25.09.2009

:haust

Når ein må gå frå eit slikt lunt haust -frukostbord...



...med varm mocca og regnet piskande på ruta, til dette bordet...

...der det einaste som ventar er ei grå utsikt og ei halvferdig statistikkoppgåve, so seier det seg sjølv at starten på morgonen blir litt hard.



Når ein i tillegg oppdagar at den einaste tabellen ein treng for å skrive den forhatte oppgåva ikkje er blant dei 15 tabellane ein laga på eit dyrt program på ei skulemaskin i går, då blir føremiddagen rett og slett hard. Det er kjipt at når arbeidslysta for ein gongs skuld ikkje finn indre motstand, so skal den stange mot ytre.


Det er i slike augneblinkar ein må leite opp positiviteten, skrive alt ein kan utan tabell, gå ein lang tur og samstundes stikke innom det fine biblioteket og plukke opp pensumet til tysdagens doble historieforelesing om Afrika si historie, plukke opp kvelden jazzkonsertbillettar på veg heim og ta middagen ut av frysaren.


La det regne. Eg har paraply og gode vener.


Ha ei fin helg.


PS: dersom nokon skulle sakne MoteBloggen, so kan de i nederste kant av det siste bildet sjå ei bukse eg har brukt denne veka.

Ingen kommentarer: