20.01.2008

Ingen over, men ...

.


I går var eg på konsert med denne gjengen. Iallefall føltes det sann. Ashbury Park brukte dei siste to timane av gårsdagen til å gje blodfans og dei som no er blodfans av The Boss ei grunnvollsristande konsertoppleving.


Ein full sal kokte frå fyrste stund over gjengen som hedrar sjefen på ein meget bra måte. Blodfansen klappa, song og dansa i midtgongen, og framme på høgre ving kunne ein sjå den same takksemda som når eit visst gull kom den rette vegen tidlegare i haust. Smilet mitt gjekk heilt rundt i mange timar etterpå. Konsert skulle vore given på blå resept.


Eit dyktig band viste ekte kjærleik og speleglede over musikken til ein stor helt, og nådde nesten heilt opp til energien som sjefen sjøl med gjeng viser på konsert. For heilt opp når jo ingen.


Det er ingen over The Boss. Men etter i går er der nokon på sida. Måtte dei aldri slutte.

Ingen kommentarer: