15.03.2009

Ein skulle tru...

Ein skulle tru at folk i Noreg sin mest regntunge by tok betre vare på paraplyane sine enn folk flest. Dette stemmer ikkje. På regnveirsdagar er samtlige av byen sine bosbytter FULLE av øydelagde paraplyar, som har enda sine dagar halvvegs forsøkt stukke inn i byen sine mange bosbytter.

Ein skulle tru at alle i Bergen til ei kvar tid har ein paraply i veska. Dette stemmer ikkje. Bergensarar må lide av ein svært selektiv hukommelse. Eit stort og variert utval av bruksting blir brukt som skjold mot den til stadig overraskande væta. Så dersom du ser nokon springe etter bussen med ei avis, ei veske, ein pose full av matvarer eller ein barnehageunge over hovudet, så er det mest sannsynleg ikkje ein psykriatisk person, men ein bergensar. Dei skal ha pluss for den miljøvennlige fleirbruksideen, då.

Ein skulle tru at bergensarar visste å kle seg etter regnveiret. Dette stemmer ikkje. Som innbarka vestlending har eg for vane og dra på meg full Bergans-habitt og vanntette støvlar opp til knes når himmelen åpnar sine sluser. Dette slutta eg raskt med, då eg var den einaste i byn som praktiserte dette. Regnveirsantrekk for ein bergensar er enkelt og greit eit finveirsantrekk med ei hette over hovudet, eventuelt ein bruksting. (Paraplyen ligg jo ødelagd i eit bosspann i eit busskur.)

Ein skulle tru at alle bergensarar gikk rundt våte og klamme heile dagen på regnveirsdagar. Dette stemmer (tydelegvis) ikkje. Når ein bergensar hoppar inn på bussen etter ei kort springeøkt, med kolonialposen over hovudet, ristar dei berre litt på føtene, omtrent slik som kattane gjer etter å ha dumpa borti ei søyle, og så er dei like tørre og friske som dei såg ut når dei gjekk heimanifrå. Folk frå andre stadar, til dømes Nordfjord, ser ikkje ut til å ha denne evna.

Ein skulle tru at alle bergensarar eig minst eitt par gummistøvlar. Dette stemmer.

Ein skulle tru at alle bergensarar konstant gjekk rundt og var sure på grunn av dårleg veir, dårleg kvalitet på paraplyar, manglande regntett antrekk og våte sokkar. Dette stemmer ikkje.

Det skulle ein jammen meg ikkje tru!

1 kommentar:

Anonym sa...

hahaha! Nei du, det skulle en jammen meg ikkje tru! Eg gir meg ende over