21.03.2009

Veskesnap(shot)ing

Då eg las at TrønderJanne hadde rydda veska si, tenkte eg at det hadde jammen ikkje vore so dumt om eg gjorde det heller, tatt i betraktning at eg brukar over gjennomsnittleg lang tid kvar gong eg skal grave fram noko frå botnen. Difor tømde eg veskene utover golvet, børsta vekk den verste driten og tok bilde av resten av driten.

Eg er i utgongspunktet ikkje so veldig glad i vesker. Difor har eg heller ikkje så mange. Eg har to. Som eg brukar iallfall...Den eine er veldig god, og blir brukt ofte. Den andre er ikkje så god, men mykje finare enn den fyrste. Den blir ikkje brukt so veldig ofte, oftast når eg skal sitte på buss eller tog i lang tid.

Veske nr. 1: Den mest brukte veska:


Her fann eg: mat, vatn, hanskar, eit måleband frå ikea, eit ukjent antal blyantar frå ikea, tome nisteposar, ein penn, fem kvitteringar, eit halvfullt buss/tog/trikk-verdikort frå Oslo, sjokoladepapir, ein vaskeserviett frå T.G.I, kronestykker, ei klemme, to lause extra, ein flatklemt øskje Extra, papirlommetørkle (ubrukte), papirlommetørkle (ikkje så ubrukte), nistemellomleggspapir, ein papirpose frå Accessorice og ei brosjyre frå SiB. I tillegg bør denne veska innehalde meir niste, lommebok, lyklar og telefon, i tillegg til dagens nødvendige bøker. Hadde eg kjeme i hug og ta bilde av veska i tillegg, hadde de sett at den er ikkje overvettes stor. Eg kan forstå om de ikkje trur meg på denne...

Veske nr. 2: Den fine, men veldig-låk-å-bære-veska:

Her fann eg dette: to D2-magasin, eit svensk (!)interiørblad, to kvitteringar, ein refleks frå opera Nordfjord, ullsokkar, ein deodorant, to pakkar papirlommetørkle, to øskjer Dent, Otrivin, eit iPod-futteral, iPod-øyrepropper, ei øskje Extra, sjokoladepapir og generelt boss. Denne veska var ikkje så full, til trass for at denne veska er mykje større enn den fyrste...

Etter denne "ta ein kik inn i mitt liv"- snapshoten måtte eg springe for å rekke dagens duntar. Dette førte til at livet i veskene blei liggande på golvet til eg skulle legge meg. Då var eg så trøytt at eg ikkje gadd å gjere noko anna med det enn å hive alt opp i sine respektive vesker igjen... Men smulane og småsanden på botnen er iallfall vekk!


5 kommentarer:

:bente sa...

Ein blyant for kvar gong du ha vore på IKEA?

Anonym sa...

Du! Kor er kondomane? Det er ikkje vits i aa kun ha dei i ein vase paa stovebordet. Daa faar dei ikkje gjort nytte for seg skjoennar du.

Eg skal ta ein naturfagtime med deg naar vi atter ein gong moetast igjen. Maa berre repetere det kapittelet sjoelv fyst.

Paa sida: Eg skjoennar ikkje at du gidd aa gjere deg til tjuv over Ikea sine blyantar. Dei er jo ubrukelig korte.

Unknown sa...

:bente: det er vel heller eit knippe kvar gong eg har vore på ikea...

snabelsaker: kjekt å sjå at du framleis ikkje er kidnappa av narkobaronane!:) når det gjeld kondomane, føl eg alltid DITT lure tips, om å oppbevare dei PÅ meg og ikkje i veska...vesker kan jo trass alt mistast i løpet av ein kveld. Dette veit du. Og repetere kapittelet...? Er du bytta ut med ein båt allereie...?? ;)

Anonym sa...

Der slo du spikaren paa haudet, Hjelle. For aa komme med eit godt snekkaruttrykk. Hmm, maa vel laere meg nokre liknande seglar/kaptein-uttrykk no. Hjelp?

Godt aa hoeyre at du tar laerdom fraa ein ringrev som meg. Vesker er til for aa rotast vekk, mens buksa beheld du gjerne paa til festen er over.

janne i trykken sa...

Glimrande veskeinnlegg! Særs underhaldande. I ein krisesituasjon der ein må leve utelukkande på innhaldet i veska, innser eg at eg hadde kome til å døy før deg *host* (: Du er tross alt budd på ein kvar situasjon.