23.03.2010

Jentene på hyttetur

Jentene har vore på hyttetur på Hovden.
Fredag til søndag.
Fantastisk selskap. Fantastisk afteski.
Fantastisk biff og fløtegratinertepoteter etter afterskien... !
Ideelt sett skulle den vore eten FØR afterski
- som alle veit blir det alltid vått innhald på afterski.
Men maten smakte kanskje like so godt etterpå.

Takk for turen jenter!
Latteren sitte forsatt laust når eg tenke på Tjostolfmila, Paradise og sykkelfantomet.

20.03.2010

Laurdag


Fordi eg er totalt blotta for bloggeinspirasjon for tida, er det knapt med innlegg frå vestlandet i disse dagar. Sørlandet har heldigvis ein høgare statestikk, dersom det ikkje hadde vore for :bente hadde bloggen sett dau ut for lenge sidan.

Men sidan eg ikkje klarer å skrive noko som liknar på noko løje, sender eg dykk i staden vidare til ein kar som klarer det. Les Are Kalvø sine inste tankar i staden for å irritere deg over mine. 

Og ha ei fin helg, forresten.

18.03.2010


Ja so no kjære Bergen! Gje meg vår og rom for UTE-pils! :)

12.03.2010

Tingenes tilstand

Eg har tidlegare blogga om kor mykje drit eg har i veskene mine. (Det viser seg at andre har same problemet!) Etter å ha blitt lei av å gå å drasse rundt på all denne driten, har eg renska veskene mine, slik at eg ikkje lenger slit meg ut kvar dag på å bære unødvendig vekt og gamalt bos.

Men når eit problem er løyst, melder eit anna seg. Kvar skal eg gjere av all driten som eg no ikkje lenger har i veska? For sjølv om det er drit, er det drit som er for god til å kaste. Dette gjer at det no hopar seg opp i haugar overalt, ting som eg sjeldan brukar, men ikkje klarer å kaste. 

Ute av syne, ute av sinn er stikk i mot Feng Shui-reglane, men det hjelper. For ei stund. Driten blit stappa i boksar og korger, putta i skåp (eg har ikkje skuffer) eller plassert i vinduskarmar.

Kvifor kan eg ikkje berre kaste det? Tru meg, eg har lyst. Men eg klarer ikkje å hive fullt brukbare ting, sjølv om det går lenge mellom kvar gong eg får bruk for det. No høyres det kanskje ut som om leilegheita mi fløymer over, og at Hilde Hummelvoll dundrar på døra mi og tigg om å få kome inn. Slik er situasjonen heldigvis ikkje. Endå. Men vær so snill og sei at du kjenner deg igjen?

Ei løysing hadde kanskje vore å gjett det vekk. Nokon som treng ein bagasjelapp? Eit par billedrammer? Gamle mobilladarar eller ein handsfree-mikrofon? 15 refleksar og nesten heilt nye boblekonvoluttar? Ledningssurrarar? Samankrølla, ubrukte ark? Eller eit par blå merketusjar? Du får det du vil! 

Men veskene er i alle fall mykje lettare då. Takk for det. 

08.03.2010

Påskestemning på heia :)



Produkt(feil)plassering

I serien "Fullstendig unyttige produkt" er vi i dag komen til Colgate sitt bidrag: Tannkost med lukt av mint. 

I utgongspunktet kunne jo dette høyres ut som ein god idé. Det hadde det jo og vore, dersom mintlukta hadde vore tilsett den delen av tannkosten ein har inne i munnen. Det er den ikkje. Den er plassert på skaftet. 

Det du held i handa når du pussar tenner er med andre ord den delen av tannkosten Colgate har vald å duftsette. Det er berre det at det luktar ikkje mint. Det luktar slik som gummipipedyr beireikna for hundar luktar (og sikkert smakar). Eg måtte fiske emballasjen opp frå boset for å finne ut kva som var gale med min nye tannkost, og kvifor det plutseleg lukta dyrebutikk rundt hovudet mitt. 

Det kan hende (hønse)hjerna bak prosjektet har tenkt at det hadde vore fresht om hendene våre luktar omtrent som munnen vår etter ein tannpuss. Joda. Men då foreslår eg enten a) tilsett ei mintlukt som faktisk luktar mint, eller b) smør hendene dine inn med tannkrem dersom du har dette sterke ønsket om å ein mintduftande kropp. Resultatet er i alle fall eit produkt eg spår kjem til å forsvinne raskare enn vaniljecola eller Smil med banansmak.

Lat oss konkludere: Jordan vet hvordan, Colgate har ikkje peiling. 


PS: Eg understrekar at denne testen er gjort ufriviljug, tilfeldig og subjektivt, og må ikkje oppfattast som reklame for Jordan eller dissing av Colgate sine øvrige produkt. (Er eg ute av saksøkfareområdet no...?)