20.10.2008

Mandag

Bergansveir i Bergen

Lunsj (inne)
Nytt inventar i bokhylla


Dagens veir førte til gjennomvått Bergansantrekk, som no er vaska og (forhåpentlegvis) impregnert i tørketrommel.

Elles kan kvardagslivet melde om at etter lengre tids vurdering må innsjå at mine planlagde 50 studiepoeng denne hausten vart litt for mykje å bite over. Difor må eg fint godta ein reduksjon til 35 studiepoeng, der litteraturen må vente til våren, medan språket får hovudprio før jul.

Og sidan litteraturen på senga no ikkje lenger er bestemt av pensumlista til NoLi 208, kan eg fram til nyåret lese nett det som fell meg inn. Til dømes debutboka til Erlend frå Nordisk, diktsamlinga Harudes, som eg etter kort gjennomlesing seier meg mektig imponert over!

Bergen er dessutan ein herleg by å vere blaa i idag!

Ingen kommentarer: