. Måtte dei aldri slutte.

18.01.2008

I natt jag drömde...


I natt drøymde eg at eg hadde Jonas Lie som eksaminator og Jens Bjørneboe som sensor på min munnlege litteratureksamen. Sjølv om eg sat med boka oppslått i fanget og bladde som en gal, greidde eg ikkje å svare på det Jonas Lie spurde meg om, so han måtte iltert kviskre svara til meg når Jens Bjørneboe gikk ut for å hente meir kaffi.


Sensor



Eksaminator

Sikkert like greit eg vakna før dei sette karakter.



Dagens agenda? Lese litteraturhistorie.

15.01.2008

Kongvinter blir våt på beina....





Vi som hadde det so fint ei god stund.


Kongvinter kosa seg nokre daga her.


HERJA rundt og gjorde at nabolaget måtte


ta sekken på ryggen å gå på SKI ned til butikken.


Nostalgisk og gamaldags.









Men so kom regnet ........

*sukk*


Og dei siste døgna har vi ikkje hatt opphald...

So no blir kongvinter våt på beina her.

Sikkert derfor han ha satt Joker Regn i gong.


Ja ja.

Men ellers skjer ting i full fart!




Snooze...?


Når ein vaknar ti over halv og bussen går ti på heil, set ein an dagen i eit tempo som gjer at dei fleste av dagens arbeidsoppgåver er unnagjort før halv to.


Jammen godt eg har stort pensum.

14.01.2008

Nyårsforsett?

Nyårsforsett tyder at noko held fram på same måte som i fjor. Difor har eg ikkje noko nyårsforsett å bli flinkare å blogge. Men eg har ein plan om å bli flinkare å blogge.

Kort oppsummering sidan forrige bloggpost, som (pinleg nok) var 18. desember.

Jula føregjekk stillt og fredfullt, utan snø, men med det meste som går an å pådra seg av influesaer/forkjølelsar/betennelsar. Nyåret forsvann i ei stor hostekule, og kvardagen kom irriterande raskt på.

Semesteret starta i dag, og eg ligg allereie etter. Pensumet er om mogleg endå større enn i fjor, og eg klarer ikkje å melde meg opp i dei faga eg skal ha. Eg veit heller ikkje kva tid undervisninga i dei faga eg ikkje klarer å melde meg opp i, skal gå. Kan hende har den allereie starta.

Med andre ord: eg har inga oversikt og ingen kontroll.

Med andre ord: kvardagen min liknar mistenkeleg eit nyårsforsett.