... men aldri heilt! To små jenter som har ei historie i lag. Dei reia og reia heilt til ein STOR og STYGG skapning holdt på å drepe dei! Etter dette har dei hatt eit behov for å skravle. Om dette og mange andre ting!
12.10.2009
Hausten gjer meg ......
08.10.2009
06.10.2009
Reklame
Det er ikkje berre eg og :janne som blogga; Julia ei god veninnde av meg er slått seg på husmor-bloggbølga, nåke eg finne vanvitti arti. Velkomen i klubben!
Nåken starta, andre slutta.
Eg skal og reklamere litt for Spotify ( Ja!! er kanskje litt etter andre...) men for meg er det GENIALT på jobb og ein heilt ny oppdagelse. Kan virkelig anbefale.
30.09.2009
Bildetørke

Bilder av haustmotiv må til, ettersom det ikkje var lov å ta bilde på konserten med Solveig Slettahjell på fredag, som eg var på med gode, gamle S. Bileta frå laurdagens hurratur ilag med gode vener av mi gode vennine A kan heller ikkje brukast, sidan dei ikkje er av ein slik karakter at dei tåler publisering.
Men alt i alt har eg hatt ei veldig fin helg, der det sosiale tok all tid, og det faglege vart skvisa ut av programmet til fordel for søvn. Dette førte til sprenglesing av pensum, ignorering av obligatoriske oppgåver og det faktum at eg har skrive tidenes dårlegaste samfunnsfagsstatistikkoppgåve (noko som ser ut til å bry meg faretrugande lite...).
For i morgon er planen å lure trafikkorken på Danmarksplass, og snike seg med ein buss som tek meg til ein anna buss som skal ta meg heim! Det gjenstår å sjå om min slue plan let seg setje ut i live, sidan dei fleste av faktorane er utanfor min kontroll (avslutting av forelesing før tida, lite kork i trafikken, bussar som er i rute, bagasjeoppbevaringar som er ledige osv.). Men vi kryssar fingre og håpar på godt ver.
Før den tid har eg tenkt å pakke snippøskja, prøve å få med meg denne dokumentaren og gjere anna førefellande arbeid som ikkje kan vente til årets potetferie er over. Håpar at :bente held fortet til eg er tilbake, for eg veit av erfaring at blogging ofte blir vekkprioritert lenger oppe på vestlandet.
PS: I går såg eg årets fyrste julemenn i butikken. Dersom nokon veit kvar organisasjonen "Gje oss jula tilbake" befinn seg hen, venlegst send dei i mi retning so eg kan få skrive under med alle dei falske namn eg kan kome på.
29.09.2009
Tankevekkar
På dette grunnlag oppfordra eg alle lesara av bloggen, kjende som ukjende, om å ta hensyn no når hausten og vinteren snike seg inn på oss! Legg på vinterdekk, senk farten og ver ekstra oppmerksomme no når alle stormane og vintermørke kjem!
Vi har jo egentlig ingen fleire å miste!
25.09.2009
:haust

...med varm mocca og regnet piskande på ruta, til dette bordet...
...der det einaste som ventar er ei grå utsikt og ei halvferdig statistikkoppgåve, so seier det seg sjølv at starten på morgonen blir litt hard. Når ein i tillegg oppdagar at den einaste tabellen ein treng for å skrive den forhatte oppgåva ikkje er blant dei 15 tabellane ein laga på eit dyrt program på ei skulemaskin i går, då blir føremiddagen rett og slett hard. Det er kjipt at når arbeidslysta for ein gongs skuld ikkje finn indre motstand, so skal den stange mot ytre.
Det er i slike augneblinkar ein må leite opp positiviteten, skrive alt ein kan utan tabell, gå ein lang tur og samstundes stikke innom det fine biblioteket og plukke opp pensumet til tysdagens doble historieforelesing om Afrika si historie, plukke opp kvelden jazzkonsertbillettar på veg heim og ta middagen ut av frysaren.
La det regne. Eg har paraply og gode vener.
Ha ei fin helg.
24.09.2009
Ikea
Husk dette neste gong, born!

Dette er kun E sine varer. Greit å ha bil.
Ein anna årsak til at eg er verdas beste ikea-selskap, er at eg tek ansvar for stemninga. Difor hadde eg denne gongen med nylaga quiz , beståande av 16 ikea- eller meg-sjølv-relaterte spørsmål, av varierande vanskegrad, i tillegg til nokre lurespørsmål. Responsen var 67 % positiv, men endra seg til 100 % då det vart utropt premie både til 1. plassen (I med 7 poeng) og til den delte 2.plassen (M og E, 6 poeng).
Mitt siste tilskot til hushaldninga er denne skittentøyskorga, som ikkje er vanskeleg å montere, men som burde kome med risiko-for-høg-støy-merking. Ikkje noko kveldsarbeid.

Ein heilaften på Ikea innebær at ein ikkje får gjort alt det andre ein skulle ha gjort. Difor må denne posten, skriven på morgonen, vente til kvelden men å bli publisert, fordi eg må gjere førebredelsane til innlegget vi skal halde på forelesninga idag.
(Red. anm: Eg rakk ikkje ein gong å gjere forbredingane før eg plutseleg måtte spurte til bussen. Ja, bokstaveleg talt spurte. )
22.09.2009
21.09.2009
Ny utfordring til :janne!
:janne, du skal stadfeste dagen din med tekst og bilder.
Du kan velge kva dag du vil i veka, men må vere på ein kvardag.
Det skal takast bilde minst ein gong annakvar time, mellom kl 9 og 19.
Altso f.eks. klokkesletta 9 - 11 - 13 - 15 - 17 - 19.
Lukke til!
19.09.2009
iTunes > Spilleliste > september
Baby, I'm a Fool - Melody Garlot
A Dustland Fairytale - The Killers
Don't It Make My Brown Eyes Blue - Crystal Gayle
Rock' n' Roll - Eric Hutchinson
Drømmehesten - Kirsten Bråten Berg
Dominos - The Big Pink
Red - Daniel Merriweather
A Bar in Amsterdam - Katzenjammer
Guten og Folen - Odd Nordstoga
Lovers in Japan/ Reign of Love - Coldplay
Her Morning Elegance - Oren Lavie
Ein variert miks for september, med gamle og nye klassikarar, og med meir eller mindre gode videoar.
God laurdag!







