31.01.2011

Familie helg?

Når fredagsmorgon starta slik:















og laurdagsføremiddag går med til planlegging:
Det ideelle kjøkkenet?






 
Med denne hjørneløysinga?
























Denne stolen i gangen?















Søndagen blir via til:


Leik og moro med familien





















Før helga blir avslutta med matlaging og baking, og:
Utsleten og nybada liten tass!














då kan eg seie det har vore ei virkelig god helg!


29.01.2011

Eg? Ein mammut?

Vel er eg gamal, men nokon mammut ser eg vel ikkje meg sjølv som likevel. Bortsett frå éin gong i året, omlag når vinteren tviheld på seg sjølv og våren prøver å presse seg fram. Mellom 17. februar og 5. mars er det mammutsal i alle bokhandlar i landet. Gode bøker til latterleg låge prisar. Og sjølv om eg har slutta (nesten) å kjøpe bøker på grunn av sterk mangel på hylleplass, blir det nok ein stabel i år og. Heldigvis/desverre.

No er det jo ikkje alle som likar å lese det same. Ikkje alle les so mykje. Nokon les meir enn andre. Nokon les ikkje i det heile. Av og til er det berre vanskeleg å kome i gong. Vanskeleg å vite kva bok som kan passe for ein sjølv. Og det er iallfall vanskeleg når du står i ein bokhandel med ein million bøker på tilbod.

Difor skal eg gje deg ei liste over kva EG ville ha brukt pengane mine på under årets mammutsal (dersom eg hadde hatt pengar og dersom eg ikkje hadde hatt alle desse bøkene frå før). Ingen diktsamlingar, ingen tunge biografiar eller tjukke engelske novellesamlingar, og ingen modernistiske romanar som ikkje er råd å forstå. Berre ei liste over bøker som er gode, enkle å kome i gong med og kjekke å lese. Tykkjer eg.

(Og dersom blogspot hadde fungert litt betre, hadde du fått eit pent lite bilde attmed kvar bokomtale. I staden må du nøye deg med ein link.)

Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda er noko so sjeldant som ei fransk bok på nynorsk. Camille flyttar inn hos Philbert fordi ho frys og ikkje et, der bur allereie kokken Franck som er litt over middels irriterande, men som har ei bestemor Camille blir veldig glad i. God bok. Kjøp den.

Min Kamp av Karl Ove Knausgård er kanskje veldig 2010, men guten skriv godt. Og overraskande lettleseleg. Så viss du vil finne ut kva fjorårets oppstyr handla om, les Knausen. Eller du kan la vere. (Og tru meg, det er slett ikkje nødvendig å lese alle.)

Millenium-trilogien til Stieg Larsson er opphypa av ein grunn, og grunnen er at dette er noko av den beste krim som nokon gong er skriven. Lisbeth Salander og Mikael Blomquist er eit radarpar. Larsson kombinerer svensk litteratur med mange mord. Både Liza Marklund og Jo Nesbø er mammutar i år, men vil du lese ekstremt god krim, les Larsson.

Are Kalvø sine Greatest Hits vol. 3 gjev deg Kalvø sin tørre kåseri-humor i form av eit skråblikk på landet syden, eit skråblikk på kinarestaurantar og eit skråblikk på nordmenn si hug etter å redde verda. Say no more.

Øyne i Gaza av Mats Gilbert og Erik Fosse fortel om dei vanskelege forholda på eit sjukehus på Gazastripa under det israelske angrepet rundt nyår 2008 og 2009. Sterk, skremande og nær. Og god.

Morten Schakenda si kokebok, eller rettare sagt bakebok, er verdt å ha. Dei berømde brøda og bollane frå bakeriet i Lom fekk underteikna og Bronda til å køyre akkurat passeleg fort resten av turen til Oslo. Og blodsukkeret heldt seg stabilt takka vere mr. Schakenda. Respekt.

Ingrid Bjørnov si pianobok har gjort for wannabe-pianistar det Lillebjørn Nilsen si gitarbok gjorde for wannabe-gitaristar. Lyst å drite i skalatrening, En rød bil og Tom Dooley, og gå rett på å lære deg å spele nachspiel- piano? Kjøp boka til Ingrid.

