08.03.2010

Produkt(feil)plassering

I serien "Fullstendig unyttige produkt" er vi i dag komen til Colgate sitt bidrag: Tannkost med lukt av mint. 

I utgongspunktet kunne jo dette høyres ut som ein god idé. Det hadde det jo og vore, dersom mintlukta hadde vore tilsett den delen av tannkosten ein har inne i munnen. Det er den ikkje. Den er plassert på skaftet. 

Det du held i handa når du pussar tenner er med andre ord den delen av tannkosten Colgate har vald å duftsette. Det er berre det at det luktar ikkje mint. Det luktar slik som gummipipedyr beireikna for hundar luktar (og sikkert smakar). Eg måtte fiske emballasjen opp frå boset for å finne ut kva som var gale med min nye tannkost, og kvifor det plutseleg lukta dyrebutikk rundt hovudet mitt. 

Det kan hende (hønse)hjerna bak prosjektet har tenkt at det hadde vore fresht om hendene våre luktar omtrent som munnen vår etter ein tannpuss. Joda. Men då foreslår eg enten a) tilsett ei mintlukt som faktisk luktar mint, eller b) smør hendene dine inn med tannkrem dersom du har dette sterke ønsket om å ein mintduftande kropp. Resultatet er i alle fall eit produkt eg spår kjem til å forsvinne raskare enn vaniljecola eller Smil med banansmak.

Lat oss konkludere: Jordan vet hvordan, Colgate har ikkje peiling. 


PS: Eg understrekar at denne testen er gjort ufriviljug, tilfeldig og subjektivt, og må ikkje oppfattast som reklame for Jordan eller dissing av Colgate sine øvrige produkt. (Er eg ute av saksøkfareområdet no...?)

Ingen kommentarer: