30.11.2008

Advent!

Og så var det plutseleg fyrste søndag i advent! Og eg har tent berre den eine av mine to te-lysestakar, i mangel på ein firearma ein.




Eg har omsider skjønt at jula dermed nærmar seg. Difor var eg laurdag i sentrum for å gjere unna noko av julegåvemaset. I det eg kom til sentrum kom eg i hug kvifor eg ikkje plar gå i sentrum på laurdagar, men alltid handlar måndag føremiddag i staden. Kan hende eg er rar, men eg tykker det er kjipt å GÅ i kø. Men eg fekk iallefall tak i julestjerne til adventkollektivet.



Adventstid betyr jo og sjølvsagt julekalendar, og ikkje berre TV2 sin. Pakkekalendar er i år innført i kollektivet, eg er ferdig med tre av fem pakkar, og eg undrast spent på kven som får årets ultimate varaordførar-i-Eid-Kjell-Magne-Åshamar-pakke. (Vil berre nemne at innhald og uthald er uavhengig av kvarandre.)




BK har teke ansvar, og for å utvide horisonten og den samla iq-en til kollektivet, har vi fått oss eit etter-finanskrisa-oppdatert europakart. (Legg merke til Ikea i aust.)



Til neste eksamen har eg kun ei bok å lese. Ei ny oppleving! I tillegg er det samanfallande pensum med den eksamenen eg nett har hatt. Difor trur eg kanskje dagens lesetime fell ut til fordel for ski på tv og pannekaker til middag.


PS: Og til dei som måtte lure, :bente er framleis i live! Iallefall i følge mine siste oppdateringar.

28.11.2008

Dagens fredag

Middagen er fortært (Fjordland bør forresten byrje å merke pakningane sine med at maten inneheld 79% salt), brøda er steikte, oppvasken tatt, det er Fragglene på Barne- TV, referatet frå dagens møte er skrive og halvparten av årets eksamenar er unnagjorde.

I morgon er det laurdag. Det betyr dobbel mocca, Dagbladet med Magasinet og mykje radio, i tillegg til mogleg sosialt- kreativt samvære med A. Filofaxen neste veke viser passeleg fullt program, og eg trur Bergansjakka mi er tett igjen.

Dersom din dag er meir prega av vinterdepresjon og kulde enn kva min kveld er, ta ein titt på denne og kom i godt humør!




Ryktene seier at denne filmen kjem til å ligge under juletreet til ein halv million nordmenn i år. Eg kryssar fingre for at eg blir ein av dei. Makan til vinterdepresjonsblåsar skal du leite lenge etter!

Skraphaugen har talt! Igjen.

26.11.2008

Gratulerer...

...til bror C som har bursdag idag!! *hurra!*

...til bror H og BE som fekk ein store og svære son i går kveld!

...til C og T som dermed fekk ein bror!

...til TJ med forlenga konsesjon!

...til NoSp 103 som er ferdig med eksamen, men som i denne augneblinken har NoLi 103-eksamen!

...til meg sjølv som har klart å gå heilt til dagen før eksamen utan å få nervesamanbrot.

25.11.2008

Sidan sist

Det blir sjeldnare og sjeldnare mellom kvar oppdatering. Vi skjemst. Ein liten bildespesial om kva som har hendt sidan sist som eit plaster på såret.



Det snør i Bergen, og mot alle odds har den blitt liggande. Gata vår treng "fare for påkøyring av akebrett"-skilt.



Herrenes tale gjekk langt over mine forventningar. Drømmemannideal-plansjen heng no signert på veggen hos julebordvert H.



Vi leikar ikkje pynting.



Med gode, gamle vener går det kjapt å plukke opp gamle dansetakter.



Kvardagen kallar. Gårsdagens syntakstime. Hurra.


Med andre ord: snøfall, glatte vegar, minusgrader, julebord, gamle vener, nye vener, dagen derpå, smågodt, kafé, pensum og to dagar til eksamen. Ei gjennomsnittleg veke, eigentleg.

Dagens konkurranse: Kva skal :janne gjere på idag? Premie i posten til den fyrste som legg igjen rett svar i kommentarfeltet. Eller, premie til ALLE som legg igjen kommentar i kommentarfeltet. Trur ikkje eg kjem til å blakke meg på premiar, akkurat.

22.11.2008

Småbarnsmor og laurdag..

Laurdagen er ikkje nådig.....
Eg var i seng kl 00.00
Jonas og Julie vakna presis kl 7
Klarte jo nesten ikkje å åpne augene

Men men, no er kl 8.30
Det er fyr i omnen
Julie glugga på barne-tv
Jonas søve i vugga

Ute er det begynt å bli lyst
Himmelen har månge farga
og INGEN skye

Ikkje sikkert laurdajen blir så galen alikavel!

18.11.2008

Pust inn. Pust ut. Gjenta ved behov.

Og plutseleg var vi komne til den 18.! Skremande!

Skremande fordi:

* det er 10 dagar igjen til eksamen
* det er 5 veker igjen til julaftan
* det er 3 dagar til oppgåveinnlevering
* eg har glatt hoppa over 6 lesedagar på min heim-å-stikke-fingeren-i-jorda-opp-til-albogen-ferie, noko som eg no ser (jf pkt 1) ikkje kjem til å slå heldig ut
* det er 4 dagar til eg skal holde ei herrenes tale som eg ikkje har skrive endå
* eg veit at eg ikkje kjem til å utnytte dei 10 dagane fram til eksamen slik eg burde

Lister verkar alltid beroligande på meg i stressande og skremande tider. Difor, her er :janne sin to-do-liste dei neste ti dagane:

* lese indre og ytre språkhistorie, morfologi, syntaks, fonologi og norrønt og helst kunne det utanat
* skrive og levere ei semesteroppgåve før fredag
* skrive ei herrenes tale og oppføre meg ikkje-nevrotisk på eit julebord
* kontrollere eksamenspanikken
* opprettholde ein normal psykisk balanse (ser den kjem til å bli tricky)
* gå på 4 forelesingar
* sove, ete, dusje (dette punktet kan evt. sløyfast)

Endå har eg ikkje teke med i vurderinga at mi kjære maskin (hjerte) oppfører seg nett slik ho gjorde før eg sende ho vekk på ein fire vekers helsefarm hos midtre nordfjord sin beste (?) datadoktor. Gunstig? Nei. (Veit kvar han bur.)

Eit anna aspekt som eg ser no, er at lister ikkje verkar beroligande på meg lenger. Crap...

07.11.2008

Skraphaugen har talt!

Utsett aldri til seinare idag det du kan utsette til i morgon.

God frædda'!

05.11.2008

Onsdag - lisjelaurdag

Lisje laurdag - er det noko å skryte av?
Det er midtveis i arbeidsveka ja, men eg syns lisjelaurdagen kjem oftare og oftare eg....

Når vi va små, ja då ja, DÅ va det LENGE mellom kvar lisjelaurdag. I voksnare tid føle eg at lisjelaurdagen kjem snikande inn på deg alt søndag. Der ligge den å lure og er klar til angrep når tirsdagen sleppe taket. Når lisjelaurdagen ENDELIG er over..... så er søndagen der snart - og lisjelaurdagen snikande igjen!

Er ikkje veldig fan av lisjelaurdagen eg.....

02.11.2008

Søndag

Akkurat no...


...er eg: trøtt etter gårsdagens koselege ost- og vinkveld hos H og KR
...har eg: fått i meg dagens mocca og vitaminpilledunge
...gjer eg: oppgåve i ordhistorie, vaskar kle og ser på regnet
...les eg: nynorsk etymologisk ordbok, språkhistorie og Balansekunst - Rohinton Mistry
...høyrer eg på: P1, P2 og P3, sidan mi kjære maskin med min kjære iTunes er på helsereise
...vil eg: heim, at Bergansjakka mi skal bli tett igjen, at nokon skal lage middag til meg og at ei bølge av arbeidslyst skal overmanne meg
...likar eg: at gullet OMSIDER kom der det skulle!
...likar eg ikkje: at brannane i Sandviken ikkje ser ut til å gje seg
...lurer eg på: om lobotomering er eit krav for å få lov å vere med i "Ungkaren", og om Tide Bussar gjev sjåførane sine lov til å køyre ruta akurat når det passar dei
...fun fact: eg har spelt i ein prisbelønna homsefilm!

Og som vi alle veit, kredden går som vanleg hit.