31.03.2009

Dagens Outfit


Det er viktig å holde takt med tida og følge med. Fornying er eit must. Difor har eg fatta beslutninga å innlemme Nesten Vaksen i den stadig veksande gruppa av motebloggar! Frå no av skal eg kvar dag ta bilde av kva eg har på meg, kva plagg eg har kjøpt i dag, kva eg berre MÅ ha, bilder av folk eg syns kler seg ufatteleg kult, i tillegg til brettekantane i klesskapet mitt og innhaldet på badehylla.


Stay Tune!!


Dagens outfit:



Hettejakke, unnskyld, HOODIE frå Malakof
Sweatpants second hand (arva frå bror)
Basic sweather frå Bavac
Socks frå unknown (pappa?)
I tillegg: sko frå ein skobutikk. paraply frå Rimi og jakke frå Bergans

Legg GJERNE igjen reaksjonar, kommentarar, ris og ros til dagens outfit i kommentarfeltet. Gjerne!

30.03.2009

Luksusproblem og barndomsminner

Måndagar byr som regel på utfordringar. I dag er ikkje noko unntak.

Eg har skrive to av seks delar av bacheloroppgåva mi og er allereie over 4000 ord. Grensa er 5000. Det vil seie at eg anten må til med ei seriøs spyttslikking hos eksamenskonsulentar og emneansvarlige, eller eg må til med ein seriøs kuttekniv. Eg har ikkje lyst til noko av delane. Gode råd blir mottekne med takk.

Eg har hittil greidd å halde forkjølinga i sjakk, men no kjennest det ut som eg må gje tapt snart. Veiret idag er klassisk Bergensveir som krev klassisk Berganskle. Ikkje godt forkjølelsesveir, men bra vi har kleda i orden i alle fall!

Uansett er det snart påske! Påske er for meg som jula, berre med betre veir, betre tid, mindre stress og kav, meir avslappa stemning, like mykje sjokolade og betre tid til å få sja dei ein ikkje ser for ofte. I tillegg er påska ein herleg pustepause midt inni ingenting. Folk har betre tid og er i betre humør. Påske eller jul? Påske.

Fram til påske skal eg få med meg resten av forelesningane mine, gjere unna eit par møter og prøve å løyse luksusproblemet mitt. Men ikkje i dag. I dag begrev eg meg i barndomsminner. Det var en gang livet var eit av mine absolutte favorittar når eg var litt mindre enn i dag. Eigentleg er det ein av mine favorittar endå. Dessutan kan den KJØPAST her! Dersom det hadde vore jul vi sto føre no, og ikkje påske, hadde denne stått på ynskjelista.

Ha ein fin måndag!

27.03.2009

Nysgjerrig, :bente?

Eg har ei hemmelegheit. Ei overrasking. Den angår :bente og ektemake. :bente veit ikkje kva overraskinga er, og får ikkje vite det på NØYAKTIG tre månadar. MEN! Overaskinga kom i posten i dag. Den er inne i denne øskja. Den som klarer å gjete kva som er inni, skal få ein FEIT premie! Eg lovar! Kryss i hjartet, ti fingrar i nasa. Legg igjen forslag i kommentarfeltet.

26.03.2009

Viss du ikkje fekk

det med deg. Så henvise eg til ein meget interessant og ARTIG dokumentar her! :)

25.03.2009

Om eg kan å bruke kr 35,-?

SJÅ varpet eg gjorde! 3 stk til sammen kr 35,-.
Hadde ein klart å gjere det kvar dag, hadde livet for ein fest!

24.03.2009

Vinter besøk

Vi har i år hatt mange på besøk.
Berre synd dei gjekk igjen so fort....

Men va arti mens det varte.

22.03.2009

Sanninga bak friskluft-fenomenet

I all mi tid, og ja det er jo faktisk begynt å bli nokre år no, har ein alltid fått høyre at det gjere godt med frisk luft. Ein blir kvikkare og får gjort meir. Ein blir blidare og meir lykkelig til sinns.

Sanninga for min del er jo at ein i bunn og grunn søve MEIR jo lenger sola er her tidlig på våren.
Har hatt ei fantastisk ute helg, mykje frisk og god vårluft. Kampen mot FÆRRE nattetima tape eg. Ha sovna tidlig kvar kveld. Ein MÅÅÅÅ jo legge seg tidlig fordi kampen mot tunge, vårtrøtte augelåk tape ein.

21.03.2009

Veskesnap(shot)ing

Då eg las at TrønderJanne hadde rydda veska si, tenkte eg at det hadde jammen ikkje vore so dumt om eg gjorde det heller, tatt i betraktning at eg brukar over gjennomsnittleg lang tid kvar gong eg skal grave fram noko frå botnen. Difor tømde eg veskene utover golvet, børsta vekk den verste driten og tok bilde av resten av driten.

Eg er i utgongspunktet ikkje so veldig glad i vesker. Difor har eg heller ikkje så mange. Eg har to. Som eg brukar iallfall...Den eine er veldig god, og blir brukt ofte. Den andre er ikkje så god, men mykje finare enn den fyrste. Den blir ikkje brukt so veldig ofte, oftast når eg skal sitte på buss eller tog i lang tid.

Veske nr. 1: Den mest brukte veska:


Her fann eg: mat, vatn, hanskar, eit måleband frå ikea, eit ukjent antal blyantar frå ikea, tome nisteposar, ein penn, fem kvitteringar, eit halvfullt buss/tog/trikk-verdikort frå Oslo, sjokoladepapir, ein vaskeserviett frå T.G.I, kronestykker, ei klemme, to lause extra, ein flatklemt øskje Extra, papirlommetørkle (ubrukte), papirlommetørkle (ikkje så ubrukte), nistemellomleggspapir, ein papirpose frå Accessorice og ei brosjyre frå SiB. I tillegg bør denne veska innehalde meir niste, lommebok, lyklar og telefon, i tillegg til dagens nødvendige bøker. Hadde eg kjeme i hug og ta bilde av veska i tillegg, hadde de sett at den er ikkje overvettes stor. Eg kan forstå om de ikkje trur meg på denne...

Veske nr. 2: Den fine, men veldig-låk-å-bære-veska:

Her fann eg dette: to D2-magasin, eit svensk (!)interiørblad, to kvitteringar, ein refleks frå opera Nordfjord, ullsokkar, ein deodorant, to pakkar papirlommetørkle, to øskjer Dent, Otrivin, eit iPod-futteral, iPod-øyrepropper, ei øskje Extra, sjokoladepapir og generelt boss. Denne veska var ikkje så full, til trass for at denne veska er mykje større enn den fyrste...

Etter denne "ta ein kik inn i mitt liv"- snapshoten måtte eg springe for å rekke dagens duntar. Dette førte til at livet i veskene blei liggande på golvet til eg skulle legge meg. Då var eg så trøytt at eg ikkje gadd å gjere noko anna med det enn å hive alt opp i sine respektive vesker igjen... Men smulane og småsanden på botnen er iallfall vekk!


20.03.2009

-5 grader, blå himmel og sol!

Fantastisk start på dagen idag. Sjølv om det var bikkje kaldt når vi stod opp, veit eg at dagen blir fin. Himmel uten skyer og eit tun fyldt av frisk morgonsol - gjer meg ein god og varm følelse. Om ikkje lenge pakka eg og Jonas i hop litt nødvendige ting, og sette nasa mot byen. Vi skal møte kjent folk heima ifrå - gleda meg!

19.03.2009

Akkurat no...

....er eg: ikkje heilt komen i gong med dagen
...har eg: ein bråkete heisekran som jobbar utanfor soveromsglaset mitt mellom 7 og 8.30 kvar morgon
...gjer eg: bacheloroppgåve og førefellande husmorsarbeid
...les eg: Ut å stjæle hester - Per Petterson (frivilleg) og Drømfakulteten - Sara Stridsberg (ufrivilleg)
...høyrer eg på: Radioresepsjonen
...vil eg: at tida ikkje skal gå so fort. For mykje å gjere - for lita tid å gjere det på
...likar eg: at våren er komen, at sola skin, og at Bergans har gjeve meg ei ny jakke
...likar eg ikkje: at eg eg lenka til skrivepulten, og at skrivepulten ikkje står ute i sola
...lurer eg på: om eg blir nøydd å gå aleine på fest ikveld...?
...fun fact: eg har Einar Tambarskjelve-medalje i bogeskyting!

Kredd!

18.03.2009

Stress

Kan nokon svare meg på kvifor der finnast nokre som blir fortare stressa enn andre?

15.03.2009

Ein skulle tru...

Ein skulle tru at folk i Noreg sin mest regntunge by tok betre vare på paraplyane sine enn folk flest. Dette stemmer ikkje. På regnveirsdagar er samtlige av byen sine bosbytter FULLE av øydelagde paraplyar, som har enda sine dagar halvvegs forsøkt stukke inn i byen sine mange bosbytter.

Ein skulle tru at alle i Bergen til ei kvar tid har ein paraply i veska. Dette stemmer ikkje. Bergensarar må lide av ein svært selektiv hukommelse. Eit stort og variert utval av bruksting blir brukt som skjold mot den til stadig overraskande væta. Så dersom du ser nokon springe etter bussen med ei avis, ei veske, ein pose full av matvarer eller ein barnehageunge over hovudet, så er det mest sannsynleg ikkje ein psykriatisk person, men ein bergensar. Dei skal ha pluss for den miljøvennlige fleirbruksideen, då.