Thor Heyerdahl er representert med to verk på årets sal, flåteferda Ra og Aku- Aku- historia om Påskeøya. Sjølv om eventyrreisa Kon Tiki ikkje er på årets liste, er Ra og Aku Aku gode alternativ. Heyerdahl er uansett mannen.

Reisebreva til Niels Chr. Geelmuyden er reiselitteratur for deg som kanskje legg lista litt lavare enn kva overnemnde Heyerdahl gjorde. Alt frå Toscana og Washington til Henningsvær er omtala, og

No er det ikkje sikkert du finn noko som helst av dette interessant. Men kanskje, når du stikk innom bokhandelen mellom 17. februar og 5. mars, finn du noko anna? Og dersom du ikkje finn det slag, så har du iallfall prøvd!




26.01.2011

Flagremusmanjen

Eg skal lese!
:janne seie det er lurt å lese.
Då skal eg lese om Jo sin Flagremusmanj.

:janne kan blogge!
Eg seie det er lurt å blogge.
Då skal :janne blogge på denne bloggen?

24.01.2011

Mandag....

Godt det er dokumentert ,  tredje mandagen i januar!

Eg starta dagen med forlite søvn, sårhals og hoste.
Måtte denne dagen gå fort!


Ha det fortreffelig på årets verste dag!

21.01.2011

Vårt kjære lokalsjukehus

Sjølv om eg bur her eg bur, långt frå Nordfjord sjukehus, kjenne eg likevel at kampen for lokalsjukehuset er viktig. Viktig for "framtidsfylket" og viktig for dei, alle mine kjære heime, som treng tryggheten der mellom fjella.
Bygdefolket i Nordfjord er glad i sjukehuset sitt og vil gjerne både kunne føde og få akuttbehandling der, og ikkje undervegs til Førde i enten bil, ambulanse eller helikopter.

Eg vil herved gje ståande applaus til alle der heime som røyse seg og bruka stemma si!
Dei som kjempa for sjukehuset gjennom konsertar, fakkeltog og mediaomtale osv. 

Lenge leve alle lokalsjukehus og kanskje spesielt Nordfjord sjukehus!

20.01.2011

Julepynta København

Karianne og eg i ein flott juledekorasjon, inne på Tivoli!













Deilig mat :D

Fann dette te-settet, angra på eg ikkje kjøpte det.....







































Heimreisa enda i kaos, uveir av det sjeldne. Så mange var der før oss i køen....
























.. men Julia ordna og vi fekk lurt oss inn ein anna kø og vi kom omsider heim igjen.... Via Bergen og fleire forsinka fly!

Vil takke Karianne for ei HERLIG helg for sletnehusmødre!
Om du er klar og vil, så er vi tilbake ved eit seinare tidspunkt.

18.01.2011

Jordan veit korleis ja!

Etter å ha rydda opp igjen etter middag ein dag i forrige veke, skjedde det eg trudde aldri kunne skje.













Yndligsoppvaskkosten min som eg fekk av min kjære syste, KNAKK! Designervaskekosten, royalmodellen til Jordan, knakk. Gudda meg! Dette var dårlige nyhender for "Jordan som vet hvordan!"
Markedsføringsutdanna som eg er, tok eg fotoapparatet fatt og foreviga den flotte kosten og sendte sporenstraks ein mail til Jordan.
Svaret kom kjappare enn lynet, og dagen itte sendte eg dei "beviset" til undersøking.
I dag kom belønninga....













To nye oppvaskkosta og ein oppvaskklut ! :)
Får håper denne royalmodellen vare litt lenger, men PYTT då ha jo den andre.
Og om ikkje den skulle holde heller, så kan eg vaske med kluten.

Eg ve herved oppfordre ALLE til å klage på produkt som går sønde!
Produsentane er veldig interesserte i å få tilbakemeldinga og belønninga meir enn tapet.

Bake? Bake lavkarbobrød? Nytt og spennande? hmm!

 Har du sett beire nedskreve oppskrift nåken gong??
Kodeoppskrift.

 Innhaldet måtte forevigast.



 Vips - inga heving! (Ja, sjå den fine planten min!)
Glømte å ta bilde av restultatet.....



... men bakehjelpa stilte villig opp!