Ein skulle tru at bergensarar visste å kle seg etter regnveiret. Dette stemmer ikkje. Som innbarka vestlending har eg for vane og dra på meg full Bergans-habitt og vanntette støvlar opp til knes når himmelen åpnar sine sluser. Dette slutta eg raskt med, då eg var den einaste i byn som praktiserte dette. Regnveirsantrekk for ein bergensar er enkelt og greit eit finveirsantrekk med ei hette over hovudet, eventuelt ein bruksting. (Paraplyen ligg jo ødelagd i eit bosspann i eit busskur.)

Ein skulle tru at alle bergensarar gikk rundt våte og klamme heile dagen på regnveirsdagar. Dette stemmer (tydelegvis) ikkje. Når ein bergensar hoppar inn på bussen etter ei kort springeøkt, med kolonialposen over hovudet, ristar dei berre litt på føtene, omtrent slik som kattane gjer etter å ha dumpa borti ei søyle, og så er dei like tørre og friske som dei såg ut når dei gjekk heimanifrå. Folk frå andre stadar, til dømes Nordfjord, ser ikkje ut til å ha denne evna.

Ein skulle tru at alle bergensarar eig minst eitt par gummistøvlar. Dette stemmer.

Ein skulle tru at alle bergensarar konstant gjekk rundt og var sure på grunn av dårleg veir, dårleg kvalitet på paraplyar, manglande regntett antrekk og våte sokkar. Dette stemmer ikkje.

Det skulle ein jammen meg ikkje tru!

11.03.2009

Lytt og lik!

Eg tykkjer eit av mine absolutte favorittband gjennom nesten 8 år, fortener meir merksemd og kredd enn dei hittil har fått her på berget. Eg tek difor ansvar.

Kort fortalt: Starsailor er britiske, og bevegar seg i grensene mellom Radiohead og Coldplay, vil eg seie. Det fjerde albumet er ute no, og kan kjøpast (fraktfritt!) HER (det tek jo som sagt litt tid før berget får med seg at noko skjer), og dersom det held like høg kvalitet som dei føregåande tre, har du ingen grunn til å frykte at du kastar vekk pengane dine! Mine tre cd'ar er omtrent spelte i hjel, dette er nemleg av dei sjeldne albuma der du ikkje føler for å skippe ein einaste låt ved gjennomspeling. I tillegg er kvart album ein fantastisk heilskap, alle låtane føl naturlig etter kvarandre, slik at sjølv eg, random-elskaren, må droppe random når eg kjem til Starsailor. Enkelt og greit.

Framleis ikkje overbevist? Sjekk ut heimesida, MySpace eller YouTube, eller høyr to av mange fantastiske perler her:









Og husk! Dette er berre to av mange, mange! Det er nesten so at eg misunner de som ikkje har oppdaga dei endå.

10.03.2009

Ein kjole til pustebesvær!

Fanden altso!

Kjolen e tilsalgs på Finn. Den e fiiin - enkel men likavel nuk t staskjole! Akkurat som eg tenkte: FINT mønster, ikkje for mykje og ikkje for lite. I akkurat mi økonomiklasse.

Jævla midjemål........

09.03.2009

Bjørnen søv

Jada, vi er vakne. Begge to. Ikkje i dvale. Det kan berre verke som vi har gått i hi av og til.

Etter ei veke i fullstendig fråver av både nett og skulearbeid, har eg idag kasta meg rundt og fått gjort ei heil oppgåve på under tre timar! Og den skal ikkje ein gong vere ferdig før fredag!

Eg har dessutan eit temperaturproblem. Fordi mi kjære Bergansjakke lak som ei sil, og eg ikkje har fått tilbake ei ny ei frå butikken endå, har eg for tida tre jakker å velge mellom: ei dunjakke, ei boblejakke og ei trang, tynn regnjakke, som ikkje er bereikna for denne årstid. Veiret i Bergen er for tida mildt (6 - 8 grader) med sur vind og nedbør i tette byger.

Dette vil seie at eg anten går rundt altfor altfor varm eller altfor altfor kald. Irriterande? Ja, meir enn du kunne ane!

Som om ikkje dette verdsproblemet var stort nok, har eg gått rundt med DENNE songen på hjerna i heile dag. Skal eg fyst plagast med det, skal jammen meg fleire gjere det og! Sikkert fordi den er så gamal, hadde Youtube gjort den utilgjengeleg for å poste direkte. Irriterande? Ja, meir enn du kunne ane!

Oppdatering: YouTube har bestemt seg for å gjere den tilgjengeleg likevel. Takkar og bukkar.



Ein kopp te? Ja takk!